|  | |
| MENY |
| | | | | | | | | | | | Dagens bilde |  | | | Søk | |
| | REDAKSJON (DA): | | | | Linkar | | |
|
|
Bygger’n Teigen – ein av dei finaste i landet 04.02.2009 21:56 |  | | Årets butikk i Bygger’n-kjeda skal bli endå betre, fortel eigarane. (Foto: Geir Remme) |
| | | | – Veldig kjekt og veldig inspirerande! Det seier eigarane av Bygger’n Teigen på Husnes etter at dei i konkurranse med rundt hundre andre butikkar i heile landet, er utpeikt til Årets butikk i konsernet. | | | | – Teigen-familien har drive ein god og profesjonell butikk i mange år, og dei har eit høgt service-nivå. Det er eit av kriteriane for å få denne utmerkinga, seier kjededirektør Christine V. Holm. Bygger’n Teigen har i tillegg delteke aktivt på fleire område innanfor konsernet, noko som òg har vore medverkande til at dei fekk prisen i år. God omsetningsvekst er eit anna kriterium.
| | | |
– Vi opplever dette som ganske stort, seier gründaren Edvin Teigen. Han og sønene Ørjan og Even mottok prisen under ei tilstelling for alle butikkane i konsernet laurdag kveld. Dei har vore nominert til prisen to gonger før og lukkast altså på tredje forsøk. No vil dei skjerpa seg endå meir for å bli nominert til neste år òg.
| | | |
| | | Butikken i Teigen-bygget skal få ei ansiktsløfting i løpet av våren. Planen er å få varene betre fram og dessutan vil assortementet bli større, m.a. med bad- og baderomsmiljø.
| | | |
| | | Sjå video! | | | | | Bygger’n Teigen | | | |
| |
|
| | 
Klar til kamp for Ølve og Varaldsøy Folk i Ølve og på Varaldsøy reiser seg til kamp for å behalda aldersheimane sine. Det kom tydeleg fram på folkemøtet i eit fullsett samfunnshus i Rosendal tysdag kveld. – Det kjennest tungt å ha dette hengjande over seg, sa Hans Storedale (til venstre på bildet) blant anna, medan Steinar Bjørkelund var skuffa over det administrasjonen og politikarane har lagt opp til. – Prøv å finn andre løysingar enn å leggja ned på nordsida for å finansiera drifta av det nye Rosendalstunet, var hans oppmoding. I intervju med HusnesNett etter møtet beklagar begge to at det no ser ut til å bli ein kamp mellom utkantane på nordsida og Rosendal. Men det er det ikkje, slår dei to kamplystne ølvisane fast. Intervju/redigering/foto: Kristian Hus
Publisert 24.01.12 kl 21.46.
| 
Gledde seg over nytt ferjeutspel – Heilt fantastisk! Det sa Per Henrik Opdal til HusnesNett i desember 2010 etter at Harry Herstad hadde kome med nye tankar om sambandet mellom Kvinnherad og Stord. Ferje frå Sunde til Huglo eller Laukhammar på Skorpo og bru over Langenuen, er det mest realistiske no, sa den engasjerte sundebuen den gongen. Han meinte det var på tide at politikarane i Kvinnherad vakna opp og set i gang prosessen for eit famtidsretta samferdsleprosjekt mot E39. For fleire år sidan sende Opdal eit personleg brev til alle politikarane på Stord om å følgja opp desse tankane, i staden for å byggja nytt ferjestø. Intervju og redigering: Kristian Hus Foto: Magne Fitjar (2. gangs publisering: 23.01.12) | 
– Fylkesrådmannen er ein rolpekopp! Fylkesrådmannen sitt forslag om å fjerna snøggbåtrutene i Sunnhordland vekkjer både harme og undring i heile regionen. På Facebook går diskusjonane høgare enn nokon gong der folk i kvasse ordelag seier kva dei meiner. – Fylkesrådmannen er ein rolpekopp, seier Arne Torget mellom anna i eit dikt han har skrive om saka. Intervju/redigering/foto: Kristian Hus
Publisert 14.01.12. | 
Stemningsfull musikk Besach er tittelen på denne stemningsfulle melodien Andreas Skjellevik Bjørsvik (til venstre på bildet) og Eirik Myhre Brakestad på Valen har komponert. Dei har begge fått undervisning i klassisk gitar i Kvinnherad Kulturskule.
| 
Ungt songtalent imponerte 10 år gamle Ingeborg Tofte Grønseth frå Høylandsbygd begeistra ei fullsett Kvinnherad kyrkje i adventstida, då ho fekk syngja i lag med Helene Bøksle under julekonserten. Tilsynelatande uberørt av dei mange hundre tilhøyrarane sto det unge songtalentet fram i koren i ''Kvinnhersdomen'' og framførte Sonjas sang til julestjernen, som om ho aldri hadde gjort noko anna. Klikk her
| 
Gåve til Valestiftinga sikra fullfinansiering – Dette var svært viktig for oss. Dei seier ein glad Reidar Handeland i Valestiftinga etter at dei denne veka kunne motta ei gåve på 75.000 kroner frå SpareBank1-stiftinga Kvinnherad. Gåva er nærast prikken over i-en for eldsjelene på Valen, som for tida arbeider med å gjera ferdig eit nytt toalettanlegg attmed den gamle buo på kaien. – Valebuo blir eit nytt samfunnshus for valebuen, seier entusiasten Reidar Handeland. Telefonintervju/redigering/foto: Kristian Hus.
