| MENY |
| | | | | | | | | | | | Dagens bilde |  | | | Søk | |
| | REDAKSJON (DA): | | | | Linkar | | |
|
|
Vandringar med leikeleica (2) |  | | Det er duka for nye badescener i dette karet. |
| | | 31. juli: Som sagt er vi komne heim og vi er langt utpå jordet. Det er laurdag, laugardagen, siste dagen i juli. Det er på tide å vaska av seg vegstøvet frå Europa i eit badekar i utkanten. Rundt omkring er det angen av høy, oppi karet er det alle slag badesalt og snart skal såpeboblar og skum stå til himmels. Vi skal dukka nedi og blåsa luftbobler og kanskje blir det òg ei badescene med Grynet Molvig.
Juli er, i år som i fjor, månaden for mine vandringar. Kor vandringane i denne julimånaden ber, med eit tiår tilbakelagt av totusentalet, veit ikkje ein gong sandalane.
Magne Fitjar
| | |  | | Regnbogen står over kraftlinjene i Sunnhordland. |
30. juli: Vi er komne heim og er langt utpå jordet. Vi er mest i Hardanger, men berre i Sunnhordland. Her har Kvinnherad Energi laga eit salig virvar, som for å visa at vi ikkje står tilbake for det som førestår. | | |  | | Gleda over eit godt bilete. |
29. juli: Gleda over eit godt bilete kan i dag delast i mest same augneblink som det er teke. Slik har det ikkje alltid vore. Min favorittfilm gjennom mange år var Kodachrome, i alle fall dei gongene eg hadde råd. Då tok det 14 dagar å venta på framkalling av filmen i Sveits. I 74 år vart filmen produsert, frå 1935 til 2009. Den aller siste rullen på 36 eksponeringar vart 14. juli 2010 gitt til fotojournalisten Steve McCurry, fotografen av Afghansk jente frå 1984, framsidebilete i National Geographic, med auga til den unge jenta for alltid brent inn i fotohistoria, frå ein flyktningeleir i Pakistan, på den tida Sovjetunionen, som andre stormakter før og seinare, herja med dei arme fjellfolka i det stolte landet. Biletet var sjølvsagt teke med Kodachrome. Dei 36 eksponeringane frå i sommar skal oppbevarast hos Eastman Kodak, for alltid får vi vona. I dag kan digitale bilete måla seg med Kodachrome på sitt beste. Men dei ligg neppe over favorittfilmen frå åttitalet. For ein ekstra dose nostalgi er det berre å visa til Paul Simon på YouTube: http://www.youtube.com/watch?v=wZpaNJqF4po | | |  | | Statsraaden i Ålborg havn. |
28. juli: Mellom stolte seglskuter hevda dei norske seg godt i Ålborg havn: Her låg Sørlandet, Cristian Radich, Svanhild og Statsraad Lehmkuhl, som vi her ser bakstamnen av. Strame russarar hadde dei breiaste sjøoffiserhuene, medan mannskapet på ei flott indonesisk seglskute imponerte med dansekunster på dekk. Samspelet mellom menneske, tau- og treverk, seglduk, vind og bølgjer skulle forandra verda for alltid. Ror vi inntil desse mektige båtane, er det ikkje fritt for at den fjerne susen frå seglskutetida set seg under skjorta. | | |  | | Menneskets beste ven i Ålborg, med Drei Kameraden. |
27. juli: Der det er menneske, er det òg hundar. Arten med familienamnet Canis er utbreidd over heile kloden og har innteke utruleg mange former, til éin art å vera. Våre lojale støttespelarar er vane med at mennesket har mange luner, og av og til dreg tida ut, som her under kulminasjonen av Tall Ships Race i Ålborg, der vi ventar på fyrverkeriet, før den imponerande seglskuteflåten dagen etter legg kursen mot Kristiansand. Same veg skal vi. | | |  | | Den lille havfrue er i Shanghai, og berre på skjerm i København. |
26. juli: Då vi enno var i København, ville vi sjølvsagt ta i augnesyn byens mest berømte figur i bronse, Den lille havfrue, inspirert av H.C. Andersens eventyr. Vi kom forbi skilta som peika mot eit lite rullesteinsbelte i hamna ved eit slott. Der var det òg mytologiske gigantar i granitt, over stordomstider for vår gamle kongemakt. Men kor vi leitte, fann vi inga havfrue. Til slutt spurde vi iskremseljaren og han kunne fortelja at Den lille havfrue er i Kina, på Expo i Shanghai. Ho er shanghaia til langt uti november og har viktigare ting føre enn å visa seg for oss. Men til trøyst kan du sjå henne på skjerm: http://en.expo2010.cn/a/20100426/000006.htm | | |  | | Kvilelaus venting med bok. |
