| MENY |
| | | | | | | | | | | | Dagens bilde |  | | | Søk | |
| | REDAKSJON (DA): | | | | Linkar | | |
|
|
Vandringar med Leikeleica III |  | | – Kva er då lyden av éi klappane hand? spør zenbuddhisten. (Foto: Magne Fitjar) |
| | | | 31. juli: – Høyrer du éi hand som klappar, høyrer du godt! sa meisteren frå Japan. På Jæren sa bonden at det er for mykje Østens mystikk. Det kan vel vera. Vi gjekk i åkeren og pitla stein på timeløn. Eller det kan vera at det er for lite. Østens mystikk, altså. Ei hand som klappar, kva er lyden? Då zenmeisteren vart konfrontert med at han hadde gjort ei jente gravid, svara han javel, seier du det? Foreldra til den gravide jenta gav han sidan ungen, slik at han skulle passa på barnet. Han gav det mjølk og alt det trong. Sidan kom dei til han igjen og sa at det var ein fiskarmann som var faren. Han gav dei barnet tilbake og sa: – Javel, seier du det? | | |  | | Mange meiner Garborg ville snudd seg i grava. |
30. juli: Det er mange som meiner Arne Garborg ville snudd seg i grava, hadde han sett utsikten frå Knudaheiå no. Garborg, som sjølv stod i skjæringspunktet mellom det tradisjonsbundne, idealistiske og det moderne, realistiske, kva ville han ha sagt no? Granittandletet av bilethoggaren Hugo Frank Wathne er uutgrunneleg. I ti år, sidan Garborgjubileet i 2001, har tenkjaren vendt blikket mot myrullandskapet til Veslemøy, men kor skal Veslemøy gå for å plukka myrull no? Konfliktar kring bruken av landskapet er tema for ei svært leseverdig masteroppgåve i sosialantropologi, nettopp om vindmøllene på Høg-Jæren. Heile oppgåva av Ånund Nerheim finn du her på nettet: | | |  | | Hulda og Aadne ligg side om side på Knudaheiå. |
29. juli: – All denne fagre utsyn! sa Arne Garborg, der han ligg på Knudaheiå. Hulda trong ti år ekstra til å koma til same plassen, slik enkjers vis ofte er. Sterke vener sytte for at dei kom saman dit. Og truleg gjekk ein geistleg føre og vigsla. Gravhaugen ved hytta til den store diktaren, mannen som gjorde diktaren på Holmen meir enn rangen stridig, har sett seg i minnet alt frå barndommen, med denne gravrøysa i landskapet, då slekta vart dregen med for å sjå på hyttestasen til europearen Garborg. | | |  | | Steingarden har vind i gardhol. |
28. juli: Eit populært band frå 80-talet,Vind i gardhol, er igjen ute på vegane på Jæren for å spela denne sommaren. Dei hadde nett konsert på Bryne og den første laurdagen i august kjem bandet til naboen, på hageparty, fortel ein annan nabo. Men då er vi nok atter heimkomne. Men kva er heime? Er det å vera inne eller ute? Er det å sitja mellom vegger og termopan, eller er det å dra kjensel på silkestrå og tepperot attmed eit gardhol? | | |  | | Nett denne dagen stod toget stille ei stund. |
27. juli: Jærbanen susar forbi i 130 km i timen på strekninga Stavanger - Egersund. Men akkurat denne dagen var det ei dødsulykke lenger framme og då stod toget stille før det igjen sette opp farten. Jernbanesporet er nyleg rusta opp og nye stasjonar er komne til inne ved Stavanger, med stilfulle perrongar like i strandkanten. Bruer og undergangar er godt sikra, men det kan framleis skje uventa ting midt på blanke dagen. Då må toget stå stille, før det igjen glir framover i vanleg marsjfart og knytter menneska i regionen saman. | | |  | | Antiparasit Farveløs vart frakta langt, langt vekk. |
26. juli: Antiparasit Farveløs har levd skjult i kjellaren i minst 40 år. Det er på tide han kjem opp. Gjennom eit halvgått liv har han ikkje gjort anna enn å jaga parasittar: Mugg og sopp og sånt. No tykte vi det var nok. Vi køyrde han til Miljøstasjonen, der han vart for evig deponert. Ein mann der samla på messing og anna metall, og selde det vidare. Men for Antiparasit Farveløs var nok løpet køyrt. Ein antifargeklatt vart sett på plass for å bli frakta langt, langt vekk.
