Framsida
MENY
Dagens bilde
Inn i kveldssola
Søk
 
REDAKSJON (DA):
epost
 
Kristian Hus
Tlf. 995 20 864
 
Magne Fitjar
Tlf. 957 86 240
 
Dag Remme (video)
Tlf. 901 60 685 
 
 
GRAFISK DESIGN:
Multipleks
 
TEKNISK UTVIKLING:
iDrift AS
Linkar

Kortvarig jubel for Trio

Det vart ein kortvarig jubel for Trio og målscorar Roger Ekeland i heimekampen mot Bergen/Nord på Husnes i dag, der første av to scoringar fann nota etter 17 minuttar. Roger Røssland klinka inn 2 – 0 berre tre minuttar seinare, og trua på tre poeng til heimelaget styrka seg betydleg blant eit 90-tals tilskodarar.

 

I andre omgang tok gjestene styringa og kampen enda uavgjort 2 – 2, i ein kamp som til tider var amper både innanfor og utanfor fotballbana.

 

Alle foto: Geir Remme/Remme Fotobyrå

Påske 2011

Lesarane sine bilder frå påskehelga 2011.

Opsangervatnet rundt 1991

For 20 år sidan var ''Opsangervatnet rundt'' eit av høgdepunkta i året for mange trimmarar. Løpet på vegen rundt vatnet var ei storhending i mange år, og heile familiar med stort og smått frå store delar av kommunen deltok.

 

Alle foto: Geir Remme/Remme Fotobyrå

Vinnarane!

Kvinnherad Handballklubb vann enkelt 48 – 22 (25 – 7 ved pause) mot eit redusert BSI på heimebane i Husneshallen i dag, søndag. Norges Håndballforbund markerte seriemesterskapet i 3. divisjon etter kampslutt, og som vi ser på lagbildet, var det god stemning siste dagen i denne divisjonen – på veg opp i andre.

 

Dagens spelarar: Linn Therese Skauge, Birgitte Hornenes Johansen, Jeanette Skatvold, Marianne Øvstebø, Marita Saghaug, Mona Øvstebø, Mariann Nymark Jensen, Karoline Dyrhol Slenes, Elise Huseklepp Børve, Anne Petersen Waage, Marte Lie Børve, Veronica Voster og Sigrid Bjelland

 

Alle Foto: Geir Remme/Remme Fotobyrå

Volleyball 1. divisjon 1991-92

I serien vår med bilete frå Kvinnherad for 20 år sidan, er vi no komne til Trio sine volleyballjenter, som spelte i 1. divisjon. Heimekampene var folkefest med fulle tribunar og brei dekking i lokalpressa. Det heile toppa seg med mange spennande kampar i ny idrettshall, ein opptur som heldt seg i fleire år tidleg på nittitalet.

 

Alle foto: Geir Remme/Remme Fotobyrå

Bokbussen 1991

Bokbussen var like populær i 1991 som no, tjue år seinare. Særleg blant barna i skulane. I dag er både buss og personale skifta ut, men Hilde Sperrevik, Aslak Mikkelsen og Agust Magnusson held seg godt, og er mest ikkje ein dag eldre sidan den gang heilt i byrjinga av nittitalet.

 

Alle foto: Geir Remme/Remme Fotobyrå

Kraftverket 1991

For 20 år sidan samlast ungdommane for å byggja musklar og trena i eit sosialt miljø på Kraftverket i gamleskulen på Husnes. Heile gjengen samla seg til fotografering utanfor, og blant mange lokalkjente fjes kan ein knapt sjå at to tiår har passert.

 

Alle foto: Geir Remme/Remme Fotobyrå

Kvinnherad Ungdomssenter 1991

HusnesNett vil med jamne mellomrom utover i året visa bilete frå Remme Fotobyrå sitt pressearkiv for 20 år sidan, den gong nokre av oss framleis hadde hår på hovudet – gjerne òg lesarbilete, viss du har noko frå den tida.