Publisert 09.12.11. | 
– Den gode samtalen er aller viktigast – Tale er gull, sa språkprofessor Sylfest Lomheim i Kvinnherad Senioruniversitet på Rosendal Fjordhotell i føremiddag. Han trekte fram at den gode samtalen har vore viktig for menneska i fleire hundre tusen år, og at vi ikkje plutseleg kan endra på dette, sjølv om vi har fått internettet. Lomheim brukte mykje av tida si til å retta ein peikefinger mot det han kalla den ustyrlege utviklinga av til dømes sosiale medier. Det er den fysiske kontakten mellom menneska som er det aller viktigaste, sa han. Skikkeleg menneskeutvikling skjer berre gjennom samtale, ikkje gjennom teknologi og på nettet, meinte Lomheim. Den kjende språkforskaren var både glad og overvelda over å kunna få snakka til godt over hundre menneske i Kvinnherad i dag. Intervju/redigering/foto: Kristian Hus Publisert 30.11.11. | | 27.01.2012 | Komite for næring og samferdsle i Kvinnherad: – Skrinlegg alle planar om nye ferjestø! | Halvanna veke før formannskapa i Kvinnherad og Stord skal ha sammøte om nytt ferjestø i Djupavika på Stord, kjem Komité for næring og samferdsle med eit heller oppsiktsvekkjande forslag: Legg vekk alle planar om nye ferjestø i begge kommunar, og sats heller mellombels på betre og raskare ferjer mellom Ranavik og Skjersholmane medan vi ventar på Kyststamvegen over Tysnes. I god tid før han kjem, kan ein tenkja på nytt ferjestø på Kvinnheradsida, meiner komiteen.
| | 27.01.2012 | Ingen over – ingen ved sida: Både fellings- og norgesrekord i Kvinnherad i fjor | Det vart i 2011, som året før, sett ny fellingsrekord for hjort i Kvinnherad. Den nye rekorden er på 1250 dyr, ein auke på fem dyr frå 2010. I tillegg vart det skote 16 rådyr, som det vart lov å fella for første gang i fjor. – Ingen over, ingen ved sida, seier skogbrukssjef Terje Natland om det han meiner er norgesrekord. | | 26.01.2012 | Bokinspirator til Kvinnherad neste veke | Liv Gade har arbeidd som bokinspirator i 10 år. Ho reiser rundt i heile landet, og jamvel i utlandet for å inspirera og motivera små og store til å lesa. Onsdag 1. februar kjem ho til Kvinnherad. Her skal ho møta elevane i ungdomsskulane på Halsnøy og i Rosendal, og vera på Kvinnherad bibliotek om kvelden. | | 26.01.2012 | Framleis snøggbåt Sunnhordland – Bergen: Fylkesutvalet sa nei til reduksjonar | Fleire tusen kvinnheringar og andre sunnhordlendingar reiste seg til kamp mot fylkes-rådmannen sitt forslag om å redusera snøggbåtrutene mellom Bergen og Sunnhordland, og no er saka avgjort: Rutene skal i hovudsak vidareførast etter dagens opplegg. Det har fylkes-utvalet i Hordaland vedteke i dag – samrøystes. Den massive motstanden frå innbyggjarar og lokalpolitikarar gjorde truleg sitt til at Sunnhordlandsruta overlevde den endelege behandlinga i Fylkesutvalet, skriv Haugesunds Avis. Fylkesordførar Tom–Christer Nilsen (H) stadfester dette, og seier at det store engasjementet var med på å gjera politikarane tryggare på at det var ei rett avgjersle å behalda ruta.
| | 26.01.2012 | Møtet om Rosendalstunet – ei sjokkoppleving: – Nokre få prøver å skapa misnøye! | – Kva i all verda er det som har skjedd med rosendelingane? undrar kommunepolitikar Kjell Yri (V) seg over i eit lesarbrev i dag. Han skildrar folkemøtet om Rosendalstunet tysdag nærast som ei sjokkoppleving, og meiner at nokre få personar – med vilje – prøver å skapa misnøye. – Det vert på ein måte ein massesuggesjon ein ikkje greier å stansa, seier uskedelingen. | | 26.01.2012 | – Ferje til Jektevik bør bli permanent! | – Du verda! utbryt ein aldri så lite overraska kommunepolitikar Håkon Røstbø (Ap) etter at han i går kunne lesa på HusnesNett om problema i ferjesambandet mot Stord, og at den eine ferja var omdirigert til Jektevik. Skal tru om Norled merka seg kritikken frå dei reisande sist selskapet var oppe i ein slik situasjon, og problema dei hadde då med å halda rutetidene mellom Ranavik og Skjersholmane? undrast Røstbø. | | 25.01.2012 | Asle Sund leiar i Kvinnherad veteranlag | Med president Odd Helge Olsen som gjest vart det i går kveld halde konstituerande årsmøte for eit veteranlag i Kvinnherad. Asle Sund frå Husnes vart valt til leiar. Sjølv om berre sju personar møtte fram til stiftingsmøtet i Uskedalen, var presidenten likevel optimist. Han minna om at organisasjonen Norges Veteranforbund for internasjonale operasjoner (NVIO) for tida har vind i segla. | | | | |
| |
|