| MENY |
| | | | | | | | | | | | Dagens bilde |  | | | Søk | |
| | REDAKSJON (DA): | | | | Linkar | | |
|
|
Visesong, bålkos og heggeduft på Valen31.05.2010 17:08 |  | | Solveig Dale (8) var villig til å stå i kø for dette svevet! |
| | | | Fredag og laurdag var det fagdag og familiedag ved Valen sjukehus, med museumsopning og to store visekonsertar. Ei verdig hundreårsmarkering, som HusnesNett gir ein liten gløtt frå her. | | |  | | Tarzanløypa byr på mange utfordringar. |
Av Magne Fitjar Fredagen var fagdag for tilsette og brukarar av helsetenestene, med fysisk aktivitet som tema, både teoretisk og praktisk i tarzanlløyper og kano. Museet vart opna klokka 13 laurdag, med mellom anna opningsord av styreleiar i Helse Fonna, Toralv Mikkelsen, påfølgjande talar og asyl- og kulturvandring. HusnesNett deltok seinare på ettermiddagen, og vi hadde ein gløtt nedom kaien på kvelden.
600 middagsporsjonar
Det rikhaldige programmet dei to dagane viste seg å falla i god smak hos både bygdefolk og tilreisande, og sjølv om 600 middagsporsjonar ga eit visst overskot, var det mange familiar som forsynte seg av desse òg: Det var ergoterapien som hadde dandert poteter, lauk, gulrøter, blomkål og brokkoli med solide pølseskiver i aluminiumsfolie, klar for grilling, og skulle det vera vegetar, hadde dei dét og. Frå den nye trelavvoen gjekk det i bøttevis med lapperøre på steikejerna, i alt 30 liter fredag og laurdag. | | |  | | Jan og Gunn Jorunn Steinsland på post ved Grindanaustet. |
Turløypene i landskapet ved sjukehuset vitnar om ein solid dugnadsinnsats som har gjort ellers utilgjengelege skråningar og bekkeleie til ein stad der dei historiske vitnemåla, som Pasientkyrkjegarden og staden der Fyrstikkfabrikken låg, kan gli inn mellom vårteikna og delta i årets gang. Skråningar med mange historier
Liknande stader har i ein tidlegare periode, etter innføring av kvitevarer og plast i det menneskelege hushaldet, vore mykje brukte til å kvitta seg med avfallet for dei som ikkje gadd ro heilt ut i Høylandssundet, men det er det heldigvis slutt på. No ligg bekkeskråningen rydda og stelt, og like bortanfor er breidden vert for heile tre kraftstasjonar. | | |  | | Kor lenge ein får lov å overnatta her og der, kan vera godt å vita. |
På Pasientkyrkjegarden, der dei tidlegare namnlaust vart lagde under ei skiferplate, ligg òg gamledirektør Konrad Lunde og kona Borghild. Myndige beinrestar. Nokre få gravstøtter er komne til i seinare år, med namn: Her ligg Gunnar og Harald, etter sine strie liv. Nedanfor Tarzan-løypa var det lang kø framfor innsjekkingsskranken. Halvannan time måtte til før ein luftetur langs wiren, det er mest verre enn på Flesland! Men det såg ikkje ut til at dei forventningsfulle borna brydde seg om det. Til slutt måtte det setjast strek for fleire påmeldingar. Åtteåringane Katrine og Solveig var mellom dei heldige som kom gjennom systemet og kunne gli over bekken som flygeekorn.
Jan Eggum på låven og Tang Wa på kaien
Halv fem var det klart for visekonsert med Jan Eggum på låven. I den romslege låven må det har vore kring 200 personar. Kjende og kjære Eggum-songar fekk dei som hadde opplevd dei stridbare syttiåra til å både nikka og nynna. Nydeleg var framføringa av Ta meg med, der Eggum fletta inn ei historie om ei kvinne i ei grå pølsebu ein stad på Austlandet. Syttitalet gjorde han levande med låten Heksedans: | | |  | | Jan Eggum held konsert på låven. |
– For mange er det bare en teori, men for mange av oss var det blodig alvor! Mor, jeg vil tilbake, Ryktet forteller og Alarmen går, På ’an igjen og songen om Onkel Lauritz: Den vekte mange minne hos dei store, medan dei små fekk noko å tenkja på.
Nede på kaien, i den nyrestaurerte bua, spelte Svein Tang WaTrio på kvelden. Ein trubadur og eit band av ypparste klasse, med ømme, vare viser som langt frå berre er lokal pludring frå Siddisbyen.
| | |  | | Eit lydhøyrt publikum. |
Rødast hjerta er den siste plata med tekstar og musikk av Tang Wa, og han delte rikeleg både frå denne og frå tidlegare produksjon, med dei 60 – 70 fornøgde tilhøyrarane. Heggedufta stig
På heimvegen var det heggeduft og snart juni. Vi hadde Volvo, men skulle berre hatt Golden Flash, slik skikken var på syttitalet.