25. juli: Ein mann på ein open plass i København, med ei opa bok. Som ei opa bok kan vi òg lesa forventningane til denne mannen, der han kvilelaust går omkring med boka i eit kvarters tid, før kvinna han har venta på innfinn seg og dei kan dela eit lite måltid. Til dét hende hadde vi, nysgjerrige som vi er, funne ut at boka var ei vanleg bok og inga dagbok. Men kanskje mannen var forfattaren, ein forfattar av det vidgjetne slaget, frå eit anna land, kva veit vi. Og kanskje han ville visa kvinna som kom eit par formuleringar. | | |  | | Opplever København frå rickshaw. |
24. juli: Rickshaw er opphaveleg ei indisk tohjulskjerre dregen av ein person, med passasjerane bak. Men i København ser vi at rett mange syklar som eigentleg er meint til transportering av varer er lettare ombygde og pynta for frakt av turistar. Ei eiga nettside har danskane òg om rickshawprosjektet, på www.rickshaw.dk. Den vesle familien på biletet ser ut til å ha funne det ideelle transportmiddelet for å bli kjend med byen. | | |  | | 2CV-skjerm med flower power. |
23.juli: Med blomsterdekorasjon frå det glade syttitalet står det som er att av denne 2CV-en ved ein mur i utkanten av Amsterdam. Like ved er det tilbod på ein, til 500 euro, prisen arrangørane av velgjerdsløpet med bil frå Amsterdam til Dakar har sett som øvre prisgrense for doningane som skal vera med, om vi forstår nederlandsken rett. 2CV-en gjekk ut av produksjon i 1990 og etter kvart er dei eit meir enn sjeldant syn langs vegane. Nettadressa vist på biletet (www.amsterdamdakar.com) virkar, det er billøp i år òg! | | |  | | Dette er ikkje to kvinner med sjal. |
22. juli: To unge kvinnelege studentar i Amsterdam med hijab, sløret mange politikarar i Europa vil forby. Det kan skje i land som Italia, Frankrike og Belgia, og i delar av Spania har det vore snakk om det same. Av dei sefardiske jødane, som vart kasta ut av Spania i 1492, kom mange til Amsterdam, der dei som mange andre forfølgde grupper fann sin fristad, heilt til nazistane sette i gang massedeportering til Auschwitz. Historia kjenner vi. Men den dagen hijabforbodet òg gjeld i Amsterdam, er vi alle ille ute. | | |  | | Happy Hour utanfor The Greenhouse Effect. |
21. juli: Amsterdam er eit mylder av kulturar og ein sommardag er livet avslappa på fortauet utanfor The Greenhouse Effect. Dei store spørsmåla blir denne dagen overletne til eit anna nivå. Her på fortauet kan du få svar på enkle spørsmål ved å gå etter pila til Reception, eller ved ganske enkelt å setja deg ned ei stund i dette fargerike folkelivet, med ei øl eller ein kaffi. Nokre gonger står svaret klart i dagen etter ei slik stund. | | |  | | Englevakt i Amsterdam. |
20. juli: Å koma med bil til ein storby er både slitsamt og dyrt. Er du så heldig å finna ein ledig parkeringsplass, trillar pengane ut av konto fortare enn dei trillar når du fyller drivstoff. Men i utkanten av Amsterdam, der nederlandskkurs for nye utanlandsstudentar blir halde på Hogeschool van Amsterdam, er det rett nok ledige plassar. Vi forstod oss berre ikkje på automaten. Til all lykke var det plass ved ein bilverkstad, og ein hyggjeleg mann sa det var gratis. I tillegg hadde flyttelasset englevakt medan vi inspiserte sentrum. Som ein fugl som byggjer i treet til rovfuglen kjende vi oss trygge på at overvakingsblikket til Hells Angels Amsterdam var til å stola på. | | |  | | Vi let oss begeistra. |
19. juli: Det er datoen radikal ungdom på åttitalet hadde eit forhold til. Sandinistrevolusjonen i Nicaragua i 1979 viste at diktatura i Latin-Amerika ikkje skulle få siste ordet, og regjeringa fekk fire rettferdshungrige prestar som ministrar. Sidan har vi fått den tidlegare skopussaren Lula i Brasil. Prosjektet er stort. Men i både Nederland og Noreg er det sutringa mellom politikarane som rår, medan klimaspørsmålet blir overlete til kinesarane. | | |  | | Vi køyrer over Storebelt. |
18. juli: Vi køyrer over Storebelt og blir imponerte av ingeniørkunsten. Dei store asfaltårene bind landa i Europa saman, som elver og kanalar ein gong gjorde det. Son min skal til Amsterdam og hausta meir kunnskap. | | |  | | Vikingcamp i Gudvangen. |
