Framsida
MENY
Dagens bilde
Blåtimen
Meiningsmåling
Formannskapet skal snart diskutera ferjesambandet mellom Kvinnherad og Stord. Kva meiner du er det beste alternativet?
Ranavik – Skjersholmane
Ranavik – Djupavika
Ranavik – Kverneneset
Ranavik – Jektevik
Ranavik – Huglo/Tysnes
Sunde – Skjersholmane
Sunde – Djupavika
Sunde – Kverneneset
Sunde – Jektevik
Sunde – Huglo/Tysnes
Er usikker
 
 
Sjå resultat
Søk
 
REDAKSJON (DA):
epost
 
Kristian Hus
Tlf. 995 20 864
 
Magne Fitjar
Tlf. 957 86 240
 
Dag Remme (video)
Tlf. 901 60 685 
 
 
GRAFISK DESIGN:
Multipleks
 
TEKNISK UTVIKLING:
iDrift AS
Linkar

Nyhendearkiv

Vil verna om Ølve og Hatlestrand:
Og heller vurdera mindre utbyggjing i Rosendal
– Heilt uaktuelt å leggja ned her, seier Ole Torbjørn Holmedal, og peikar på Ølve. (Foto: Kristian Hus)
– Eg ser ingen grunn til at vi skal leggja ned i Ølve og på Varaldsøy dei næraste åra. Det seier Ole Torbjørn Holmedal (Frp) etter debatten i kommunestyret i dag. Alternativet kan vera å vurdera ei mindre utbyggjing i Rosendal over lengre tid, seier han.

 

HØYR LYDINTERVJU MED HOLMEDAL PÅ NESTE SIDE!

02.02.2012 18:31
Miljøfyrtårn-diplom til vidaregåande skule
Ingrid Handeland takkar ordførar Synnøve Solbakken for utmerkinga. (Foto: Kristian Hus)
Kvinnherad vidaregåande skule er sertifisert som Miljøfyrtårn-bedrift, og fekk i dag utdelt det synlege beviset i kommunestyret. Rektor Audun Bjelland og elevrådsleiar Ingrid Handeland tok i mot utmerkinga frå ordførar Synnøve Solbakken.
02.02.2012 15:00
Våtare januar enn «normalt»
Det skorta ikkje på nedbør i januar heller.
Sat du med eit inntrykk av at januar månad var tørr og fin? I så fall tok du nok feil, i alle fall i høve til nedbør (regn og snø). For vêrobservatørane på SØRAL veit eksakt korleis det var.
01.02.2012 19:01
Ny dag – og nye ferje-problem
Igjen og igjen. (Foto: Kristian Hus)
Svært ofte i det siste har Norled (tidlegare Tide Sjø) sendt ut SMS-meldingar om problem med ei av ferjene i sambandet Ranavik  – Skjersholmane. Klokka 14.43 i dag kom den andre meldinga frå selskapet, denne gong om at avgangen frå Skjersholmane klokka 16.15 i rute 2 og avgangen klokka 17 frå Ranavik er innstilt på grunn av tekniske problem.
Selskapet reknar med normal drift frå Skjersholmane klokka 17.45.
 
01.02.2012 14:57
Satsar i Polen:
Noreq utvidar produksjonskapasiteten
Fabrikken er på om lag 5500 kvadratmeter forutan eit uteområde på om lag 15 mål.
For å kunna handtera husnesfirmaet Noreq AS sin vekst, har selskapet investert i nye produksjonsfasilitetar i Polen. Fabrikken er svært moderne og i ny tilstand, skriv selskapet i ei pressemelding.

01.02.2012 10:43
Biblar til 5. klasse-elevar tre søndagar på rad
Dei tre neste søndagane vert det under gudstenestene i Holmedal, Husnes, Valen og Uskedalen utdeling av «BIBELEN – ei vandring gjennom den store forteljinga» til elevar i 5. klasse. Dette er ei illustrert bibelutgåve som er laga med tanke på bruk i skule, heim og kyrkje.
01.02.2012 08:30
Fleire held seg til Den norske kyrkja
Fleire gjekk til kyrkje i fjor. (Foto: Geir Remme)
Berre to personar i Husnes og Holmedal sokn melde seg ut av den norske kyrkja i fjor. Samanlikna med året før er det ein nedgang på 9 personar eller nærpå 82 prosent, viser årsstatistikken for 2011. Talet på døypte som er busette i soknet gjekk derimot ned, frå 58 i 2010 til 52 i fjor.
31.01.2012 16:29
 