 

Først ut er ein biletserie frå Kvinnherad Ungdomssenter, der ungdomane møtes i kjellaren på Husnes Samfunnshus i eit rusfritt og sosialt miljø fem kveldar i veka.

 

Alle foto: Geir Remme/Remme Fotobyrå

Tårnagentane i Husnes kyrkje

Laurdag inviterte Husnes kyrkje til arrangementet «Tårnagentane». Kyrkja var ei av kring 600 norske kyrkjer som deltok i dette landsomfemnande arrangementet. Spente åtte-åringar fekk frie tøylar til å utforska kyrkja i symboljakt, og førebu gudstenesta for søndag. Dei fekk òg sjå klokketårnet, og spela på orgelet.

 

Ein vellukka dag for store og små!

 

Alle foto: Hanne I. H. Remme

Kvinnherad Kulturskule – Untitled 1

I dag, søndag 06.06.2010 presenterer HusnesNett ein billdeserie frå Kvinnherad Kulturskule si danseframsyning på Husnes. Over 200 ungar og ungdomar dansa seg gjennom ei tettpakka og god danseframsyning.

 

Alle foto: Geir Remme/Remme Fotobyrå

17. mai 2010

17. mai 2010 er utan tvil barna sin store festdag. Med godt vêr, barnetog, og ein is i handa, er det mange smil og lure blikk å sjå gjennom linsa på fotoapparatet.

 

Alle foto: Geir og Tove Remme/Remme Fotobyrå

 


Trio Cup - mini 2010

Både A-lag og G16 har noko å læra av dei store miniputtane på Trio Cup si turnering i Husneshallen i dag. Rett nok var det møljespel, publikum lo, og foreldra hadde jo ikkje peiling, dei klappa og heia på både mot- og medspelarar i ein og same situasjon. Men rett skal vera rett, halsnøyputtane kalla Trio for fienden, jentene sprang frå gutane og nokre foreldre var i overkant ivrige. Slik er livet, men fotballen får eit gigantpuff i rett retning. Dette var gøy, som vanleg, så enkelt er det...

 

Alle foto: Remme Fotobyrå

Opera for dei yngste på kuturfestivalen

I ein halvtimes tid trollbatt Tore Kloster, Olav Veierød og Ingrid Eriksen Hagen 1. – 3.-årssteget med ''Kongen & Harlikin'', på jakt etter den rette melodien. Dette var opera for dei yngste, som i godt samspel med skodespelarane var aktivt med i stykket med replikkar og song.

 

Skuleelevar frå Uskedalen til Sandvoll, samt Halsnøy, fylte Kulturhuset Husnes med framsyninga i regi av Den kulturelle nistepakken.

 

Det var kjekt å vera til stades under ei førestilling for barn, der lydnivået var behageleg, og ungane engasjerte.

 

Alle foto: Geir Remme/Remme Fotobyrå

UKM - Kvinnherad 2010

Ungdommens kulturmønstring i Kvinnherad laurdag 23. januar innfridde – som vanleg. Send heile gjengen til fylkesmønstringa i Bergen, både arrangørar og utøvarar, og juryen med. Gløym for all del ikkje publikum, og særleg dei som ikkje var til stades. Etter denne flotte førestillinga i Kulturhuset Husnes er det ingen tvil om at vi treng kulturskulebygg i kvar ei bygd!

 

Alle foto: Geir Remme/Remme Fotobyrå

Lysmesse i Husnes Kyrkje

Første søndag i advent var det lysmesse i Husnes kyrkje. Konfimantar frå Husnes sokn las tekstar i ei stemningsfull lyssett kyrkje. Klimakonferansen i Københamn i neste veke vart markert med tolv slag for å symbolisera tru og håp, samtidig som kyrkjeklokkene åtvara mot utfordringane for miljøet vårt i framtida.

 

Alle foto: Geir Remme/Remme Fotobyrå

Handballskule i Husneshallen

Handballskulen som vart arrangert av KHK i samband med eliteturneringa i Husneshallen laurdag 5. september, vart ein dag med mange unge talent i aktivitet. Arrangementet var fullteikna av ungar og ungdommar i alderen 8 – 14 år.

