Framsida
MENY
Dagens bilete
Forskjønning av Husnes
Meiningsmåling
Er det rett av politikarane i Kvinnherad å stramma inn på skjenkjetidene for utestadene?
Ja
Nei
Er usikker
 
 
Sjå resultat
Søk
 
REDAKSJON:
redaksjonen@husnesnett.no
 
Geir Remme (foto)
Tlf. 901 60 615
 
Magne Fitjar (tekst og foto)
Tlf. 957 86 240
 
Kristian Hus  (tekst og foto)
Tlf. 995 20 864
 
Dag Remme (video)
Tlf. 901 60 685 
 
 
GRAFISK DESIGN:
Multipleks
 
TEKNISK UTVIKLING:
iDrift AS
Linkar

Første gapestokk sidan 1630 på Husnes

Klikk på bilete for full storleik
Leiar i Husnes Båtlag, Agnar Melkersen (t.v.), Reidar Henriksen, Harald Oppheim og havnesjef Einar Oppedal demonstrerar gapestokken for publikum. (Foto: Hanne I.H.Remme)
 
Leiar i Husnes Båtlag, Agnar Melkersen, har avduka den første gapestokken sidan 1630 i Kvinnherad.
 
Etter kritikken for offentleggjeringa av namna på medlemmer som ikkje hadde betalt årsavgifta i Husnes båthamn i fjor, har saka rulla vidare til handling, eit års tid seinare.

 

– Sidan i fjor har vi hatt liggjande ein gapestokk i båthamna, som er ei gåve frå ein flittig båtgjest, Harald Oppheim frå Etne, og den vart offisielt avduka i dag, fortel leiar i båtlaget, Agnar Melkersen til HusnesNett.no.

 

Det tok ikkje lang tid før førstemann sat fast i treverket, som etter Melkersen si meining ikkje har vore i bruk sidan 1630 i Kvinnherad.

 

Mykje kan seiast om gapestokken og historia bak denne primitive avstraffinga, som heilt sikkert fungerte effektivt på 1600-talet. Husnes Båtlag berga seg med å vera open og ærleg etter rabalderet i fjor, sjølv om ikkje alle er einige i det.

 

Det var i alle fall humor, stil og sjølvironi i markeringa til båtlaget denne laurdagen. Det skal dei ha, og det står det respekt av!

 
 

Tekst: Geir Remme

 
 

Sjå video!

 
 
Avduking av gapestokk
 
  Tilbake

 

Bustadprosjekt for 60 +
– Dette blir eit alternativ til alders- og sjukeheim for personar over 60 år, som vil ha ein trygg og sosial plass å bu på sine eldre dagar, seier sivilarkitekt Gretha Rød. Det nye bustadprosjektet som LEAD Inc. og Trelasten AS no har søkt om tomt til på Husnes, kan etter planen stå ferdig i 2012. Men då må kommunen med politikarane i spissen skunda på for å få ferdig ein reguleringsplan, og seia ja til prosjektet.

 

Intervju og redigering: Kristian Hus

Publisert 01.09.10.

Trur ikkje på nytt ferjestø på Halsnøy
Kommunepolitikar Ole Torbjørn Holmedal (Frp), som òg er styreleiar i Fastlandsamband Halsnøy AS, har lita eller ingen tru på at det nokon gong kjem eit nytt ferjestø på øya. Som alternativ til dagens ferjestø på Ranavik, ser han for seg at Sunde ein gong i framtida kan bli teke i bruk att. Men det beste alternativet, ifølgje Holmedal, er eit nytt ferjestø i Bogsnes på Husnes til Tysnes (sjå kart) og tilknyting til Kyststamvegen der.
Det viktigaste på kort sikt, er likevel å få eit nytt ferjestø på Stord, slik at seglingstida til og frå Kvinnherad kan innkortast, seier Frp-aren i dette intervjuet.

 

Intervju og redigering: Kristian Hus

 

(Publisert 22.08.10)

– Ei handsrekning til næringslivet
Reduksjonen i bompengetaksten frå 320 til 200 kroner for tunge køyrety er ei handsrekning til næringslivet i distriktet. Det meiner styret i tunnel-selskapet, som med dette tiltaket ønskjer å stimulera til trafikkauke. Etter opninga for to og eit halvt år sidan har mykje av tungtrafikken funne andre vegar, truleg mest på grunn av den høge taksten.
– Kan vi få 15 – 20 fleire passeringar av tyngre køyrety per dag, vil det meir enn kompensera for bortfallet av inntektene når prisen blir sett ned, seier styreleiar i tunnelselskapet, Ole Torbjørn Holmedal.

 

Intervju og redigering: Kristian Hus

 

(Publisert 20.08.10)
Gler seg til skuletida
– Eg skal bli doktor, svarer Aina Karin Osmundsen kontant då HusnesNett vil vita kva ho skal bli når ho blir stor. På den første dagen i første klasse ved Undarheim skule er 6-åringen krystallklar om yrkesvalet sitt.
Anders Olai Fjellandsbø veit ikkje heilt sikkert, men han likar både skriving, teikning og endåtil matte, fortel han. Dessutan skal han få seg ein skjempesvær båt.
Begge dei to førsteklassingane har hatt ein kjekk sommar, men gler seg no over å få begynna på skulen.

 

Intervju/redigering: Kristian Hus
Foto: Geir Remme

 

(Publisert 18.08.10)
– Lite gjennomtenkt å føreslå nedleggjing av SØRAL!
– Ideen om å leggja ned aluminiumverka på Husnes og Karmøy for å spara Hardanger for skjemmande kraftliner, kan ikkje vera særleg gjennomtenkt. Det seier stortingsmann Magne Rommetveit (Ap), som i dette intervjuet med HusnesNett viser til at det er brei politisk vilje om at den kraftkrevande industrien i vår region skal bestå. Difor har han ikkje noko til overs for slike akademiske vurderingar, som blant andre professor Steinar Strøm kom med sist veke.
– Husnes og andre stader på Vestlandet er industrisamfunn, og då må vi leggja til rette for det, seier ein ferierande stortingsmann i dette intervjuet. Men Rommetveit vedgår likevel at han personleg skulle ønskt seg ei anna løysing.

 

(Publisert 26.07.10)
03.09.2010
Samlingsfest i bedehuset søndag
Hausten er her – og dei ulike aktivitetar er i ferd med å starta igjen etter sommar og ferie. I Husnes bedehus vil ein markera oppstart av haustsemesteret med samlingsfest førstkomande søndag, melder Arne Lindekleiv. Torstein Aarthun skal ha andakt, og den nye soknepresten Ole Kristian Due vil delta. Det blir elles song og musikk og servering av kveldsmat.
Arrangørane håpar at mange vil finna vegen til Husnes bedehus denne kvelden, både frå Husnes og bygdene omkring.
03.09.2010
Betre trafikkale tilhøve ved Sunde oppvekstsenter
Trafikksituasjonen ved Sunde oppvekstsenter har lenge vore svært uoversikteleg. No vil kommunen gjera noko med tilhøva, blant anna ved å kjøpa ei nabotomt og bruka delar av ho til trafikkføremål.
– Eit steg i rett retning, jublar verksemdleiar Einar Opdal.
03.09.2010
KRIK startar opp igjen i kveld
KRIK Husnes har heilt sidan 90-talet hatt samlingar i gymsalen ved Undarheim skule. På samlingane driv dei med ulike ballspel og mange artige stafettar og aktivitetar. I kveld, fredag 3. september, er det full fart igjen etter sommarferien.
Annonsar