Framsida
MENY
Dagens bilde
Tru om eg skal bada i dag?
Meiningsmåling
Formannskapet skal snart diskutera ferjesambandet mellom Kvinnherad og Stord. Kva meiner du er det beste alternativet?
Ranavik – Skjersholmane
Ranavik – Djupavika
Ranavik – Kverneneset
Ranavik – Jektevik
Ranavik – Huglo/Tysnes
Sunde – Skjersholmane
Sunde – Djupavika
Sunde – Kverneneset
Sunde – Jektevik
Sunde – Huglo/Tysnes
Er usikker
 
 
Sjå resultat
Søk
 
REDAKSJON (DA):
epost
 
Kristian Hus
Tlf. 995 20 864
 
Magne Fitjar
Tlf. 957 86 240
 
Dag Remme (video)
Tlf. 901 60 685 
 
 
GRAFISK DESIGN:
Multipleks
 
TEKNISK UTVIKLING:
iDrift AS
Linkar
 

Komite for næring og samferdsle i Kvinnherad:
– Skrinlegg alle planar om nye ferjestø!
Ole Torbjørn Holmedal vil ikkje ha diskusjon om Sunde eller andre stader på fastlandssida før Kyststamvegen over Tysnes nærmar seg. (Foto: Kristian Hus)
Halvanna veke før formannskapa i Kvinnherad og Stord skal ha sammøte om nytt ferjestø i Djupavika på Stord, kjem Komité for næring og samferdsle med eit heller oppsiktsvekkjande forslag: Legg vekk alle planar om nye ferjestø i begge kommunar, og sats heller mellombels på betre og raskare ferjer mellom Ranavik og Skjersholmane medan vi ventar på Kyststamvegen over Tysnes. I god tid før han kjem, kan ein tenkja på nytt ferjestø på Kvinnheradsida, meiner komiteen.

27.01.2012 17:18
Ingen over – ingen ved sida:
Både fellings- og norgesrekord i Kvinnherad i fjor
Kvinnherad har norgesrekord i talet på skotne hjort. (Foto: Geir Remme)
Det vart i 2011, som året før, sett ny fellingsrekord for hjort i Kvinnherad. Den nye rekorden er på 1250 dyr, ein auke på fem dyr frå 2010. I tillegg vart det skote 16 rådyr, som det vart lov å fella for første gang i fjor.

 

– Ingen over, ingen ved sida, seier skogbrukssjef Terje Natland om det han meiner er norgesrekord.

27.01.2012 10:15
Bokinspirator til Kvinnherad neste veke
– Energi og begeistring, er mine våpen, seier Liv Gade. (Pressefoto)
Liv Gade har arbeidd som bokinspirator i 10 år. Ho reiser rundt i heile landet, og jamvel i utlandet for å inspirera og motivera små og store til å lesa. Onsdag 1. februar kjem ho til Kvinnherad. Her skal ho møta elevane i ungdomsskulane på Halsnøy og i Rosendal, og vera på Kvinnherad bibliotek om kvelden.
26.01.2012 19:21
Framleis snøggbåt Sunnhordland – Bergen:
Fylkesutvalet sa nei til reduksjonar
Kvinnheringane reeiste seg til kamp – og vann. (Foto: Kristian Hus)
Fleire tusen kvinnheringar og andre sunnhordlendingar reiste seg til kamp mot fylkes-rådmannen sitt forslag om å redusera snøggbåtrutene mellom Bergen og Sunnhordland, og no er saka avgjort: Rutene skal i hovudsak vidareførast etter dagens opplegg. Det har fylkes-utvalet i Hordaland vedteke i dag – samrøystes.
Den massive motstanden frå innbyggjarar og lokalpolitikarar gjorde truleg sitt til at Sunnhordlandsruta overlevde den endelege behandlinga i Fylkesutvalet, skriv Haugesunds Avis. Fylkesordførar Tom–Christer Nilsen (H) stadfester dette, og seier at det store engasjementet var med på å gjera politikarane tryggare på at det var ei rett avgjersle å behalda ruta.

 
26.01.2012 18:44
Møtet om Rosendalstunet – ei sjokkoppleving:
– Nokre få prøver å skapa misnøye!
Kjell Yri meiner nokre få personar i Rosendal prøver å skapa misnøye. (Arkivfoto)
– Kva i all verda er det som har skjedd med rosendelingane? undrar kommunepolitikar Kjell Yri (V) seg over i eit lesarbrev i dag. Han skildrar folkemøtet om Rosendalstunet tysdag nærast som ei sjokkoppleving, og meiner at nokre få personar – med vilje – prøver å skapa misnøye.

