|  | |
| MENY |
| | | | | | | | | | | | Dagens bilde |  | | | Søk | |
| | REDAKSJON (DA): | | | | Linkar | | |
|
|
Endeleg skiføre i Fjellhaugen!05.01.2012 14:33 |  | | Foto: Øyvinn Handeland |
| | | | Den gong som no, det var stas når sesongen starta i Fjellhaugen, og skia flaut lett over snøen. Sjå video, teken av Øyvinn Handeland midt på 70-talet i Fjellhaugen | | | | Sjå kle og stil i løypa...det var tider, det! | | | | | Fjellhaugen midt på 70-talet | | | |
| |
|
| | 
Kulturfestival for nær 1500 Kvinnherad Kulturfestival er vel i hamn – for 9. året på rad. Nærpå 1500 publikummarar med stort og smått deltok i ulike arrangement frå torsdag til søndag. Festivalen har følgt den same malen så å seia i alle år, og no er kanskje tida inne til å tenkja nytt, og endåtil gjera det til ein regional festival. – Ja, vi tenkjer litt i dei banar, seier kultursjef Kristian Bringedal i dette intervjuet med HusnesNett. Han karakteriserer festivalen som ein breiddefestival med tilbod til barn, unge og eldre, og utan fokus på dei store overskota. Tilbakemeldingane frå publikum etter årets arrangement er gode. Intervju/redigering/foto: Kristian Hus
Song og musikk: Åsne Kvamme, Tore Kloster og Ingunn Ådland.
Publisert 19.02.12. | 
Høyr kvedaren Kari Folkemusikkveka i Kvinnherad ladar opp med kvedarkurs: I tre helgar; mars, april og september, vil barn og vaksne få høve til å læra seg kvedarkunsten saman med songaren Kari Malmanger frå Rosendal og fylkeskvedar og songpedagog Reidun Horvei. Her kan du høyra ein liten smakebit frå Malmanger sitt repertoar, nemleg ''Å kjeringjo sudla på rokken sin'' etter bestefar til Kari, Olav Ljostveit frå Ølve. – Det er ikkje han som har laga songen, men han lærte meg den, seier Malmanger til HusnesNett. Det finst mange variantar av denne songen med ulike tekstar og melodiar, men dette kan vi altså seia er ein variant frå Kvinnherad. Song: Kari Malmanger Gitar: Vidar Berge Fele: Olav Mjelva Foto: Magne Fitjar Publisert 05.02.12.
| 
Kvinnherad satsar på morgondagens talent Direktør i Mosvold-gruppen, Sten Falkum, opna den niande kulturfestivalen på Husnes torsdag kveld, i Undarheim Gard. I talen sin trekte han spesielt fram kommunen sin vilje til å satsa på morgondagens kunstnarar. Det nye kulturskulesenteret på Husnes er eit bevis på dette, sa sørlendingen blant anna. – Kulturskulesenteret er ei kjempesatsing, som vil koma nye talent i framtida til gode, sa han, og minna samtidig om at samfunnet treng kunsten meir enn kunsten treng samfunnet. Utan kunsten ville det meste ha fortona seg som grått, likegyldig og kjedeleg. Difor er ein slik kulturfestival som no føregår på Husnes veldig viktig, sa Sten Falkum. Opptak og redigering: Kristian Hus Foto: Magne Fitjar
Publisering: 17.02.12. | 
Utolmodige ordførarar vil snakka med fylkeskommunen – Både Kvinnherad og Stord er svært opptekne av å korta ned ferjesambandet mellom kommunane, seier ordførar Synnøve Solbakken etter samferdslemøtet på Husnes i dag. Vi er utolmodige etter å få gjort noko snarast mogleg, for Kvinnherad kan ikkje slå seg til ro med Skjersholmane. Det er gjort nok planarbeid, no må prosjektet koma over til handling, seier ho. Ordførar Liv Kari Eskeland på Stord er skuffa over det som kom fram på møtet, blant anna at det ser ut til at Djupavika-alternativet får eit skot for baugen i høve til finansieringa. Ho trur dessutan at det må bli ein ny debatt på Stord om dei ulike alternativa. Begge ordførarane meiner at det mest realistiske tidsperspektivet er at det først i 2019 kjem nytt ferjestø på Stord. Intervju/redigering/foto: Kristian Hus
Publisert 07.02.12. | 
Vil ikkje spekulera om Rosendalstunet – Nesten ingen snakkar om økonomi i denne saka, og vil helst feia problemet under teppet. Det sa Knut Prestnes (Uavh.) i debatten om pleie og omsorg i kommunestyret i dag. Slik han ser det etter tala som vart lagt frå administrasjonen, er det ingen annan utveg enn å byggja ut Rosendalstunet i fleire etappar. – Ingen har fortalt oss eksakt kva det vil kosta å byggja 60 nye plassar eller kva driftsutgiftene vil bli, seier Prestnes i dette intervjuet. Han vil ikkje spekulera i kor mange plassar kommunen vil få råd til å byggja i Rosendal i første omgang, etter som dette vil koma betre fram når kommunestyret skal diskutera økonomiplanen fram til 2016. Prestnes ser for seg at strukturen i heile kommunen no må vurderast. Intervju/redigering/foto: Kristian Hus
Publisert 02.02.12. | 
Engasjert debatt med høg temperatur Mandatet til prosjektgruppa for utbygging av Rosendalstunet, forslaget til funksjonsdeling mellom sonene og vurdering av ny sonestruktur stod på saklista til kommunestyret i dag. Men den over to timar lange debatten kom aller mest til å dreia seg om forslaget frå rådmannen om reduksjonar i Ølve og Hatlestrand. Det vart òg mykje snakk om tvil og tru om tala adminstrasjonen har lagt fram for politikarane, og fleire brukte endåtil ordet ''løgn'' i debatten. Arne Presthus (H) frå Ølve tykkjer administrasjonen har lagt føringar og premissar for utgreiingsarbeidet. Han har dessutan ei kjensle av at utbygginga andre stader i kommunen, skal gå på bekostning av institusjonane i utkantane. Dermed blir bygdene sett opp mot kvarandre, og det er ikkje bra, seier høgremannen frå Ølve i dette lyd-intervjuet med HusnesNett.