  Førre
Neste  

Vil ikkje spekulera om Rosendalstunet
– Nesten ingen snakkar om økonomi i denne saka, og vil helst feia problemet under teppet. Det sa Knut Prestnes (Uavh.) i debatten om pleie og omsorg  i kommunestyret i dag. Slik han ser det etter tala som vart lagt frå administrasjonen, er det ingen annan utveg enn å byggja ut Rosendalstunet i fleire etappar.
– Ingen har fortalt oss eksakt kva det vil kosta å byggja 60 nye plassar eller kva driftsutgiftene vil bli, seier Prestnes i dette intervjuet. Han vil ikkje spekulera i kor mange plassar kommunen vil få råd til å byggja i Rosendal i første omgang, etter som dette vil koma betre fram når kommunestyret skal diskutera økonomiplanen fram til 2016.
Prestnes ser for seg at strukturen i heile kommunen no må vurderast.

 

Intervju/redigering/foto:
Kristian Hus

Publisert 02.02.12.

Engasjert debatt med høg temperatur
Mandatet til prosjektgruppa for utbygging av Rosendalstunet, forslaget til funksjonsdeling mellom sonene og vurdering av ny sonestruktur stod på saklista til kommunestyret i dag. Men den over to timar lange debatten kom aller mest til å dreia seg om forslaget frå rådmannen om reduksjonar i Ølve og Hatlestrand.
Det vart òg mykje snakk om tvil og tru om tala adminstrasjonen har lagt fram for politikarane, og fleire brukte endåtil ordet ''løgn'' i debatten.

 

Arne Presthus (H) frå Ølve tykkjer administrasjonen har lagt føringar og premissar for utgreiingsarbeidet. Han har dessutan ei kjensle av at utbygginga andre stader i kommunen, skal gå på bekostning av institusjonane i utkantane. Dermed blir bygdene sett opp mot kvarandre, og det er ikkje bra, seier høgremannen frå Ølve i dette lyd-intervjuet med HusnesNett.

Intervju/redigering/foto:
Kristian Hus

Publisert 02.02.12.

Viktig med mange kreative innspel
– Det er viktig med mange kreative innspel i ei så fastlåst sak som ferjesambandet mellom Kvinnherad og Stord. Det meiner tidlegare kommunepolitikar og ferjeaktivist, Arne Gjerde. Han reagerer på at fire formannskapsmedlemmer gjennom ei pressemelding har gått i rette med Komite for næring og samferdsel, som vil satsa på hurtigare ferjer mellom Ranavik og Skjersholmane i staden for å byggja nye ferjestø til mange hundre millionar kroner.
Gjerde meiner dessutan at det er nærast bortkasta tid når formannskapa på Stord og i Kvinnherad i neste veke skal ha møte om nytt ferjestø i Djupavika når Kvinnherad vil ha eit heilt anna alternativ (Kverneneset).

Telefonintervju/redigering/foto:
Kristian Hus


Publisert 30.01.12.

Klar til kamp for Ølve og Varaldsøy
Folk i Ølve og på Varaldsøy reiser seg til kamp for å behalda aldersheimane sine. Det kom tydeleg fram på folkemøtet i eit fullsett samfunnshus i Rosendal tysdag kveld.
– Det kjennest tungt å ha dette hengjande over seg, sa Hans Storedale (til venstre på bildet) blant anna, medan Steinar Bjørkelund var skuffa over det administrasjonen og politikarane har lagt opp til.
– Prøv å finn andre løysingar enn å leggja ned på nordsida for å finansiera drifta av det nye Rosendalstunet, var hans oppmoding.
I intervju med HusnesNett etter møtet beklagar begge to at det no ser ut til å bli ein kamp mellom utkantane på nordsida og Rosendal. Men det er det ikkje, slår dei to kamplystne ølvisane fast.

 

Intervju/redigering/foto: Kristian Hus

Publisert 24.01.12 kl 21.46.