HusnesNett kan dessverre enno ikkje tilby ein asfærisk emisjonssimulator, som kan senda heggedufta meir eller mindre direkte, men det seiest at ein frå 1. juni kan gå inn på nettsidene til Helse Fonna og finna denne.
| | |  | | Svein Tang Wa Trio spelte i bua på kaien. |
Fem millionar har dei visstnok spandert for å få modulen på plass. Men så er då òg heggedufta mykje verdt.
| | | | | |  | | Svein Tang Wa har sin trugne skare. |
| | | | | | |
| |
|
| | 
Vil ikkje spekulera om Rosendalstunet – Nesten ingen snakkar om økonomi i denne saka, og vil helst feia problemet under teppet. Det sa Knut Prestnes (Uavh.) i debatten om pleie og omsorg i kommunestyret i dag. Slik han ser det etter tala som vart lagt frå administrasjonen, er det ingen annan utveg enn å byggja ut Rosendalstunet i fleire etappar. – Ingen har fortalt oss eksakt kva det vil kosta å byggja 60 nye plassar eller kva driftsutgiftene vil bli, seier Prestnes i dette intervjuet. Han vil ikkje spekulera i kor mange plassar kommunen vil få råd til å byggja i Rosendal i første omgang, etter som dette vil koma betre fram når kommunestyret skal diskutera økonomiplanen fram til 2016. Prestnes ser for seg at strukturen i heile kommunen no må vurderast. Intervju/redigering/foto: Kristian Hus
Publisert 02.02.12. | 
Engasjert debatt med høg temperatur Mandatet til prosjektgruppa for utbygging av Rosendalstunet, forslaget til funksjonsdeling mellom sonene og vurdering av ny sonestruktur stod på saklista til kommunestyret i dag. Men den over to timar lange debatten kom aller mest til å dreia seg om forslaget frå rådmannen om reduksjonar i Ølve og Hatlestrand. Det vart òg mykje snakk om tvil og tru om tala adminstrasjonen har lagt fram for politikarane, og fleire brukte endåtil ordet ''løgn'' i debatten. Arne Presthus (H) frå Ølve tykkjer administrasjonen har lagt føringar og premissar for utgreiingsarbeidet. Han har dessutan ei kjensle av at utbygginga andre stader i kommunen, skal gå på bekostning av institusjonane i utkantane. Dermed blir bygdene sett opp mot kvarandre, og det er ikkje bra, seier høgremannen frå Ølve i dette lyd-intervjuet med HusnesNett.
Intervju/redigering/foto: Kristian Hus
Publisert 02.02.12. | 
Viktig med mange kreative innspel – Det er viktig med mange kreative innspel i ei så fastlåst sak som ferjesambandet mellom Kvinnherad og Stord. Det meiner tidlegare kommunepolitikar og ferjeaktivist, Arne Gjerde. Han reagerer på at fire formannskapsmedlemmer gjennom ei pressemelding har gått i rette med Komite for næring og samferdsel, som vil satsa på hurtigare ferjer mellom Ranavik og Skjersholmane i staden for å byggja nye ferjestø til mange hundre millionar kroner. Gjerde meiner dessutan at det er nærast bortkasta tid når formannskapa på Stord og i Kvinnherad i neste veke skal ha møte om nytt ferjestø i Djupavika når Kvinnherad vil ha eit heilt anna alternativ (Kverneneset).
Telefonintervju/redigering/foto: Kristian Hus
Publisert 30.01.12. | 
Klar til kamp for Ølve og Varaldsøy Folk i Ølve og på Varaldsøy reiser seg til kamp for å behalda aldersheimane sine. Det kom tydeleg fram på folkemøtet i eit fullsett samfunnshus i Rosendal tysdag kveld. – Det kjennest tungt å ha dette hengjande over seg, sa Hans Storedale (til venstre på bildet) blant anna, medan Steinar Bjørkelund var skuffa over det administrasjonen og politikarane har lagt opp til. – Prøv å finn andre løysingar enn å leggja ned på nordsida for å finansiera drifta av det nye Rosendalstunet, var hans oppmoding. I intervju med HusnesNett etter møtet beklagar begge to at det no ser ut til å bli ein kamp mellom utkantane på nordsida og Rosendal. Men det er det ikkje, slår dei to kamplystne ølvisane fast. Intervju/redigering/foto: Kristian Hus
Publisert 24.01.12 kl 21.46.