 

– Det vert på ein måte ein massesuggesjon ein ikkje greier å stansa, seier uskedelingen.

 


26.01.2012 13:13
– Ferje til Jektevik bør bli permanent!
Ferjestø-debatten blussar opp igjen, og fleire talsmenn held framleis på Sunde – Jektevik som det beste alternativet. (Kart: Håkon Røstbø)
– Du verda! utbryt ein aldri så lite overraska kommunepolitikar Håkon Røstbø (Ap) etter at han i går kunne lesa på HusnesNett om problema i ferjesambandet mot Stord, og at den eine ferja var omdirigert til Jektevik. Skal tru om Norled merka seg kritikken frå dei reisande sist selskapet var oppe i ein slik situasjon, og problema dei hadde då med å halda rutetidene mellom Ranavik og Skjersholmane? undrast Røstbø.
26.01.2012 00:03
Asle Sund leiar i Kvinnherad veteranlag
Asle Sund er valt til leiar i veteranlaget i Kvinnherad. (Arkivfoto: Kristian Hus)
Med president Odd Helge Olsen som gjest vart det i går kveld halde konstituerande årsmøte for eit veteranlag i Kvinnherad. Asle Sund frå Husnes vart valt til leiar. Sjølv om berre sju personar møtte fram til stiftingsmøtet i Uskedalen, var presidenten likevel optimist. Han minna om at organisasjonen Norges Veteranforbund for internasjonale operasjoner (NVIO) for tida har vind i segla.
25.01.2012 13:03
Problem (igjen): Ei ferje går Ranavik – Jektevik
Eit ikkje ukjent syn på Ranavik. No er det rute 1 som er innstilt. (Arkivfoto: Kristian Hus)
Ferjeselskapet Norled (tidlegare Tide Sjø) har i føremiddag sendt ut denne meldinga om ferja mellom Ranavik og Skjersholmane:

 

– På grunn av at ''Høgsfjord'' har redusert motoreffekt, og i tillegg til tiltakande dårleg vêr, blir rute 1 innstilt. Ferja vil i staden segla mellom Jektevik og Ranavik. Det blir ingen forutsigbare rutetider og vi oppmodar trafikkantane om å kontakta ''Høgsfjord'' på telefon 915 53 643.
 
25.01.2012 11:05
No viser nybygget godt att i sentrum
Arbeidet med kulturskulesenteret på Husnes går for fullt, og no er det verkeleg begynt å visa godt att i terrenget. Planen er at det skal opnast tidleg på nyåret neste år, om det ikkje oppstår ytterlegare forseinkingar. Per i dag ligg prosjektet sju veker etter framdriftsplanen.
Kulturskulesenteret er kalkulert til tett på 59 millionar kroner og av dette skal Kvinnherad kommune dekka 25,5 millionar. Vel 33 millionar, og kanskje meir, blir såleis dekka av andre. (Tekst/foto: Kristian Hus)
 
25.01.2012 10:14
Større trafikk over Opsangervegen:
Men ingen konkrete planar om fotgjengarfelt – no
Her kjem trafikken til å auka betydeleg frå 1. mars. Men gangfelt blir det neppe i første omgang. (Foto: Kristian Hus)
Om vel ein månad er det slutt på ''post i butikk'' i storsenteret på Husnes. Då skal den nyopna Rimi-butikken ved Statoil overta denne tenesta for Posten Norge AS. Det vil føra til auka trafikk, spesielt av mjuke trafikkantar, og mange spør seg alt no om det er planar om gangfelt over Opsangervegen på grunn av dette.

 

– Nei, ikkje i denne omgang, svarar Tekniske tenester i Kvinnherad kommune.