17. juli: I Gudvangen kan du sjå at vikingtida held fram med daglege gjeremål, innanfor avsperringa. Det er vikingcamp. Som turistar kjem vi forbi og får ein gløtt inn mellom telta. Dei er temde, desse vikingane, og plasserte i reservat. Som reisande blir vi plasserte i filer nedover kontinentet. | | |  | | Furuborken har mange figurar. |
16. juli: Malmfull furubork løyner så mange indianarandlet og annan informasjon om svunnen tid. No i midten av juli har arkeologane oppdaga eit nytt kongesete i Petén i Guatemala, der det mektige mayariket i Tikal er grave fram frå jungelgløymsla og er eitt av verdas viktigaste turistmål. Men i dag har vi nok med å granska indianarandleta i furuborken. | | |  | | Draumen er eit sommarhus der vi kan sjå gjennom huset. |
15. juli: Vi budde på små stader der morgonane kom med skuleborn. Vi gjekk med kvite skjorter om sundagen, med grønske etter å ha leika i graset. Og vi skreiv bilnummer. Ein gong slost eg med Arnfinn i krysset, og medan vi begge låg nede, passerte ein bil med grønt skilt. Eit slikt hadde vi aldri sett før, men på grunn av slåstinga fekk vi ikkje notert det. No har vi ein draum om små sommarstader, der vi kan sjå rett gjennom huset. Arnfinn var interessert i fuglar og hadde sebrafinkar i bur. Då han var tolv år, sprang han ut i vegen etter ein ball. Det var ingen gang- og sykkelstiar den gongen.
| | |  | | Inga tid å ta av plasten på denne sekspakningen. |
14. juli: Sekspakning i Bjerkreim. Stilt overfor emballasjen til ein sekspakning i Bjerkreim er det arkeologen i eins indre dukkar opp: Her er det mange opplysningar å ta fatt på. Vi skjønar snart at det her er snakk om ferskvarearkeologi, for sponsoremblemet for den nyleg avslutta verdsmeisterskapen i fotball er trykt på alle boksane. I sportens ånd står det vidare at produktet er 100% refreshing. Men alle som har tylla i seg ein sekspakning på styrten, veit at dette i høgda er ei sanning med modifikasjonar. Plasten som held boksane saman på toppen er ikkje fjerna, og viser at her er alle boksane oppdrukne i full fart, av ein som har vore ute på reise, og som ikkje kunne koma heimatt med sekspakningen til ho mor. Sekspakningen er nok innkjøpt på FjordLine eller på flyplassen på Sola. For det er ikkje pant på boksane. | | |  | | Kvassheim fyr er frå 1912. No er det nyoppussa og kafé. Men ikkje på laurdag. |
13. juli: Kva veit vi om Kvassheim fyr? Wikipedia melder at det vart bygd i 1912, som siste ledd i utbyggjinga av fyra på Jæren, og at det vart overdrege til Jæren Friluftsråd i 2002, men allereie i 1990 var det automatisert og avfolka. Eit iherdig oppussingsarbeid i åra etterpå hadde som mål å opna lokala for ålmenta og presentera kysthistorie blanda med rå natur og jærsk gjestfridom. No er det kafé i lokala og spira på det gamle fyret er gilde og raude. Men kjem du til fyret ein laurdag i turistsesongen, er det stengt, og skillingsbollane erstatta med ferske kurukker utanfor. | | |  | | Fuglevikker i vegkanten på Høg-Jæren. |
12. juli: Fuglevikker og tallause andre blomster av erteplantefamilien står opp mot vegkanten, om ikkje eit vegvaktarfirma med fantasifullt namn har vore der med saks og ronduptukt. Det blenkjer i føringskanten på Høg-Jæren. Dagen starta med 25 grader, men vinden gjorde at skjorta ikkje kom av. | | |  | | Frå dei nye busskura kan du sjå vidt omkring etter bussen. |
11. juli: Like ved det gamle busskuret nede på Nærland står det to nye, gjennomsiktige, slik at ein kan sjå etter bussen i alle retningar. Dei står i eit hav av prestekragar. Verda går framover. Men ingen buss er å sjå. | | |  | | Busskur frå retteleg gamle dagar. |
10. juli: Busskura før i tida var deprimerande greier. Ikkje gjekk det bussar, heller. Ein bærepose, refleksvestar, eit handkle og ei halv fiskestong vil prøva å fortelja ei historie: Er det om friluftsliv eller om rus? | | |  | | Jorinahuset står klin i vegen på Nærland. |
9. juli: Jorinahuset står klin i vegen på Nærland og har fått husnummer 1666. Eigarane har teke godt vare på det. Det er ikkje sjølvsagt: For 15 år sidan var det eit ungt par som nett hadde overteke ein gard der det stod eit gammalt jærhus. Før riksantikvaren hadde rukke å nysa, låg huset i grus. Og til Jærbladet hadde dei denne korte kommentaren: – Dæ va kje noge å ha!
