|  | |
| MENY |
| | | | | | | | | | | | Dagens bilde |  | | | Søk | |
| | REDAKSJON (DA): | | | | Linkar | | |
|
|
Snart hjortejakt – 1513 dyr kan fellast31.08.2010 20:46 |  | | Frå 10. september blir det utrygt å vera hjort i Kvinnherad. (Arkivfoto: Geir Remme) |
| | | | – Eg ventar at jegrane i Kvinnherad greier å setja ny fellingsrekord i år óg, seier viltforvaltar Leif Trygve Varanes til HusnesNett, etter som det for 2010-sesongen er ein betydeleg auke i løyvetalet. | | | | Av Kristian Hus | | | | I fjor vart det gitt løyve til felling av totalt 1350 dyr i dei ulike jaktvalda (områda) i kommunen, medan talet i år er auka til 1513. I tillegg kjem nokre løyve knytt til bestandsplanar for ulike planområde, noko som gjev rom for felling av totalt 1620 dyr. | | | | 2008 vart eit rekordår for felling av hjort i Kvinnherad. Då vart det innrapportert 1076 dyr til viltnemnda. Men rekorden blei ikkje gammal, for alt i fjor melde jegrane om 1183 skotne dyr. | | | Aukande interesse – Det er aukande interesse for å vera med på jakta i Kvinnherad, kommunen med den største hjortestamma i landet, seier Leif Trygve Varanes. Og det er ikkje berre fastbuande som viser interesse, også folk frå andre stader kjem hit for å delta i den årlege hjortejakta. | | | | Viltforvaltaren har inntrykk av at omsetjing av jaktløyve blir meir og meir vanleg her òg. | | | Jaktprøve og betalt avgift Varanes minner om at grunneigarane har plikt til å kontrollera at dei som går på jakt har papira i orden og at dei har avlagt den obligatoriske skyteprøven. | | | | Det finst elles ein del rådyr i Kvinnherad, utan at Varanes kan talfesta det. Men han seier at Viltnemnda vil vurdera jakt på desse dyra til neste år. | | | | Viltforvaltaren har ikkje eksakt oversikt over kor mange som deltek i hjortejakta, men han tippar at mellom 300 og 400, dei fleste menn, stikk til skogs med børse over skuldera frå 10. september og utover så lenge jakta varer. Eller til dess dei har skote kvoten sin... | | | Sjå tidlegare publiserte hjortevideo på HusnesNett
| | | | | | | | |
| |
|
| | 
Vil ikkje spekulera om Rosendalstunet – Nesten ingen snakkar om økonomi i denne saka, og vil helst feia problemet under teppet. Det sa Knut Prestnes (Uavh.) i debatten om pleie og omsorg i kommunestyret i dag. Slik han ser det etter tala som vart lagt frå administrasjonen, er det ingen annan utveg enn å byggja ut Rosendalstunet i fleire etappar. – Ingen har fortalt oss eksakt kva det vil kosta å byggja 60 nye plassar eller kva driftsutgiftene vil bli, seier Prestnes i dette intervjuet. Han vil ikkje spekulera i kor mange plassar kommunen vil få råd til å byggja i Rosendal i første omgang, etter som dette vil koma betre fram når kommunestyret skal diskutera økonomiplanen fram til 2016. Prestnes ser for seg at strukturen i heile kommunen no må vurderast. Intervju/redigering/foto: Kristian Hus
Publisert 02.02.12. | 
Engasjert debatt med høg temperatur Mandatet til prosjektgruppa for utbygging av Rosendalstunet, forslaget til funksjonsdeling mellom sonene og vurdering av ny sonestruktur stod på saklista til kommunestyret i dag. Men den over to timar lange debatten kom aller mest til å dreia seg om forslaget frå rådmannen om reduksjonar i Ølve og Hatlestrand. Det vart òg mykje snakk om tvil og tru om tala adminstrasjonen har lagt fram for politikarane, og fleire brukte endåtil ordet ''løgn'' i debatten. Arne Presthus (H) frå Ølve tykkjer administrasjonen har lagt føringar og premissar for utgreiingsarbeidet. Han har dessutan ei kjensle av at utbygginga andre stader i kommunen, skal gå på bekostning av institusjonane i utkantane. Dermed blir bygdene sett opp mot kvarandre, og det er ikkje bra, seier høgremannen frå Ølve i dette lyd-intervjuet med HusnesNett.
Intervju/redigering/foto: Kristian Hus
Publisert 02.02.12. | 
Viktig med mange kreative innspel – Det er viktig med mange kreative innspel i ei så fastlåst sak som ferjesambandet mellom Kvinnherad og Stord. Det meiner tidlegare kommunepolitikar og ferjeaktivist, Arne Gjerde. Han reagerer på at fire formannskapsmedlemmer gjennom ei pressemelding har gått i rette med Komite for næring og samferdsel, som vil satsa på hurtigare ferjer mellom Ranavik og Skjersholmane i staden for å byggja nye ferjestø til mange hundre millionar kroner. Gjerde meiner dessutan at det er nærast bortkasta tid når formannskapa på Stord og i Kvinnherad i neste veke skal ha møte om nytt ferjestø i Djupavika når Kvinnherad vil ha eit heilt anna alternativ (Kverneneset).
