Framsida
MENY
Dagens bilde
Blåtimen
Meiningsmåling
Formannskapet skal snart diskutera ferjesambandet mellom Kvinnherad og Stord. Kva meiner du er det beste alternativet?
Ranavik – Skjersholmane
Ranavik – Djupavika
Ranavik – Kverneneset
Ranavik – Jektevik
Ranavik – Huglo/Tysnes
Sunde – Skjersholmane
Sunde – Djupavika
Sunde – Kverneneset
Sunde – Jektevik
Sunde – Huglo/Tysnes
Er usikker
 
 
Sjå resultat
Søk
 
REDAKSJON (DA):
epost
 
Kristian Hus
Tlf. 995 20 864
 
Magne Fitjar
Tlf. 957 86 240
 
Dag Remme (video)
Tlf. 901 60 685 
 
 
GRAFISK DESIGN:
Multipleks
 
TEKNISK UTVIKLING:
iDrift AS
Linkar

Nyhendearkiv

Komite for næring og samferdsle i Kvinnherad:
– Skrinlegg alle planar om nye ferjestø!
Ole Torbjørn Holmedal vil ikkje ha diskusjon om Sunde eller andre stader på fastlandssida før Kyststamvegen over Tysnes nærmar seg. (Foto: Kristian Hus)
Halvanna veke før formannskapa i Kvinnherad og Stord skal ha sammøte om nytt ferjestø i Djupavika på Stord, kjem Komité for næring og samferdsle med eit heller oppsiktsvekkjande forslag: Legg vekk alle planar om nye ferjestø i begge kommunar, og sats heller mellombels på betre og raskare ferjer mellom Ranavik og Skjersholmane medan vi ventar på Kyststamvegen over Tysnes. I god tid før han kjem, kan ein tenkja på nytt ferjestø på Kvinnheradsida, meiner komiteen.

27.01.2012 17:18
Ingen over – ingen ved sida:
Både fellings- og norgesrekord i Kvinnherad i fjor
Kvinnherad har norgesrekord i talet på skotne hjort. (Foto: Geir Remme)
Det vart i 2011, som året før, sett ny fellingsrekord for hjort i Kvinnherad. Den nye rekorden er på 1250 dyr, ein auke på fem dyr frå 2010. I tillegg vart det skote 16 rådyr, som det vart lov å fella for første gang i fjor.

 

– Ingen over, ingen ved sida, seier skogbrukssjef Terje Natland om det han meiner er norgesrekord.

27.01.2012 10:15
Bokinspirator til Kvinnherad neste veke
– Energi og begeistring, er mine våpen, seier Liv Gade. (Pressefoto)
Liv Gade har arbeidd som bokinspirator i 10 år. Ho reiser rundt i heile landet, og jamvel i utlandet for å inspirera og motivera små og store til å lesa. Onsdag 1. februar kjem ho til Kvinnherad. Her skal ho møta elevane i ungdomsskulane på Halsnøy og i Rosendal, og vera på Kvinnherad bibliotek om kvelden.
26.01.2012 19:21
Framleis snøggbåt Sunnhordland – Bergen:
Fylkesutvalet sa nei til reduksjonar
Kvinnheringane reeiste seg til kamp – og vann. (Foto: Kristian Hus)
Fleire tusen kvinnheringar og andre sunnhordlendingar reiste seg til kamp mot fylkes-rådmannen sitt forslag om å redusera snøggbåtrutene mellom Bergen og Sunnhordland, og no er saka avgjort: Rutene skal i hovudsak vidareførast etter dagens opplegg. Det har fylkes-utvalet i Hordaland vedteke i dag – samrøystes.
Den massive motstanden frå innbyggjarar og lokalpolitikarar gjorde truleg sitt til at Sunnhordlandsruta overlevde den endelege behandlinga i Fylkesutvalet, skriv Haugesunds Avis. Fylkesordførar Tom–Christer Nilsen (H) stadfester dette, og seier at det store engasjementet var med på å gjera politikarane tryggare på at det var ei rett avgjersle å behalda ruta.

 
26.01.2012 18:44
Møtet om Rosendalstunet – ei sjokkoppleving:
– Nokre få prøver å skapa misnøye!
Kjell Yri meiner nokre få personar i Rosendal prøver å skapa misnøye. (Arkivfoto)
– Kva i all verda er det som har skjedd med rosendelingane? undrar kommunepolitikar Kjell Yri (V) seg over i eit lesarbrev i dag. Han skildrar folkemøtet om Rosendalstunet tysdag nærast som ei sjokkoppleving, og meiner at nokre få personar – med vilje – prøver å skapa misnøye.

 

– Det vert på ein måte ein massesuggesjon ein ikkje greier å stansa, seier uskedelingen.