24.01.2012 12:38
Ny drøfting om alt for langt ferjesamband
23.01.2012 14:57
Spesiell dag på Dønhaug i Uskedalen:
Konsert, ølbryggjing og TV-opptak
23.01.2012 13:12
Myrmenn i Kvinnherad òg
23.01.2012 10:32
40 volleyballag i aksjon på Husnes og Sunde
22.01.2012 23:21
Vakker turdag i låglandet
22.01.2012 15:15
 

Klar til kamp for Ølve og Varaldsøy
Folk i Ølve og på Varaldsøy reiser seg til kamp for å behalda aldersheimane sine. Det kom tydeleg fram på folkemøtet i eit fullsett samfunnshus i Rosendal tysdag kveld.
– Det kjennest tungt å ha dette hengjande over seg, sa Hans Storedale (til venstre på bildet) blant anna, medan Steinar Bjørkelund var skuffa over det administrasjonen og politikarane har lagt opp til.
– Prøv å finn andre løysingar enn å leggja ned på nordsida for å finansiera drifta av det nye Rosendalstunet, var hans oppmoding.
I intervju med HusnesNett etter møtet beklagar begge to at det no ser ut til å bli ein kamp mellom utkantane på nordsida og Rosendal. Men det er det ikkje, slår dei to kamplystne ølvisane fast.

 

Intervju/redigering/foto: Kristian Hus

Publisert 24.01.12 kl 21.46.


Gledde seg over nytt ferjeutspel
– Heilt fantastisk! Det sa Per Henrik Opdal til HusnesNett i desember 2010 etter at Harry Herstad hadde kome med nye tankar om sambandet mellom Kvinnherad og Stord. Ferje frå Sunde til Huglo eller Laukhammar på Skorpo og bru over Langenuen, er det mest realistiske no, sa den engasjerte sundebuen den gongen. Han meinte det var på tide at politikarane i Kvinnherad vakna opp og set i gang prosessen for eit famtidsretta samferdsleprosjekt mot E39.
For fleire år sidan sende Opdal eit personleg brev til alle politikarane på Stord om å følgja opp desse tankane, i staden for å byggja nytt ferjestø.
 
Intervju og redigering: Kristian Hus
Foto: Magne Fitjar

 

(2. gangs publisering: 23.01.12)

 


– Fylkesrådmannen er ein rolpekopp!
Fylkesrådmannen sitt forslag om å fjerna snøggbåtrutene i Sunnhordland vekkjer både harme og undring i heile regionen. På Facebook går diskusjonane høgare enn nokon gong der folk i kvasse ordelag seier kva dei meiner.
– Fylkesrådmannen er ein rolpekopp, seier Arne Torget mellom anna i eit dikt han har skrive om saka.

 

Intervju/redigering/foto:
Kristian Hus

Publisert 14.01.12.

 


Stemningsfull musikk
Besach er tittelen på denne stemningsfulle melodien Andreas Skjellevik Bjørsvik (til venstre på bildet) og Eirik Myhre Brakestad på Valen har komponert. Dei har begge fått undervisning i klassisk gitar i Kvinnherad Kulturskule.

Ungt songtalent imponerte
10 år gamle Ingeborg Tofte Grønseth frå Høylandsbygd begeistra ei fullsett Kvinnherad kyrkje i adventstida, då ho fekk syngja i lag med Helene Bøksle under julekonserten. Tilsynelatande uberørt av dei mange hundre tilhøyrarane sto det unge songtalentet fram i koren i ''Kvinnhersdomen'' og framførte Sonjas sang til julestjernen, som om ho aldri hadde gjort noko anna.

 

Klikk her

Gåve til Valestiftinga sikra fullfinansiering
– Dette var svært viktig for oss. Dei seier ein glad Reidar Handeland i Valestiftinga etter at dei denne veka kunne motta ei gåve på 75.000 kroner frå SpareBank1-stiftinga Kvinnherad. Gåva er nærast prikken over i-en for eldsjelene på Valen, som for tida arbeider med å gjera ferdig eit nytt toalettanlegg attmed den gamle buo på kaien.
– Valebuo blir eit nytt samfunnshus for valebuen, seier entusiasten Reidar Handeland.

 

Telefonintervju/redigering/foto:
Kristian Hus.


Publisert 09.12.11.

– Den gode samtalen er aller viktigast
– Tale er gull, sa språkprofessor Sylfest Lomheim i Kvinnherad Senioruniversitet på Rosendal Fjordhotell i føremiddag. Han trekte fram at den gode samtalen har vore viktig for menneska i fleire hundre tusen år, og at vi ikkje plutseleg kan endra på dette, sjølv om vi har fått internettet.
Lomheim brukte mykje av tida si til å retta ein peikefinger mot det han kalla den ustyrlege utviklinga av til dømes sosiale medier. Det er den fysiske kontakten mellom menneska som er det aller viktigaste, sa han. Skikkeleg menneskeutvikling skjer berre gjennom samtale, ikkje gjennom teknologi og på nettet, meinte Lomheim.
Den kjende språkforskaren var både glad og overvelda over å kunna få snakka til godt over hundre menneske i Kvinnherad i dag.