 

Alle foto: Hanne I. H. Remme

Husnes Cup 09

Kjempeinnsats frå store og små fotballentusiastar, og framifrå dugnadsinnsats frå Trio sine trufaste medspelarar, vart omsatt i over hundre fotballkampar frå fredag til søndag.

 

Alle foto: Geir og Hanne I.H. Remme

Danseshow for alle

Kvinnherad Kulturskule samla laurdag 6. juni, alle dansarane sine frå sju til atten år på scenen i Kulturhuset Husnes. 200 gute- og jentedansarar boltra seg gjennom ein times danseshow, som set punktum for danselærar Agnes Tyldum sin innsats i Kvinnherad i denne omgang.

 

Alle foto: Geir Remme/Remme Fotobyrå

 


Strålande 17. mai på Husnes

Det vart ei strålande 17. mai-start på Husnes ved kyrkja. Nydeleg vêr og flott temperatur gjorde sitt til at folkefesten vart til ein draumedag for store og små igjennom bygda.

 

Alle foto: Geir Remme/Remme Fotobyrå

Miniputtoppgjer på bortebane

Lag frå heile Kvinnherad stillte til Miniputtcup på Sæbøvik på Halsnøy i dag, laurdag. Innsatsen var upåklageleg, og konkurransen til tider hard, sjølv om alle vart kåra til vinnarar i det flotte arrangementet. Men nokre tok det meir alvorleg enn andre, og dei røffaste taklingane var gjerne i lokaloppgjer, som kampane mellom rivaliserande triolag.

 

Alle foto: Geir Remme/Remme Fotobyrå

 


Symjestemne på Husnes

Symjegruppa i Trio arrangerte i helga sitt årlige to-dagersstemne. Oppunder 300 deltakarar og over 200 heat vart unnagjort i symjehallen på Undarheim skule.

 

Alle foto: Geir Remme/Remme Fotobyrå

Inneturnering i fotball for miniputtar

Laurdag 28. mars var det ifølgje nettsida til IL Trio, duka for vårens vakraste eventyr: Inneturnering i fotball for miniputtar i Husneshallen. I alt 20 lag var påmelde frå heile Kvinnherad.

 

Alle foto: Geir Remme/Remme Fotobyrå

Handballskule for dei yngste

Fredag 6. mars var det handballskule i Husneshallen. Desse var med: Marie Normann, Embla Dahl Sindradottir, Mariel Musland Madsgård, William Sahr, Edward August Remme Olsen, Tonje Bendiksen Aakra, Jonas Røstbø, Geir Ingvard Handeland Remme, Karoline Petterson, Stine Broks, Marie Nesse, Benedicte Mælen Haukland, Halvor Søllesvik, Emma Charlotte Bjelland Saghaug, Siren Bauge, Thomas Tveit, Karen Pedersen Brede, Torstein Thorkildsen, Vetle Andre Remme Olsen og Tobias Broks. Leiarar: Birgitte Hornenes Johansen, Juni Mehammer, Ingrid Nygård Pedersen, Linn Therese Skauge.

 

Alle foto: Geir Remme/Remme Fotobyrå

Juleavslutninga 08

Elin Ertsland og Synnøve Skarveland (bilete) meiner at dans er kunst og kult å driva på med. Dei gler seg over interessa vener og foreldre har for dansinga.

 

(Alle foto: Geir Remme)

Zirk Mir

Seksten ungdommar feia gjennom storsenteret i eit fargerikt opptog med retning biblioteket i går, laurdag. Etter nokre timar opplæring i gymsalen på Undarheim Skule, saman med sirkuskompaniet Zirk Mir, var lokale sirkusartistar klar for eksamen med forventningsfult publikum.

 

Desse var med: Marit Inga Traavik Sture, Karen Anna Kleppe, Jeanette Madelen Langeland, Karoline Antonsen, Marit Langeland, Michelle Myklebust, Therese Myklebust, Anne Linn Kongestøl, Katrine Yri Røssland, Ragna Bogsnes Hegge, Karl Escher, Bente Slåke, Hanne Remme, Emilie Kaldestad Sund, Aleksandra Sandem, Julie Sund og Martine Holmedal.