Telefonintervju/redigering/foto: Kristian Hus
Publisert 30.01.12. | 
Klar til kamp for Ølve og Varaldsøy Folk i Ølve og på Varaldsøy reiser seg til kamp for å behalda aldersheimane sine. Det kom tydeleg fram på folkemøtet i eit fullsett samfunnshus i Rosendal tysdag kveld. – Det kjennest tungt å ha dette hengjande over seg, sa Hans Storedale (til venstre på bildet) blant anna, medan Steinar Bjørkelund var skuffa over det administrasjonen og politikarane har lagt opp til. – Prøv å finn andre løysingar enn å leggja ned på nordsida for å finansiera drifta av det nye Rosendalstunet, var hans oppmoding. I intervju med HusnesNett etter møtet beklagar begge to at det no ser ut til å bli ein kamp mellom utkantane på nordsida og Rosendal. Men det er det ikkje, slår dei to kamplystne ølvisane fast. Intervju/redigering/foto: Kristian Hus
Publisert 24.01.12 kl 21.46.
| 
Gledde seg over nytt ferjeutspel – Heilt fantastisk! Det sa Per Henrik Opdal til HusnesNett i desember 2010 etter at Harry Herstad hadde kome med nye tankar om sambandet mellom Kvinnherad og Stord. Ferje frå Sunde til Huglo eller Laukhammar på Skorpo og bru over Langenuen, er det mest realistiske no, sa den engasjerte sundebuen den gongen. Han meinte det var på tide at politikarane i Kvinnherad vakna opp og set i gang prosessen for eit famtidsretta samferdsleprosjekt mot E39. For fleire år sidan sende Opdal eit personleg brev til alle politikarane på Stord om å følgja opp desse tankane, i staden for å byggja nytt ferjestø. Intervju og redigering: Kristian Hus Foto: Magne Fitjar (2. gangs publisering: 23.01.12) | 
– Fylkesrådmannen er ein rolpekopp! Fylkesrådmannen sitt forslag om å fjerna snøggbåtrutene i Sunnhordland vekkjer både harme og undring i heile regionen. På Facebook går diskusjonane høgare enn nokon gong der folk i kvasse ordelag seier kva dei meiner. – Fylkesrådmannen er ein rolpekopp, seier Arne Torget mellom anna i eit dikt han har skrive om saka. Intervju/redigering/foto: Kristian Hus
Publisert 14.01.12. | 
Stemningsfull musikk Besach er tittelen på denne stemningsfulle melodien Andreas Skjellevik Bjørsvik (til venstre på bildet) og Eirik Myhre Brakestad på Valen har komponert. Dei har begge fått undervisning i klassisk gitar i Kvinnherad Kulturskule.
| | 04.02.2012 | Kveldsstemning | Vinterkveld over Nordefjell og Kokkelberg i 17.30-tida i kveld, laurdag. Blåtimen på sitt beste. Form og farge, natur og lys, fanga frå HusnesNett.no mot Valen i eit stadig skiftande naturlandskap, time for time, minutt for minutt...
Kvinnherad på sitt beste!
GOD HELG!
| | 03.02.2012 | Kvedarkurs for store og små | Folkemusikkveka i Kvinnherad ladar opp med kvedarkurs: I tre helgar, mars, april og september, vil barn og vaksne få høve til å læra seg kvedarkunsten saman med fylkeskvedar og songpedagog Reidun Horvei og songaren Kari Malmanger frå Rosendal. | | 03.02.2012 | Driftsendringar – men 60 plassar i Rosendal | Eit samla kommunestyre står fast på at Rosendalstunet skal byggjast ut med 60 plassar, slik dei vedtok 17. november i fjor. Samtidig seier dei folkevalde at det vil bli driftsendringar ved alle institusjonane, og innan pleie- og omsorg når dei nye plassane ved Rosendalstunet er ferdige.
| | 02.02.2012 | Vil verna om Ølve og Hatlestrand: Og heller vurdera mindre utbyggjing i Rosendal | – Eg ser ingen grunn til at vi skal leggja ned i Ølve og på Varaldsøy dei næraste åra. Det seier Ole Torbjørn Holmedal (Frp) etter debatten i kommunestyret i dag. Alternativet kan vera å vurdera ei mindre utbyggjing i Rosendal over lengre tid, seier han. HØYR LYDINTERVJU MED HOLMEDAL PÅ NESTE SIDE! | | 02.02.2012 | Miljøfyrtårn-diplom til vidaregåande skule | Kvinnherad vidaregåande skule er sertifisert som Miljøfyrtårn-bedrift, og fekk i dag utdelt det synlege beviset i kommunestyret. Rektor Audun Bjelland og elevrådsleiar Ingrid Handeland tok i mot utmerkinga frå ordførar Synnøve Solbakken. | | 01.02.2012 | Våtare januar enn «normalt» | Sat du med eit inntrykk av at januar månad var tørr og fin? I så fall tok du nok feil, i alle fall i høve til nedbør (regn og snø). For vêrobservatørane på SØRAL veit eksakt korleis det var. | | 01.02.2012 | Ny dag – og nye ferje-problem | Svært ofte i det siste har Norled (tidlegare Tide Sjø) sendt ut SMS-meldingar om problem med ei av ferjene i sambandet Ranavik – Skjersholmane. Klokka 14.43 i dag kom den andre meldinga frå selskapet, denne gong om at avgangen frå Skjersholmane klokka 16.15 i rute 2 og avgangen klokka 17 frå Ranavik er innstilt på grunn av tekniske problem. Selskapet reknar med normal drift frå Skjersholmane klokka 17.45. | | | | |
| |
|