| | |  | | Kikkar vi nedi graset ved husmannsplassen, er det blomster i eit vell av fargar. |
8. juli: På haugen på Line, der den gamle husmannsplassen ligg, er det utsyn heilt mot havet. Småkårsfolket har i seinare år fått ta del i ein ufatteleg rikdom, som vi kjenner til. Men i det grågrøne graset framfor huset hadde småkårsfolket alltid store rikdommar om sommaren, i form av blomster, som kanskje ikkje var så ulike dei som kikkar fram her. | | |  | | Husmannsplassen og kårhuset Træe på Line. |
7. juli: Husmannsplassen Træe på Line er eit landemerke langs riksveg 44 på Jæren. Under oppveksten var det gamle jærhuset malt gildt og raudt, men så fann museumsfolka ut at slik kunne det ikkje vera. No er huset dust og blygrått, om lag som himmelen mange dagar. Det er nok historisk rett, og ganske fint er det òg. | | |  | | Åna fengsel var tvangsarbeidsanstalt. |
6. juli: Oppstad tvangsarbeidshus er historie, men Åna fengsel eksisterer i opne landskap, dyrka med tvang. I år skal det bli korn. Ein fange fortalde si historie til fuglefotografen Karthon Håland, om då han spelte seg og sa til fangevaktaren at han hadde så forferdeleg vondt i magen. Det bar avgarde i trillebår, fleire kilometer på kjerrevegen. Då dei kom fram til fengselet, spratt fangen ut av trillebåra og sa takk for turen. Det resulterte i ei vekes kakebu, men var verdt det, sa han.
| | |  | | Tre hesjer på andre sida av vatnet i Matre. |
5. juli: Ei hesje er høy på ein streng, halden oppe av pålar. Eit gjerde er om lag det same, men utan høy. Ein utlending tykte det var rart at nordmennene såg ut som store spørjeteikn når han fortalde om hesjer han hadde klive over om vinteren. I dag er hesjer sjeldan vare, men du finn tre praktfulle på hi sida av vatnet i Matre. | | |  | | Rosa hatt, skal ein bli bluesdronning i Skånevik. |
4. juli: Dronningar er kjende for sine hattar. For å bli bluesdronning i Skånevik, må ein òg ha hatt. | | |  | | På eit punkt i historia kom mennesket forbi og sette ned bolten. |
3. juli: Det var geologiske tider, det! Skifertider, lenge før det var innført eit Herrens år i kalenderen, i den urgrå tida lenge før vår tidsrekning (fvt), som religionshistorikarane så kjønnslaust tidfester vår kalenders historiske gang. Men på eit punkt i historia kom mennesket forbi og sette bolten ned, med alfa og omega. | | |  | | Det eine gullet kan vera like godt som det andre. |
2. juli: Allereie den andre dagen i juli fann vi gull, utan å investera to millionar i ordførar Synnøves paradis. Så lett kan gullet koma oss i hende, og så ufortent! Er det ikkje ekte? Sjå og døm sjølv. Det eine gullet kan vera like godt som det andre. | | |  | | Enga er slått og rundballane er på plass under dei veldige kastanjene. |
1. juli: Graset er slått, jonsok er passert. Vi går opp bakken der rundballane ligg fint plasserte under veldige kastanjer. Det er høgste dag og det er mykje å ta fatt på for den vesle leikeleicaen med dei rustne skruane. Som eit lite ekstra lommeauge skal dette apparatet få vera med. Korhen det ber, vil bileta visa etter kvart som kalenderblada fell. | | |  | | Retromodell av Leica M3, i skala 1:3. |
| | | | | | |
| |
|
| | 