 


26.01.2012 13:13
– Ferje til Jektevik bør bli permanent!
Ferjestø-debatten blussar opp igjen, og fleire talsmenn held framleis på Sunde – Jektevik som det beste alternativet. (Kart: Håkon Røstbø)
– Du verda! utbryt ein aldri så lite overraska kommunepolitikar Håkon Røstbø (Ap) etter at han i går kunne lesa på HusnesNett om problema i ferjesambandet mot Stord, og at den eine ferja var omdirigert til Jektevik. Skal tru om Norled merka seg kritikken frå dei reisande sist selskapet var oppe i ein slik situasjon, og problema dei hadde då med å halda rutetidene mellom Ranavik og Skjersholmane? undrast Røstbø.
26.01.2012 00:03
Asle Sund leiar i Kvinnherad veteranlag
Asle Sund er valt til leiar i veteranlaget i Kvinnherad. (Arkivfoto: Kristian Hus)
Med president Odd Helge Olsen som gjest vart det i går kveld halde konstituerande årsmøte for eit veteranlag i Kvinnherad. Asle Sund frå Husnes vart valt til leiar. Sjølv om berre sju personar møtte fram til stiftingsmøtet i Uskedalen, var presidenten likevel optimist. Han minna om at organisasjonen Norges Veteranforbund for internasjonale operasjoner (NVIO) for tida har vind i segla.
25.01.2012 13:03
 
  Førre
Neste  

Vil ikkje spekulera om Rosendalstunet
– Nesten ingen snakkar om økonomi i denne saka, og vil helst feia problemet under teppet. Det sa Knut Prestnes (Uavh.) i debatten om pleie og omsorg  i kommunestyret i dag. Slik han ser det etter tala som vart lagt frå administrasjonen, er det ingen annan utveg enn å byggja ut Rosendalstunet i fleire etappar.
– Ingen har fortalt oss eksakt kva det vil kosta å byggja 60 nye plassar eller kva driftsutgiftene vil bli, seier Prestnes i dette intervjuet. Han vil ikkje spekulera i kor mange plassar kommunen vil få råd til å byggja i Rosendal i første omgang, etter som dette vil koma betre fram når kommunestyret skal diskutera økonomiplanen fram til 2016.
Prestnes ser for seg at strukturen i heile kommunen no må vurderast.

 

Intervju/redigering/foto:
Kristian Hus

Publisert 02.02.12.

Engasjert debatt med høg temperatur
Mandatet til prosjektgruppa for utbygging av Rosendalstunet, forslaget til funksjonsdeling mellom sonene og vurdering av ny sonestruktur stod på saklista til kommunestyret i dag. Men den over to timar lange debatten kom aller mest til å dreia seg om forslaget frå rådmannen om reduksjonar i Ølve og Hatlestrand.
Det vart òg mykje snakk om tvil og tru om tala adminstrasjonen har lagt fram for politikarane, og fleire brukte endåtil ordet ''løgn'' i debatten.

 

Arne Presthus (H) frå Ølve tykkjer administrasjonen har lagt føringar og premissar for utgreiingsarbeidet. Han har dessutan ei kjensle av at utbygginga andre stader i kommunen, skal gå på bekostning av institusjonane i utkantane. Dermed blir bygdene sett opp mot kvarandre, og det er ikkje bra, seier høgremannen frå Ølve i dette lyd-intervjuet med HusnesNett.

Intervju/redigering/foto:
Kristian Hus

Publisert 02.02.12.

Viktig med mange kreative innspel
– Det er viktig med mange kreative innspel i ei så fastlåst sak som ferjesambandet mellom Kvinnherad og Stord. Det meiner tidlegare kommunepolitikar og ferjeaktivist, Arne Gjerde. Han reagerer på at fire formannskapsmedlemmer gjennom ei pressemelding har gått i rette med Komite for næring og samferdsel, som vil satsa på hurtigare ferjer mellom Ranavik og Skjersholmane i staden for å byggja nye ferjestø til mange hundre millionar kroner.
Gjerde meiner dessutan at det er nærast bortkasta tid når formannskapa på Stord og i Kvinnherad i neste veke skal ha møte om nytt ferjestø i Djupavika når Kvinnherad vil ha eit heilt anna alternativ (Kverneneset).

Telefonintervju/redigering/foto:
Kristian Hus


Publisert 30.01.12.

Klar til kamp for Ølve og Varaldsøy
Folk i Ølve og på Varaldsøy reiser seg til kamp for å behalda aldersheimane sine. Det kom tydeleg fram på folkemøtet i eit fullsett samfunnshus i Rosendal tysdag kveld.
– Det kjennest tungt å ha dette hengjande over seg, sa Hans Storedale (til venstre på bildet) blant anna, medan Steinar Bjørkelund var skuffa over det administrasjonen og politikarane har lagt opp til.
– Prøv å finn andre løysingar enn å leggja ned på nordsida for å finansiera drifta av det nye Rosendalstunet, var hans oppmoding.
I intervju med HusnesNett etter møtet beklagar begge to at det no ser ut til å bli ein kamp mellom utkantane på nordsida og Rosendal. Men det er det ikkje, slår dei to kamplystne ølvisane fast.