 

Intervju/redigering/foto: Kristian Hus
Publisert 30.11.11.
Eldre saker
21.01.2012
Godt pensjonistliv på Lanzarote
– Kva i alle dagar fyller du tida med i Syden fleire veker i strekk? er spørsmålet kjensfolk stiller meg frå tid til anna. Eg svarar som naboen min her nede, ei eldre, men svært så sprek dame på 86 år, at her kan ein gå turar utan å risikera å bryta seg sund på glattisen. For vi må no halda oss i bevegelse.

 

Leif Thuland skriv om livet som pensjonist på Lanzarote.
21.01.2012
Lions med ny loppemarknad i februar
Lions Club Kvinnherad, som har basen sin i gamleskulen i Uskedalen, hadde stor suksess med loppemarknaden sin i fjor vinter. No satsar dei på ny marknad og ny suksess, laurdag 25. februar – med innsamling av ''lopper'' ei veke tidlegare.
20.01.2012
Konferanse om SØRAL og kraftintensiv industri
Organisasjonen Lederne skal torsdag 16. februar arrangera konferanse på Husnes om energi til den kraftintensive industrien. Stortingspolitikarar, ordføraren i Kvinnherad, Statkraft og adm. direktør ved Sør-Norge Aluminium AS er blant innleiarane. Målet med konferansen er å få fokus på SØRAL sin situasjon spesielt, og annan kraftintensiv industri generelt.
20.01.2012
Snøggbåt og Guatemala i Kvinnherad Venstre
Kvinnherad Venstre skal ha sitt ordinære årsmøte i Dønhaugkjedlaren i Uskedalen i kveld, fredag. Forutan årsmøtesaker og fråsegner, skal Steinar Haugan ha innlegg om venskapssamarbeidet Kvinnherad/San Lucas Toliman i Guatemala. Han har vore i Guatemala og er aktiv i venskapsgruppa her i kommunen. Av mange hjelpetiltak vil han særleg ha fokus på ordninga med utdanningsstipend til evnerik ungdom i San Lucas Toliman. Til no har dette med stipend vore eit vellukka tiltak. Med ei årleg løyving på under kr 10.000 kan ein halda ein ungdom på høgskule i Guatemala. Utdanning er avgjerande og viktig for å skapa utvikling og endring i eit elles ustabilt samfunn.
Til årsmøtet er det elles meldt inn fråsegn om snøggbåtruta Sunnhordland – Bergen, som skal opp i Fylkesutvalet 26. januar. Møte er ope for alle interesserte, melder Venstre-leiar Kristian Bringedal.
20.01.2012
Pizzakveld for heile familien i Valen kyrkje
Komande laurdag blir det nok ein gong pizzakveld for heile familien i Valen kyrkje. Dette er eit familiearrangement retta mot alle, både unge og eldre. Det har vore fantastisk å oppleva den gode spreiinga i alder me har opplevd på desse kveldane tidlegare, med god blanding av barn, ungdom, vaksne og eldre.
Det blir ein programdel med andakt ved Oddbjørg Heimark, underhaldning og song før  pizzaen blir servert. Etterpå kan dei vaksne la praten gå, medan det blir ulike leikar, spel og aktivitetar for barna. Me spleiser på utgiftene for kvelden.

 

Ta turen og bli med dersom du har tid og lyst!

 

Jan-Ove Fagerheim
kyrkjelydssekretær
19.01.2012
Distriktstannklikken slepp å flytta
Distriktstannklinikken på Husnes held fram i dei same lokala som no. Det har formannskapet vedteke i dag. Politikarane vil samtidig ha seg førelagt ein oversikt over arealbehovet til helsestasjonen og barnevernet.
19.01.2012
Ungdomsklubbar aukar tilbodet:
Rusfri samlingsplass fire kveldar i veka
Ungdomsklubbane i Rosendal og Uskedalen legg om drifta for å gje eit breiare tilbod til ungdommane som går der. Dei to ungdomsklubbane samarbeider for å gje brukarane eit betre tilbod som rusfri samlingsplass fire kveldar i veka.