 

Alle foto: Geir Remme/Remme Fotobyrå

Open dag med brannvesenet

 

I haust hadde tropp Husnes 'Open dag' på brannstasjonen på Husnes. Ungar i frå heile nabolaget fekk demonstrert det meste innan brannvern, og praktisk arbeid i brannvesenet.

 

Ungane fekk til og med vera med brannbilane under utrykking, med sirener og heile pakka.

 

Slå den!

 

Alle foto: Geir Remme

Kvinnherad Handballklubb

KHK og Fitjar 95 i nærkamp i Husneshallen i haust. Ingen tvil om at handball er ein tøff og kraftkrevjande sport. Fotografen følgde Kvinnherad- og Fitjar-jentene gjennom kampen tett med telelinse, for å fanga dei korte og unike augneblinka på banen. Tøffe tak, med nedturar og oppturar, for enkeltspelarar og laga.

 

Alle foto: Geir Remme.

Bilete frå Ferieklubben

Frivillighetssentralen har dei siste åra arrangert ferieklubb for dei yngste. HusnesNett.no viser eit utval av bilete tekne frå glade sommardagar, med aktivitetar som vi i desse vintertider kan drøyma oss tilbake til.

 

Alle foto: Kvinnherad Frivilligsentral

Kvinnherad Ungdomssenter

Kvinnherad Ungdomssenter har vore ungdommane sin møteplass midt i Husnes sentrum sidan 1991, i Kulturhuset Husnes. Målgruppa er ungdom frå 12 til 18 år, og US som ungdommane sjølve kaller ungdomssenteret, er ope seks dagar i veka.

 

Sjå bilete frå ungdomssenteret, teke av ungdommane sjølve denne våren.

 

Foto: Daniel Larsen og Glenn-Tore Mevik

 
  Tilbake

 

Kulturfestival for nær 1500
Kvinnherad Kulturfestival er vel i hamn – for 9. året på rad. Nærpå 1500 publikummarar med stort og smått deltok i ulike arrangement frå torsdag til søndag. Festivalen har følgt den same malen så å seia i alle år, og no er kanskje tida inne til å tenkja nytt, og endåtil gjera det til ein regional festival.
– Ja, vi tenkjer litt i dei banar, seier kultursjef Kristian Bringedal i dette intervjuet med HusnesNett. Han karakteriserer festivalen som ein breiddefestival med tilbod til barn, unge og eldre, og utan fokus på dei store overskota. Tilbakemeldingane frå publikum etter årets arrangement er gode.

 

Intervju/redigering/foto:
Kristian Hus

Song og musikk:
Åsne Kvamme, Tore Kloster og Ingunn Ådland.

Publisert 19.02.12.

Høyr kvedaren Kari
Folkemusikkveka i Kvinnherad ladar opp med kvedarkurs: I tre helgar; mars, april og september, vil barn og vaksne få høve til å læra seg kvedarkunsten saman med songaren Kari Malmanger frå Rosendal og fylkeskvedar og songpedagog Reidun Horvei.
Her kan du høyra ein liten smakebit frå Malmanger sitt repertoar, nemleg ''Å kjeringjo sudla på rokken sin'' etter bestefar til Kari, Olav Ljostveit frå Ølve.
– Det er ikkje han som har laga songen, men han lærte meg den, seier Malmanger til HusnesNett. Det finst mange variantar av denne songen med ulike tekstar og melodiar, men dette kan vi altså seia er ein variant frå Kvinnherad.

 

Song: Kari Malmanger
Gitar: Vidar Berge
Fele: Olav Mjelva

 

Foto: Magne Fitjar

 

Publisert 05.02.12.