Vil ikkje spekulera om Rosendalstunet – Nesten ingen snakkar om økonomi i denne saka, og vil helst feia problemet under teppet. Det sa Knut Prestnes (Uavh.) i debatten om pleie og omsorg i kommunestyret i dag. Slik han ser det etter tala som vart lagt frå administrasjonen, er det ingen annan utveg enn å byggja ut Rosendalstunet i fleire etappar. – Ingen har fortalt oss eksakt kva det vil kosta å byggja 60 nye plassar eller kva driftsutgiftene vil bli, seier Prestnes i dette intervjuet. Han vil ikkje spekulera i kor mange plassar kommunen vil få råd til å byggja i Rosendal i første omgang, etter som dette vil koma betre fram når kommunestyret skal diskutera økonomiplanen fram til 2016. Prestnes ser for seg at strukturen i heile kommunen no må vurderast. Intervju/redigering/foto: Kristian Hus
Publisert 02.02.12. | 
Engasjert debatt med høg temperatur Mandatet til prosjektgruppa for utbygging av Rosendalstunet, forslaget til funksjonsdeling mellom sonene og vurdering av ny sonestruktur stod på saklista til kommunestyret i dag. Men den over to timar lange debatten kom aller mest til å dreia seg om forslaget frå rådmannen om reduksjonar i Ølve og Hatlestrand. Det vart òg mykje snakk om tvil og tru om tala adminstrasjonen har lagt fram for politikarane, og fleire brukte endåtil ordet ''løgn'' i debatten. Arne Presthus (H) frå Ølve tykkjer administrasjonen har lagt føringar og premissar for utgreiingsarbeidet. Han har dessutan ei kjensle av at utbygginga andre stader i kommunen, skal gå på bekostning av institusjonane i utkantane. Dermed blir bygdene sett opp mot kvarandre, og det er ikkje bra, seier høgremannen frå Ølve i dette lyd-intervjuet med HusnesNett.
Intervju/redigering/foto: Kristian Hus
Publisert 02.02.12. | 
Viktig med mange kreative innspel – Det er viktig med mange kreative innspel i ei så fastlåst sak som ferjesambandet mellom Kvinnherad og Stord. Det meiner tidlegare kommunepolitikar og ferjeaktivist, Arne Gjerde. Han reagerer på at fire formannskapsmedlemmer gjennom ei pressemelding har gått i rette med Komite for næring og samferdsel, som vil satsa på hurtigare ferjer mellom Ranavik og Skjersholmane i staden for å byggja nye ferjestø til mange hundre millionar kroner. Gjerde meiner dessutan at det er nærast bortkasta tid når formannskapa på Stord og i Kvinnherad i neste veke skal ha møte om nytt ferjestø i Djupavika når Kvinnherad vil ha eit heilt anna alternativ (Kverneneset).
Telefonintervju/redigering/foto: Kristian Hus
Publisert 30.01.12. | 
Klar til kamp for Ølve og Varaldsøy Folk i Ølve og på Varaldsøy reiser seg til kamp for å behalda aldersheimane sine. Det kom tydeleg fram på folkemøtet i eit fullsett samfunnshus i Rosendal tysdag kveld. – Det kjennest tungt å ha dette hengjande over seg, sa Hans Storedale (til venstre på bildet) blant anna, medan Steinar Bjørkelund var skuffa over det administrasjonen og politikarane har lagt opp til. – Prøv å finn andre løysingar enn å leggja ned på nordsida for å finansiera drifta av det nye Rosendalstunet, var hans oppmoding. I intervju med HusnesNett etter møtet beklagar begge to at det no ser ut til å bli ein kamp mellom utkantane på nordsida og Rosendal. Men det er det ikkje, slår dei to kamplystne ølvisane fast. Intervju/redigering/foto: Kristian Hus
Publisert 24.01.12 kl 21.46.