| 
Gledde seg over nytt ferjeutspel – Heilt fantastisk! Det sa Per Henrik Opdal til HusnesNett i desember 2010 etter at Harry Herstad hadde kome med nye tankar om sambandet mellom Kvinnherad og Stord. Ferje frå Sunde til Huglo eller Laukhammar på Skorpo og bru over Langenuen, er det mest realistiske no, sa den engasjerte sundebuen den gongen. Han meinte det var på tide at politikarane i Kvinnherad vakna opp og set i gang prosessen for eit famtidsretta samferdsleprosjekt mot E39. For fleire år sidan sende Opdal eit personleg brev til alle politikarane på Stord om å følgja opp desse tankane, i staden for å byggja nytt ferjestø. Intervju og redigering: Kristian Hus Foto: Magne Fitjar (2. gangs publisering: 23.01.12) | 
– Fylkesrådmannen er ein rolpekopp! Fylkesrådmannen sitt forslag om å fjerna snøggbåtrutene i Sunnhordland vekkjer både harme og undring i heile regionen. På Facebook går diskusjonane høgare enn nokon gong der folk i kvasse ordelag seier kva dei meiner. – Fylkesrådmannen er ein rolpekopp, seier Arne Torget mellom anna i eit dikt han har skrive om saka. Intervju/redigering/foto: Kristian Hus
Publisert 14.01.12. | 
Stemningsfull musikk Besach er tittelen på denne stemningsfulle melodien Andreas Skjellevik Bjørsvik (til venstre på bildet) og Eirik Myhre Brakestad på Valen har komponert. Dei har begge fått undervisning i klassisk gitar i Kvinnherad Kulturskule.
| | 04.02.2012 | Kveldsstemning | Vinterkveld over Nordefjell og Kokkelberg i 17.30-tida i kveld, laurdag. Blåtimen på sitt beste. Form og farge, natur og lys, fanga frå HusnesNett.no mot Valen i eit stadig skiftande naturlandskap, time for time, minutt for minutt...
Kvinnherad på sitt beste!
GOD HELG!
| | 03.02.2012 | Kvedarkurs for store og små | Folkemusikkveka i Kvinnherad ladar opp med kvedarkurs: I tre helgar, mars, april og september, vil barn og vaksne få høve til å læra seg kvedarkunsten saman med fylkeskvedar og songpedagog Reidun Horvei og songaren Kari Malmanger frå Rosendal. | | 03.02.2012 | Driftsendringar – men 60 plassar i Rosendal | Eit samla kommunestyre står fast på at Rosendalstunet skal byggjast ut med 60 plassar, slik dei vedtok 17. november i fjor. Samtidig seier dei folkevalde at det vil bli driftsendringar ved alle institusjonane, og innan pleie- og omsorg når dei nye plassane ved Rosendalstunet er ferdige.
| | 02.02.2012 | Vil verna om Ølve og Hatlestrand: Og heller vurdera mindre utbyggjing i Rosendal | – Eg ser ingen grunn til at vi skal leggja ned i Ølve og på Varaldsøy dei næraste åra. Det seier Ole Torbjørn Holmedal (Frp) etter debatten i kommunestyret i dag. Alternativet kan vera å vurdera ei mindre utbyggjing i Rosendal over lengre tid, seier han. HØYR LYDINTERVJU MED HOLMEDAL PÅ NESTE SIDE! | | 02.02.2012 | Miljøfyrtårn-diplom til vidaregåande skule | Kvinnherad vidaregåande skule er sertifisert som Miljøfyrtårn-bedrift, og fekk i dag utdelt det synlege beviset i kommunestyret. Rektor Audun Bjelland og elevrådsleiar Ingrid Handeland tok i mot utmerkinga frå ordførar Synnøve Solbakken. | | 01.02.2012 | Våtare januar enn «normalt» | Sat du med eit inntrykk av at januar månad var tørr og fin? I så fall tok du nok feil, i alle fall i høve til nedbør (regn og snø). For vêrobservatørane på SØRAL veit eksakt korleis det var. | | 01.02.2012 | Ny dag – og nye ferje-problem | Svært ofte i det siste har Norled (tidlegare Tide Sjø) sendt ut SMS-meldingar om problem med ei av ferjene i sambandet Ranavik – Skjersholmane. Klokka 14.43 i dag kom den andre meldinga frå selskapet, denne gong om at avgangen frå Skjersholmane klokka 16.15 i rute 2 og avgangen klokka 17 frå Ranavik er innstilt på grunn av tekniske problem. Selskapet reknar med normal drift frå Skjersholmane klokka 17.45. | | | | |