 

Intervju/redigering/foto: Kristian Hus

Publisert 24.01.12 kl 21.46.


Gledde seg over nytt ferjeutspel
– Heilt fantastisk! Det sa Per Henrik Opdal til HusnesNett i desember 2010 etter at Harry Herstad hadde kome med nye tankar om sambandet mellom Kvinnherad og Stord. Ferje frå Sunde til Huglo eller Laukhammar på Skorpo og bru over Langenuen, er det mest realistiske no, sa den engasjerte sundebuen den gongen. Han meinte det var på tide at politikarane i Kvinnherad vakna opp og set i gang prosessen for eit famtidsretta samferdsleprosjekt mot E39.
For fleire år sidan sende Opdal eit personleg brev til alle politikarane på Stord om å følgja opp desse tankane, i staden for å byggja nytt ferjestø.
 
Intervju og redigering: Kristian Hus
Foto: Magne Fitjar

 

(2. gangs publisering: 23.01.12)

 


– Fylkesrådmannen er ein rolpekopp!
Fylkesrådmannen sitt forslag om å fjerna snøggbåtrutene i Sunnhordland vekkjer både harme og undring i heile regionen. På Facebook går diskusjonane høgare enn nokon gong der folk i kvasse ordelag seier kva dei meiner.
– Fylkesrådmannen er ein rolpekopp, seier Arne Torget mellom anna i eit dikt han har skrive om saka.

 

Intervju/redigering/foto:
Kristian Hus

Publisert 14.01.12.

 


Stemningsfull musikk
Besach er tittelen på denne stemningsfulle melodien Andreas Skjellevik Bjørsvik (til venstre på bildet) og Eirik Myhre Brakestad på Valen har komponert. Dei har begge fått undervisning i klassisk gitar i Kvinnherad Kulturskule.
04.02.2012
Kveldsstemning

Vinterkveld over Nordefjell og Kokkelberg i 17.30-tida i kveld, laurdag. Blåtimen på sitt beste. Form og farge, natur og lys, fanga frå HusnesNett.no mot Valen i eit stadig skiftande naturlandskap, time for time, minutt for minutt...

Kvinnherad på sitt beste!

GOD HELG!
03.02.2012
Kvedarkurs for store og små
Folkemusikkveka i Kvinnherad ladar opp med kvedarkurs: I tre helgar, mars, april og september, vil barn og vaksne få høve til å læra seg kvedarkunsten saman med fylkeskvedar og songpedagog Reidun Horvei og songaren Kari Malmanger frå Rosendal.
03.02.2012
Driftsendringar – men 60 plassar i Rosendal

Eit samla kommunestyre står fast på at Rosendalstunet skal byggjast ut med 60 plassar, slik dei vedtok 17. november i fjor. Samtidig seier dei folkevalde at det vil bli driftsendringar ved alle institusjonane, og innan pleie- og omsorg når dei nye plassane ved Rosendalstunet er ferdige.
02.02.2012
Vil verna om Ølve og Hatlestrand:
Og heller vurdera mindre utbyggjing i Rosendal
– Eg ser ingen grunn til at vi skal leggja ned i Ølve og på Varaldsøy dei næraste åra. Det seier Ole Torbjørn Holmedal (Frp) etter debatten i kommunestyret i dag. Alternativet kan vera å vurdera ei mindre utbyggjing i Rosendal over lengre tid, seier han.

 

HØYR LYDINTERVJU MED HOLMEDAL PÅ NESTE SIDE!
02.02.2012
Miljøfyrtårn-diplom til vidaregåande skule
Kvinnherad vidaregåande skule er sertifisert som Miljøfyrtårn-bedrift, og fekk i dag utdelt det synlege beviset i kommunestyret. Rektor Audun Bjelland og elevrådsleiar Ingrid Handeland tok i mot utmerkinga frå ordførar Synnøve Solbakken.
01.02.2012
Våtare januar enn «normalt»
Sat du med eit inntrykk av at januar månad var tørr og fin? I så fall tok du nok feil, i alle fall i høve til nedbør (regn og snø). For vêrobservatørane på SØRAL veit eksakt korleis det var.
01.02.2012
Ny dag – og nye ferje-problem
Svært ofte i det siste har Norled (tidlegare Tide Sjø) sendt ut SMS-meldingar om problem med ei av ferjene i sambandet Ranavik  – Skjersholmane. Klokka 14.43 i dag kom den andre meldinga frå selskapet, denne gong om at avgangen frå Skjersholmane klokka 16.15 i rute 2 og avgangen klokka 17 frå Ranavik er innstilt på grunn av tekniske problem.
Selskapet reknar med normal drift frå Skjersholmane klokka 17.45.