Kvinnherad satsar på morgondagens talent
Direktør i Mosvold-gruppen, Sten Falkum, opna den niande kulturfestivalen på Husnes torsdag kveld, i Undarheim Gard. I talen sin trekte han spesielt fram kommunen sin vilje til å satsa på morgondagens kunstnarar. Det nye kulturskulesenteret på Husnes er eit bevis på dette, sa sørlendingen blant anna.
– Kulturskulesenteret er ei kjempesatsing, som vil koma nye talent i framtida til gode, sa han, og minna samtidig om at samfunnet treng kunsten meir enn kunsten treng samfunnet. Utan kunsten ville det meste ha fortona seg som grått, likegyldig og kjedeleg. Difor er ein slik kulturfestival som no føregår på Husnes veldig viktig, sa Sten Falkum.

 

Opptak og redigering: Kristian Hus
Foto: Magne Fitjar

Publisering: 17.02.12.

Utolmodige ordførarar vil snakka med fylkeskommunen
– Både Kvinnherad og Stord er svært opptekne av å korta ned ferjesambandet mellom kommunane, seier ordførar Synnøve Solbakken etter samferdslemøtet på Husnes i dag. Vi er utolmodige etter å få gjort noko snarast mogleg, for Kvinnherad kan ikkje slå seg til ro med Skjersholmane. Det er gjort nok planarbeid, no må prosjektet koma over til handling, seier ho.
Ordførar Liv Kari Eskeland på Stord er skuffa over det som kom fram på møtet, blant anna at det ser ut til at Djupavika-alternativet får eit skot for baugen i høve til finansieringa. Ho trur dessutan at det må bli ein ny debatt på Stord om dei ulike alternativa.
Begge ordførarane meiner at det mest realistiske tidsperspektivet er at det først i 2019 kjem nytt ferjestø på Stord.

 

Intervju/redigering/foto:
Kristian Hus

Publisert 07.02.12.

Vil ikkje spekulera om Rosendalstunet
– Nesten ingen snakkar om økonomi i denne saka, og vil helst feia problemet under teppet. Det sa Knut Prestnes (Uavh.) i debatten om pleie og omsorg  i kommunestyret i dag. Slik han ser det etter tala som vart lagt frå administrasjonen, er det ingen annan utveg enn å byggja ut Rosendalstunet i fleire etappar.
– Ingen har fortalt oss eksakt kva det vil kosta å byggja 60 nye plassar eller kva driftsutgiftene vil bli, seier Prestnes i dette intervjuet. Han vil ikkje spekulera i kor mange plassar kommunen vil få råd til å byggja i Rosendal i første omgang, etter som dette vil koma betre fram når kommunestyret skal diskutera økonomiplanen fram til 2016.
Prestnes ser for seg at strukturen i heile kommunen no må vurderast.

 

Intervju/redigering/foto:
Kristian Hus

Publisert 02.02.12.

Engasjert debatt med høg temperatur
Mandatet til prosjektgruppa for utbygging av Rosendalstunet, forslaget til funksjonsdeling mellom sonene og vurdering av ny sonestruktur stod på saklista til kommunestyret i dag. Men den over to timar lange debatten kom aller mest til å dreia seg om forslaget frå rådmannen om reduksjonar i Ølve og Hatlestrand.
Det vart òg mykje snakk om tvil og tru om tala adminstrasjonen har lagt fram for politikarane, og fleire brukte endåtil ordet ''løgn'' i debatten.

 

Arne Presthus (H) frå Ølve tykkjer administrasjonen har lagt føringar og premissar for utgreiingsarbeidet. Han har dessutan ei kjensle av at utbygginga andre stader i kommunen, skal gå på bekostning av institusjonane i utkantane. Dermed blir bygdene sett opp mot kvarandre, og det er ikkje bra, seier høgremannen frå Ølve i dette lyd-intervjuet med HusnesNett.

Intervju/redigering/foto:
Kristian Hus

Publisert 02.02.12.