| 
Gledde seg over nytt ferjeutspel – Heilt fantastisk! Det sa Per Henrik Opdal til HusnesNett i desember 2010 etter at Harry Herstad hadde kome med nye tankar om sambandet mellom Kvinnherad og Stord. Ferje frå Sunde til Huglo eller Laukhammar på Skorpo og bru over Langenuen, er det mest realistiske no, sa den engasjerte sundebuen den gongen. Han meinte det var på tide at politikarane i Kvinnherad vakna opp og set i gang prosessen for eit famtidsretta samferdsleprosjekt mot E39. For fleire år sidan sende Opdal eit personleg brev til alle politikarane på Stord om å følgja opp desse tankane, i staden for å byggja nytt ferjestø. Intervju og redigering: Kristian Hus Foto: Magne Fitjar (2. gangs publisering: 23.01.12) | 
– Fylkesrådmannen er ein rolpekopp! Fylkesrådmannen sitt forslag om å fjerna snøggbåtrutene i Sunnhordland vekkjer både harme og undring i heile regionen. På Facebook går diskusjonane høgare enn nokon gong der folk i kvasse ordelag seier kva dei meiner. – Fylkesrådmannen er ein rolpekopp, seier Arne Torget mellom anna i eit dikt han har skrive om saka. Intervju/redigering/foto: Kristian Hus
Publisert 14.01.12. | 
Stemningsfull musikk Besach er tittelen på denne stemningsfulle melodien Andreas Skjellevik Bjørsvik (til venstre på bildet) og Eirik Myhre Brakestad på Valen har komponert. Dei har begge fått undervisning i klassisk gitar i Kvinnherad Kulturskule.
| | 04.02.2012 | Kveldsstemning | Vinterkveld over Nordefjell og Kokkelberg i 17.30-tida i kveld, laurdag. Blåtimen på sitt beste. Form og farge, natur og lys, fanga frå HusnesNett.no mot Valen i eit stadig skiftande naturlandskap, time for time, minutt for minutt...
Kvinnherad på sitt beste!
GOD HELG!
| | 03.02.2012 | Kvedarkurs for store og små | Folkemusikkveka i Kvinnherad ladar opp med kvedarkurs: I tre helgar, mars, april og september, vil barn og vaksne få høve til å læra seg kvedarkunsten saman med fylkeskvedar og songpedagog Reidun Horvei og songaren Kari Malmanger frå Rosendal. | | 03.02.2012 | Driftsendringar – men 60 plassar i Rosendal | Eit samla kommunestyre står fast på at Rosendalstunet skal byggjast ut med 60 plassar, slik dei vedtok 17. november i fjor. Samtidig seier dei folkevalde at det vil bli driftsendringar ved alle institusjonane, og innan pleie- og omsorg når dei nye plassane ved Rosendalstunet er ferdige.
| | 02.02.2012 | Vil verna om Ølve og Hatlestrand: Og heller vurdera mindre utbyggjing i Rosendal | – Eg ser ingen grunn til at vi skal leggja ned i Ølve og på Varaldsøy dei næraste åra. Det seier Ole Torbjørn Holmedal (Frp) etter debatten i kommunestyret i dag. Alternativet kan vera å vurdera ei mindre utbyggjing i Rosendal over lengre tid, seier han. HØYR LYDINTERVJU MED HOLMEDAL PÅ NESTE SIDE! | | 02.02.2012 | Miljøfyrtårn-diplom til vidaregåande skule | Kvinnherad vidaregåande skule er sertifisert som Miljøfyrtårn-bedrift, og fekk i dag utdelt det synlege beviset i kommunestyret. Rektor Audun Bjelland og elevrådsleiar Ingrid Handeland tok i mot utmerkinga frå ordførar Synnøve Solbakken. | | 01.02.2012 | Våtare januar enn «normalt» | Sat du med eit inntrykk av at januar månad var tørr og fin? I så fall tok du nok feil, i alle fall i høve til nedbør (regn og snø). For vêrobservatørane på SØRAL veit eksakt korleis det var. | | 01.02.2012 | Ny dag – og nye ferje-problem | Svært ofte i det siste har Norled (tidlegare Tide Sjø) sendt ut SMS-meldingar om problem med ei av ferjene i sambandet Ranavik – Skjersholmane. Klokka 14.43 i dag kom den andre meldinga frå selskapet, denne gong om at avgangen frå Skjersholmane klokka 16.15 i rute 2 og avgangen klokka 17 frå Ranavik er innstilt på grunn av tekniske problem. Selskapet reknar med normal drift frå Skjersholmane klokka 17.45. | | | | |