Gledde seg over nytt ferjeutspel
– Heilt fantastisk! Det sa Per Henrik Opdal til HusnesNett i desember 2010 etter at Harry Herstad hadde kome med nye tankar om sambandet mellom Kvinnherad og Stord. Ferje frå Sunde til Huglo eller Laukhammar på Skorpo og bru over Langenuen, er det mest realistiske no, sa den engasjerte sundebuen den gongen. Han meinte det var på tide at politikarane i Kvinnherad vakna opp og set i gang prosessen for eit famtidsretta samferdsleprosjekt mot E39.
For fleire år sidan sende Opdal eit personleg brev til alle politikarane på Stord om å følgja opp desse tankane, i staden for å byggja nytt ferjestø.
 
Intervju og redigering: Kristian Hus
Foto: Magne Fitjar

 

(2. gangs publisering: 23.01.12)

 


– Fylkesrådmannen er ein rolpekopp!
Fylkesrådmannen sitt forslag om å fjerna snøggbåtrutene i Sunnhordland vekkjer både harme og undring i heile regionen. På Facebook går diskusjonane høgare enn nokon gong der folk i kvasse ordelag seier kva dei meiner.
– Fylkesrådmannen er ein rolpekopp, seier Arne Torget mellom anna i eit dikt han har skrive om saka.

 

Intervju/redigering/foto:
Kristian Hus

Publisert 14.01.12.

 


Stemningsfull musikk
Besach er tittelen på denne stemningsfulle melodien Andreas Skjellevik Bjørsvik (til venstre på bildet) og Eirik Myhre Brakestad på Valen har komponert. Dei har begge fått undervisning i klassisk gitar i Kvinnherad Kulturskule.
04.02.2012
Kveldsstemning

Vinterkveld over Nordefjell og Kokkelberg i 17.30-tida i kveld, laurdag. Blåtimen på sitt beste. Form og farge, natur og lys, fanga frå HusnesNett.no mot Valen i eit stadig skiftande naturlandskap, time for time, minutt for minutt...

Kvinnherad på sitt beste!

GOD HELG!
03.02.2012
Kvedarkurs for store og små
Folkemusikkveka i Kvinnherad ladar opp med kvedarkurs: I tre helgar, mars, april og september, vil barn og vaksne få høve til å læra seg kvedarkunsten saman med fylkeskvedar og songpedagog Reidun Horvei og songaren Kari Malmanger frå Rosendal.
03.02.2012
Driftsendringar – men 60 plassar i Rosendal

Eit samla kommunestyre står fast på at Rosendalstunet skal byggjast ut med 60 plassar, slik dei vedtok 17. november i fjor. Samtidig seier dei folkevalde at det vil bli driftsendringar ved alle institusjonane, og innan pleie- og omsorg når dei nye plassane ved Rosendalstunet er ferdige.
02.02.2012
Vil verna om Ølve og Hatlestrand:
Og heller vurdera mindre utbyggjing i Rosendal
– Eg ser ingen grunn til at vi skal leggja ned i Ølve og på Varaldsøy dei næraste åra. Det seier Ole Torbjørn Holmedal (Frp) etter debatten i kommunestyret i dag. Alternativet kan vera å vurdera ei mindre utbyggjing i Rosendal over lengre tid, seier han.

 

HØYR LYDINTERVJU MED HOLMEDAL PÅ NESTE SIDE!
02.02.2012
Miljøfyrtårn-diplom til vidaregåande skule
Kvinnherad vidaregåande skule er sertifisert som Miljøfyrtårn-bedrift, og fekk i dag utdelt det synlege beviset i kommunestyret. Rektor Audun Bjelland og elevrådsleiar Ingrid Handeland tok i mot utmerkinga frå ordførar Synnøve Solbakken.
01.02.2012
Våtare januar enn «normalt»
Sat du med eit inntrykk av at januar månad var tørr og fin? I så fall tok du nok feil, i alle fall i høve til nedbør (regn og snø). For vêrobservatørane på SØRAL veit eksakt korleis det var.
01.02.2012
Ny dag – og nye ferje-problem
Svært ofte i det siste har Norled (tidlegare Tide Sjø) sendt ut SMS-meldingar om problem med ei av ferjene i sambandet Ranavik  – Skjersholmane. Klokka 14.43 i dag kom den andre meldinga frå selskapet, denne gong om at avgangen frå Skjersholmane klokka 16.15 i rute 2 og avgangen klokka 17 frå Ranavik er innstilt på grunn av tekniske problem.
Selskapet reknar med normal drift frå Skjersholmane klokka 17.45.