Viktig med mange kreative innspel
– Det er viktig med mange kreative innspel i ei så fastlåst sak som ferjesambandet mellom Kvinnherad og Stord. Det meiner tidlegare kommunepolitikar og ferjeaktivist, Arne Gjerde. Han reagerer på at fire formannskapsmedlemmer gjennom ei pressemelding har gått i rette med Komite for næring og samferdsel, som vil satsa på hurtigare ferjer mellom Ranavik og Skjersholmane i staden for å byggja nye ferjestø til mange hundre millionar kroner.
Gjerde meiner dessutan at det er nærast bortkasta tid når formannskapa på Stord og i Kvinnherad i neste veke skal ha møte om nytt ferjestø i Djupavika når Kvinnherad vil ha eit heilt anna alternativ (Kverneneset).

Telefonintervju/redigering/foto:
Kristian Hus


Publisert 30.01.12.
22.02.2012
Formannskapet ber om utgreiing i Dill-saka:
Vil vurdera avtale og kostnader i høve til andre
Gerhard Eide i selskapet Dill AS har i to oppslag på HusnesNett dei siste vekene utfordra kommuneleiinga om å gje svar på konkrete spørsmål. Styreleiaren har blant anna bede om svar på om han har rett i påstanden om at kommunen har rekna feil når det gjeld kostnadene med matlevering frå det private selskapet på Halsnøy.

 

No kjem ordførar Synnøve Solbakken med svar, men det er neppe avklarande i høve til dei konkrete spørsmåla Eide har stilt. Det lyt han venta til den 8. mars med, når saka kjem opp i formannskapet.

 

22.02.2012
Årsmøte på Feitetysdag
– Du må ha overskrifta Årsmøte på feitetysdag! seier leiaren av Venskap – Kvinnherad San Lucas Tolimán.
21.02.2012
Tjerand Lunde æresmedlem i Trio
Tjerand Lunde vart på årsmøtet i Trio i kveld utnemnd til laget sin første æresmedlem. Etter ein mannsalder både som aktiv idrettsutøvar og administrator sa han samtidig takk for seg som leiar i hovudlaget.
Den snart 78 år gamle Lunde er nærast som ei bauta å rekna i Trio-samanhang, og det står stor respekt av arbeidet han har lagt ned. I kveld blei han æresmedlem til ståande applaus frå årsmøtedeltakarane, som slik takka han for 36 års leiarskap. Agnar Melkersen blir ny leiar.
21.02.2012
Ny pris-rekord – igjen!
Tysdag for ei veke sidan kunne HusnesNett melda om pris-rekord for bensin og diesel i Kvinnherad, med høvesvis kr 15,18 og 14,45 per liter på Statoilstasjonen i Dimmelsvik. Men det skulle ikkje vara lenge, for i går kveld måtte bilistane betala 15,28 per liter bensin og 14,50 for diesel. Vi får trøysta oss med at det er endå verre i Tromsø, for der låg prisen på 16 kroner per liter i går, blant anna på grunn av transporttillegget.

 

Og så klagar austlendingane over ein pris på kr 15,04!
21.02.2012
«Tre i Trio» 2012:
Dugnadsfamilien Larsen, Larsen og Larsen
Medlemsbladet Kontakt er ikkje meir, men «Tre i Trio»-serien held likevel fram – på nett. Og i år er det Harald Larsen og to av døtrene hans, Hanne og Rita, laget vil trekkja fram før årsmøtet, i kveld tysdag. Til saman representerer dei tre familiemedlemmene ein vesentleg del av det store dugnadsarbeidet som år om anna blir lagt ned i Kvinnherads største idrettslag.

 

Les heile saka på Trio si nettside her
20.02.2012
Joar – første husnesing i HUBB
Sist helg hadde Hordaland Ungdoms Brass Band (HUBB) samling på Tertnes. Trombonisten Joar Kyo Berg (16) var då på si første samling, og han vart dermed den første representanten frå Husnes skulekorps i dette kretskorpset.
20.02.2012
Nye nettsider med turstiar i Kvinnherad
Denne veka er dei nye sidene som gjev oss ein god oversikt over turstiane i Kvinnherad lagt ut på nettet. Her finn vi turstiane, som har vore med i prosjektet Turstiar i Kvinnherad, som var ferdig for eitt år sidan.