Framsida
MENY
Dagens bilde
Ei renning på Løfallstrand
Søk
 
REDAKSJON (DA):
epost
 
Kristian Hus
Tlf. 995 20 864
 
Magne Fitjar
Tlf. 957 86 240
 
 
 
 
TEKNISK UTVIKLING:
iDrift AS
Linkar

290.000 grasrot-kroner til distriktet

27.12.2009 00:32
Klikk på bilete for full storleik
Trio, her representert ved volleyballspelarane Astrid Slåke (frå venstre), Maren Skogseth og Kathrine Tveit, får nærpå 140.000 kroner frå Norsk Tipping. (Foto: Geir Remme)
 
Spelekortet til Norsk Tipping er nøkkelen til betre økonomi for lokale lag og organisasjonar, utan at det går utover innsatsen eller premien til dei som deltar, skreiv HusnesNett etter at grasrot-ordninga var sett i gang 1. mars i år.
 
– Dette er ein vinn–vinn-situasjon for begge partar, sa leiar i Kvinnherad Handballklubb, Anton Sjursen, under den store Frivilligdagen på same tid.  Klubben hadde då produsert eigne brosjyrar med bilete og informasjon om Grasrotandelen og korleis publikum skulle gå fram.

Miste inntekter frå speleautomatar
– Grasrotandelen frå Norsk Tipping er eit fint plaster på såret etter bortfallet av inntektene frå speleautomatane, sa Svein Røyrvik i Trio etter at ordninga var sett i verk. Han trudde laget kunne koma opp i 150.000 kroner på den nye ordninga i år, og skaut nesten blink.
 
50 lag og organisasjonar i Kvinnherad har meldt seg på den nye tilskotsordninga i Norsk Tipping.
 
AV KRISTIAN HUS
 
 
Saknar du nokon i oversikten vår? Ta kontakt per epost til redaksjonen!
 
 
Tilskot til vårt distrikt i 2009:
LAGBELØP

Husnes Musikklag12.232
Idrettslaget Ternen12.662
Idrettslaget Trio139.368
Interesselaget Postvegen2.551
Kvinnherad Amcarklubb3.201
Kvinnherad Folkemusikklag3.984
Kvinnherad Golfklubb17.368
Kvinnherad Handballklubb26.518
Kvh. Røde Kors Hjelpekorps13.634
LHL Kvinnherad13.280
Mental Helse Kvinnherad5.467
Opsangervågen Veteranbåtlag9.031
Rockeklubben Husnes3.809
Valen Ride- og kjøreklubb22.024
Valestiftinga4.880
TOTALT290.003
 
 
 
  Tilbake

 
KORT FORTALT
15.04.2014
Matre skule kan seljast
11.04.2014
84 millionar til idrettsanlegg
i Hordaland
10.04.2014
Asbjørn Skår ny styreleiar
i Kvinnherad Vekstbedrift
09.04.2014
Takk for innsatsen for Kirkens Nødhjelp!
07.04.2014
80-årsdagen gav nærpå 30.000 til idrettsanlegget
02.04.2014
Stor trafikkvekst over flyplassen i Sunnhordland
31.03.2014
Rekordoverskot for fylkeskommunen
29.03.2014
Boklansering og biletkåseri
21.03.2014
Skiping av nytt mållag
17.03.2014
SIKVAL og Trøkk
i Valen kyrkje
18.04.2014
Påsketur til Fjellandsbø
Aud Karin Løvfall frå Løfallstrand går og går – over heile Kvinnherad, og til alle tider – og finn alltid noko å ta bilete av. I dag deler ho synsinntrykka sine frå ein tur til Fjellandsbø i Uskedalen i påskehelga.

Sjå biletserien
her
17.04.2014
Fjellpåske i Grønlia
Sjølv om det er sol bakom skyene kvar dag, er det ekstra kjekt når ho kikkar fram i påskefjellet. Det kan skje mot slutten av veka: Etter vêrmeldingane å døma, kan det enno vera råd med ein skitur til og to på snørestane i Grønlia.
16.04.2014
Langfredag i ord og tonar i kyrkja
Husnes og Holmedal sokneråd tar vare på ein lang og god tradisjon, og innbyr igjen til langfredagssamling i kyrkja. Dette er dagen for stilla og refleksjon, og kyrkjeromet er som skapt for nettopp det.
15.04.2014
Little Big Sam’s på 5460 fredag
Little Big Sam’s entrar scenen på utestaden 5460 på Husnes igjen langfredag. Bandet består av (frå venstre) Øyvind Fonn, Vidar Strømsnes, Samson Røyrvik og Steinar Jacobsen. Dei spelar coverlåtar av AC/DC, ZZ Top, Deep Purple, Dum Dum Boys og fleire andre.
Bandet har spelt saman i om lag 10 år og spelegleda er stor, ja, faktisk så stor at dei nærast må jagast av scenen etter tre timars framføring av kjende rockelåtar frå 70-, 80- og 90-talet.

– Vi lovar ein flott konsertkveld, skriv eigarane av 5460 i ei pressemelding.
15.04.2014
Fokus på brannførebyggjing i påska:
Mange hytteskorsteinar vert ikkje feia
Kvinnherad brannvern vil ha fokus på førebyggjing av hyttebrannar i påskehelga. I samarbeid med forsikringsselskapet Tryg, Norsk brannvernforening og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, står dei no bak ein kampanje retta mot hyttefolket.
14.04.2014
ORBO og Smith-Hald på Dønhaug onsdag
Onsdag denne veka er det klart for påskefest med dans på Dønhauglåven i Uskedalen. To hovudartistar vil vera i sving denne kvelden; ORBO (Ole Reinert Berg-Olsen) og Robert Smith-Hald. Dei stiller begge med fullt band.
14.04.2014
Anonymt avisangrep på handelsstanden:
– Nører opp under gammal bygdestrid!
Leiar i Husnes Vekst, Kent Are Kjørsvik Petterson reagerer sterkt på innhaldet i eit anonymt innlegg i Grenda på laurdag, der det blant anna blir oppmoda til boikott av handelsstanden på Husnes.

– Med å setja noko slikt på trykk er avisa berre med på og nører opp under gammal bygdestrid i Kvinnherad, seier Kjørsvik Petterson. Han meiner redaktøren burde ha halde seg for god til slikt.