Kveldsstemning  Foto: Geir Remme/Remme Fotobyrå Vinterkveld over Nordefjell og Kokkelberg i 17.30-tida i kveld, laurdag. Blåtimen på sitt beste. Form og farge, natur og lys, fanga frå HusnesNett.no mot Valen i eit stadig skiftande naturlandskap, time for time, minutt for minutt...
Kvinnherad på sitt beste!
GOD HELG!
04.02.2012 17:40 |
|
Kvedarkurs for store og små  Kari Malmanger skal læra kvinnheringane å kveda. (Arkivfoto frå Husnes kyrkje: Magne Fitjar) Folkemusikkveka i Kvinnherad ladar opp med kvedarkurs: I tre helgar, mars, april og september, vil barn og vaksne få høve til å læra seg kvedarkunsten saman med fylkeskvedar og songpedagog Reidun Horvei og songaren Kari Malmanger frå Rosendal.
03.02.2012 13:07 |
|
Driftsendringar – men 60 plassar i Rosendal  Marit Storedale (t.v.) og Arne Presthus frå Ølve leverte over 500 underskrifter til støtte for alderspensjonatet i bygda til ordførar Synnøve Solbakken før kommunestyret byrja den lange debatten om pleie og omsorg. (Foto: Kristian Hus) Eit samla kommunestyre står fast på at Rosendalstunet skal byggjast ut med 60 plassar, slik dei vedtok 17. november i fjor. Samtidig seier dei folkevalde at det vil bli driftsendringar ved alle institusjonane, og innan pleie- og omsorg når dei nye plassane ved Rosendalstunet er ferdige.
03.02.2012 13:03 |
|
Vil verna om Ølve og Hatlestrand: Og heller vurdera mindre utbyggjing i Rosendal  – Heilt uaktuelt å leggja ned her, seier Ole Torbjørn Holmedal, og peikar på Ølve. (Foto: Kristian Hus) – Eg ser ingen grunn til at vi skal leggja ned i Ølve og på Varaldsøy dei næraste åra. Det seier Ole Torbjørn Holmedal (Frp) etter debatten i kommunestyret i dag. Alternativet kan vera å vurdera ei mindre utbyggjing i Rosendal over lengre tid, seier han. HØYR LYDINTERVJU MED HOLMEDAL PÅ NESTE SIDE!
02.02.2012 18:31 |
|
Miljøfyrtårn-diplom til vidaregåande skule  Ingrid Handeland takkar ordførar Synnøve Solbakken for utmerkinga. (Foto: Kristian Hus) Kvinnherad vidaregåande skule er sertifisert som Miljøfyrtårn-bedrift, og fekk i dag utdelt det synlege beviset i kommunestyret. Rektor Audun Bjelland og elevrådsleiar Ingrid Handeland tok i mot utmerkinga frå ordførar Synnøve Solbakken.
02.02.2012 15:00 |
|
Våtare januar enn «normalt»  Det skorta ikkje på nedbør i januar heller. Sat du med eit inntrykk av at januar månad var tørr og fin? I så fall tok du nok feil, i alle fall i høve til nedbør (regn og snø). For vêrobservatørane på SØRAL veit eksakt korleis det var.
01.02.2012 19:01 |
|
Ny dag – og nye ferje-problem  Igjen og igjen. (Foto: Kristian Hus) Svært ofte i det siste har Norled (tidlegare Tide Sjø) sendt ut SMS-meldingar om problem med ei av ferjene i sambandet Ranavik – Skjersholmane. Klokka 14.43 i dag kom den andre meldinga frå selskapet, denne gong om at avgangen frå Skjersholmane klokka 16.15 i rute 2 og avgangen klokka 17 frå Ranavik er innstilt på grunn av tekniske problem. Selskapet reknar med normal drift frå Skjersholmane klokka 17.45.
01.02.2012 14:57 |
|