Samlingsfest i bedehuset søndag Hausten er her – og dei ulike aktivitetar er i ferd med å starta igjen etter sommar og ferie. I Husnes bedehus vil ein markera oppstart av haustsemesteret med samlingsfest førstkomande søndag, melder Arne Lindekleiv. Torstein Aarthun skal ha andakt, og den nye soknepresten Ole Kristian Due vil delta. Det blir elles song og musikk og servering av kveldsmat. Arrangørane håpar at mange vil finna vegen til Husnes bedehus denne kvelden, både frå Husnes og bygdene omkring.03.09.2010 |
|
Betre trafikkale tilhøve ved Sunde oppvekstsenter  Det er denne eigedomen ved sida av skulen rådmannen vil at kommunen skal kjøpa. (Foto: Kristian Hus) Trafikksituasjonen ved Sunde oppvekstsenter har lenge vore svært uoversikteleg. No vil kommunen gjera noko med tilhøva, blant anna ved å kjøpa ei nabotomt og bruka delar av ho til trafikkføremål. – Eit steg i rett retning, jublar verksemdleiar Einar Opdal.
03.09.2010 |
|
KRIK startar opp igjen i kveld  ''Time out'' med info og ord til ettertanke. (Foto: Jan-Ove Fagerheim) KRIK Husnes har heilt sidan 90-talet hatt samlingar i gymsalen ved Undarheim skule. På samlingane driv dei med ulike ballspel og mange artige stafettar og aktivitetar. I kveld, fredag 3. september, er det full fart igjen etter sommarferien.03.09.2010 |
|
Opningsfest ved KVV: – Ein fargerik brikke i fylket sine skuletilbod  Dei første politiske signala om utbyggjinga ved KVV kom i 2006 og då fekk eigedomssjefen i fylket ein spade og klar beskjed om at skulen var klar til å setja i gang. I dag fekk rektor Audun Bjelland spaden i retur, utan særlege merke om at han i mellomtida har vore brukt. Men ein flott skule er det likevel blitt, framheva mange under opningsfesten. (Foto: Geir Remme) • Fantastisk • Eit kjempeløft • Topp moderne • Særeigen arkitektur • Ein fargerik brikke i fylket sine skuletilbod • Ein stor dag. Superlativa sat laust då ''nye'' Kvinnherad vidaregåande skule vart opna torsdag. Både fylket sin eigedomssjef, fylkesordføraren, opplæringsdirektøren, rektoren ved skulen og ordføraren i Kvinnherad, skrytte alle over den nye og fine skulen – og arbeidet som er gjort. SJÅ VIDEO FRÅ OPNINGA PÅ NESTE SIDE
02.09.2010 |
|
Nye Noreq-kontraktar til 22 millionar – og inn på nye marknader Firmaet Noreq AS på Husnes har dei siste vekene inngått kontraktar til ein verdi av 22 millionar kroner. Svært oppløftande, seier adm. direktør Styrk Bekkenes i ei pressemelding. Kontraktane, som er dei aller første for Noreq sin del i Korea, inneber at selskapet er kome inn på heilt nye marknader.02.09.2010 |
|
Sykkel-proff skal motivera bankkundar  Dag Otto Lauritzen har ein lang sykkelkarriere bak seg. (Pressefoto) Næringslivskundar i SpareBank 1 Stord–Kvinnherad–Odda er neste onsdag inviterte til kveldsseminar i Rosendal om motivasjon, teamarbeid og kva som skal til for å lukkast. Den tidlegare sykkelproffen Dag Otto Lauritzen frå Grimstad skal vera føredragshaldar.02.09.2010 |
|
Flest 40-åringar les HusnesNett  Berre fire prosent under 20 år les HusnesNett. (Foto: Geir Remme) Folk mellom 40 og 50 år er dei ivrigaste brukarane av HusnesNett. Det viser vår uhøgtidelege meiningsmåling, som lesarane har kunna svara på i halvanna veke. Blant svara som er avgitt er meir enn 24 prosent i denne aldersgruppa.01.09.2010 |
|
Søkjer om tomt for 20 husvære på Husnes  Det omsøkte arealet ligg mellom Bogsnesvegen og gamlevegen rundt kyrkja. Trelasten AS og arkitektfirmaet LEAD Inc. AS søkjer i fellesskap om å få kjøpa ei sentral tomt på Husnes til eit nytt sentrumsnært bustadprosjekt. Planen er å byggja to bustadeiningar med om lag 10 husvære i kvar. Bustadene skal vera spesialutvikla for personar frå 60 år og oppover, som ønskjer å flytta frå heimen sin for å få ein meir lettstelt, sosial og trygg stad å bu. Høyr intervju med Gretha Rød under ''Lyden av Kvinnherad''. 01.09.2010 |
|
Satsar på Stord sjukehus  Foto: Helse Fonna. Det siste året er det investert rundt 30 millionar kroner for å sikra framtidig drift av Stord sjukehus (bildet). Det kjem m.a. kvinnheringane til gode. I dag er styra i Helse Fonna og Helse Vest samla til fellesmøte der dei store investeringane i infrastuktur, samt framtidige planar for renovering av bygg og oppgradering av medisinsk utstyr, er hovudtema.
Sjå Helse Fonna sin video med Reidun Rasmussen Mjør på neste side.
01.09.2010 |
|
Snart hjortejakt – 1513 dyr kan fellast 31.08.2010 |
|
Vellukka fotohistorisk kveld i Rødtunet 31.08.2010 |
|
Trio-jentene tapte for sterkt Askøy-lag 30.08.2010 |
|
Brislingfisket i gang – gode fangstar til no 30.08.2010 |
|
Mannskap på ''smykke'' frå krigen 30.08.2010 |
|