Intervju/redigering/foto: Kristian Hus
Publisert 02.02.12. | 
Viktig med mange kreative innspel – Det er viktig med mange kreative innspel i ei så fastlåst sak som ferjesambandet mellom Kvinnherad og Stord. Det meiner tidlegare kommunepolitikar og ferjeaktivist, Arne Gjerde. Han reagerer på at fire formannskapsmedlemmer gjennom ei pressemelding har gått i rette med Komite for næring og samferdsel, som vil satsa på hurtigare ferjer mellom Ranavik og Skjersholmane i staden for å byggja nye ferjestø til mange hundre millionar kroner. Gjerde meiner dessutan at det er nærast bortkasta tid når formannskapa på Stord og i Kvinnherad i neste veke skal ha møte om nytt ferjestø i Djupavika når Kvinnherad vil ha eit heilt anna alternativ (Kverneneset).
Telefonintervju/redigering/foto: Kristian Hus
Publisert 30.01.12. | | 22.02.2012 | Formannskapet ber om utgreiing i Dill-saka: Vil vurdera avtale og kostnader i høve til andre | Gerhard Eide i selskapet Dill AS har i to oppslag på HusnesNett dei siste vekene utfordra kommuneleiinga om å gje svar på konkrete spørsmål. Styreleiaren har blant anna bede om svar på om han har rett i påstanden om at kommunen har rekna feil når det gjeld kostnadene med matlevering frå det private selskapet på Halsnøy. No kjem ordførar Synnøve Solbakken med svar, men det er neppe avklarande i høve til dei konkrete spørsmåla Eide har stilt. Det lyt han venta til den 8. mars med, når saka kjem opp i formannskapet. | | 22.02.2012 | Årsmøte på Feitetysdag | – Du må ha overskrifta Årsmøte på feitetysdag! seier leiaren av Venskap – Kvinnherad San Lucas Tolimán. | | 21.02.2012 | Tjerand Lunde æresmedlem i Trio | Tjerand Lunde vart på årsmøtet i Trio i kveld utnemnd til laget sin første æresmedlem. Etter ein mannsalder både som aktiv idrettsutøvar og administrator sa han samtidig takk for seg som leiar i hovudlaget. Den snart 78 år gamle Lunde er nærast som ei bauta å rekna i Trio-samanhang, og det står stor respekt av arbeidet han har lagt ned. I kveld blei han æresmedlem til ståande applaus frå årsmøtedeltakarane, som slik takka han for 36 års leiarskap. Agnar Melkersen blir ny leiar. | | 21.02.2012 | Ny pris-rekord – igjen! | Tysdag for ei veke sidan kunne HusnesNett melda om pris-rekord for bensin og diesel i Kvinnherad, med høvesvis kr 15,18 og 14,45 per liter på Statoilstasjonen i Dimmelsvik. Men det skulle ikkje vara lenge, for i går kveld måtte bilistane betala 15,28 per liter bensin og 14,50 for diesel. Vi får trøysta oss med at det er endå verre i Tromsø, for der låg prisen på 16 kroner per liter i går, blant anna på grunn av transporttillegget. Og så klagar austlendingane over ein pris på kr 15,04! | | 21.02.2012 | «Tre i Trio» 2012: Dugnadsfamilien Larsen, Larsen og Larsen | Medlemsbladet Kontakt er ikkje meir, men «Tre i Trio»-serien held likevel fram – på nett. Og i år er det Harald Larsen og to av døtrene hans, Hanne og Rita, laget vil trekkja fram før årsmøtet, i kveld tysdag. Til saman representerer dei tre familiemedlemmene ein vesentleg del av det store dugnadsarbeidet som år om anna blir lagt ned i Kvinnherads største idrettslag. Les heile saka på Trio si nettside her | | 20.02.2012 | Joar – første husnesing i HUBB | Sist helg hadde Hordaland Ungdoms Brass Band (HUBB) samling på Tertnes. Trombonisten Joar Kyo Berg (16) var då på si første samling, og han vart dermed den første representanten frå Husnes skulekorps i dette kretskorpset. | | 20.02.2012 | Nye nettsider med turstiar i Kvinnherad | Denne veka er dei nye sidene som gjev oss ein god oversikt over turstiane i Kvinnherad lagt ut på nettet. Her finn vi turstiane, som har vore med i prosjektet Turstiar i Kvinnherad, som var ferdig for eitt år sidan. | | | | |
| |
|