| | |  | | I byggjefeltet Kvile i tet kan ein kvila på sine laurbær. |
25. juli: Nærbøbuen har kalla ein av sine sovebyar Kvile i tet. Her skal eliten kvila på laurbæra, skal vi tru skiltet, og det fotografiske beviset talar for seg. Men finst det kvile i tet? kan ein undra seg. Og om ein kviler litt på laurbæra, er ein så framleis i tet? Slikt kan ein undrast på ein måndags morgon. | | |  | | Nokre sprer hat, men mange fleire sprer kjærleik. |
24. juli: På Jæren køyrer dei ut sommargjødsla. Dei unge tenner lys i rundkøyringane og på samlingsstader i sentrum. Mange unge frå mellom anna Sandnes og Stavanger var på Utøya. Den avskyelege terroraksjonen i Oslo og dei kaldblodige myrderia sjokkerer oss alle. Terroristen brukte middel som skal sikra grøda til sin utspekulerte massakre. La oss hugsa på det den unge AUF-jenta sa, sitert av Stasministeren i Domkyrkja: – Om éin mann kan visa så mykje hat, tenk på kor mykje kjærleik vi kan visa saman! | | |  | | Vi går langs havreåkeren i strandbeltet på Ogna. |
23. juli: Vi går langs havreåkeren i strandbeltet på Ogna. Det er ikkje langt til Brusand, der Hitlertennene framleis står i sanden langs riksveg 44, steinar reiste av nazistane som skyttarvern i tilfelle invasjonen frå England kom. Ein son i Oslo har nett ringt, så vi veit om terroråtaket i Oslo. Men klokka fire denne fredagen veit vi ikkje så mykje meir. I dag er vi eit land i sorg, etter ein ufatteleg tragedie, større enn vi kan fatta. Dette råka oss like i hjartet. Havreåkeren står med sine blonde aks: Her er mat nok og plass nok for alle! Knausane reiser seg med sine runde former, solide. Her er barskt, men den gjestmilde havreåkeren, på staden der det i fjor var gulrøter, viftar med aksa som for å fortelja at her, her har du, menneske, alt du treng. | | |  | | Fugleparken har bydd på fuglar og tre på Nærbø sidan 1937. |
22. juli: Mi gamle mor er med til fugleparken. Vi kan ikkje vinna gull, men vi kan vinna sølv. Frå 13 års alder var mor mi stølsjente i mange lange somrar, og gjennom eit langt liv har ho bore minna frå livet i fjellet med seg. Rett etter krigen tok ho artium. Studenthua bar ho stolt til sunnfjordbunaden. I sommar fann vi hua heil og fin i ei øskje på loftet. Som ung sat mor mi på Postgirokontoret i Oslo, seinare vart ho mor til oss seks. Ein gong på slutten av syttitalet tok ho til som underbetalt, men alltid samvitsfullt hardtarbeidande funksjonær i Norges Brannkasse, med ein avdanka lensmannsbetjent som næraste sjef. Med ein gjennomsnittsalder på over 80 heldt Lærbrekk Kvinneforening det gåande på overtid, med mor mi som skrivar og referent. – U æ kje fysen, mor mi! | | |  | | Når Pushwagner stiller ut, er det berre å setja seg ned. |
21. juli: 70-åringen Terje Brofos, alias Pushwagner, held i sommar utstilling på Hå gamle prestegard. Det er ei tankevekkjande utstilling av den gamle rabulisten. Utstillingslokalet ved det gamle fyret på Obrestad, der dei i slutten av trettiåra hadde eigen hoppbakke og arrangerte store skirenn, har i dei siste åra utmerka seg med ei rekkje store utstillingar, som no sist Amerikanske bilder av Jacob Holdt og Pushwagner. Dei viser vårt moderne samfunn, både fargerikt og grelt. Her er det berre å setja seg ned. Les kva Jærbladet skriv om utstillinga: | | |  | | Steingard, rundballar og vindmøller. |
20. juli: Steingard, rundballar og vindmøller er no tre viktige element i landskapet på Jæren. Dei to første er jord- og handfaste, tunge nok til å liggja roleg. Vindmøllene står med fast grunn på slank men solid sokkel. Dei liknar litt på jetfly som har råka ut for trældom, sidan dei ikkje kjem seg nokon stad trass all vinden. Berre måka kan dra dit ho vil. | | |  | | Vindmøllene er no ein heil hær. |
19. juli: Oppe på Høg-Jæren har vindmøllene skote opp på rekke og rad i vår, til dei no er ein heil hær som kan få ei Don Quixote til å måpa. Jærens eldste kraft blir spunnen opp til rein energi. Det er eit tidsspørsmål før ein òg kan utnytta eimen som ligg over landskapet vinter, vår, sommar og haust, med røyrledningar frå dei store fellesfjøsa, slik at gyllen blir kombinert med vindkraft til eit kraftfullt vind-metananlegg, slik det i grunnen har vore skikken på Jæren i uminnelege tider. – Ramnungar ropar, og du gjev dei mette. Hungrande hopar til ditt bord vert sette! syng salmediktaren. | | |  | | Dei mange potetene skal tena dei få. |
18. juli: Er det noko nytt å seia om potetblomsten i år? Ikkje anna enn at han står i flor i si fure. Og det er ikkje så lite, berre det. Saman er vi mange! seier potetene frampå hausten, men det hjelper ikkje for storleiken på 1.maitoga på Jæren. Potetene skal rett til ICA, Domus, Kiwi og Rema, til dei få. | | |  | | Traktoren blir større, bondeflokken mindre. |
17. juli: Nede på Jæren er Norges Bygdeungdomslag (NBU) nett ferdige med sitt landsstemne på Nærland. Organisasjonen har 5 200 medlemmer fordelt på 85 lag i 11 fylke, skriv dei på nettsida si. På jærsk morenejord har dei halde på med eit vidt spekter av aktivitetar i ei veke, og om kveldane har køntripreget lagt seg over campingskogen. Dei var heldige med vêret, men no nærmar vi oss hundedagane med raske steg i gummistøvlar. Utpå hausten kan det tenkjast vi må finna dykkarmaska fram for å henta opp kålrabien. For traktorane dei har no søkkt lettare ned enn før. På bondelandet registrerer vi at traktoren blir større, bondeflokken mindre. Sjølv om NBU framleis har eit pynteleg medlemstal. Her finn du nettsida til NBU, med nytt frå stemnet. | | |  | | Familien Svane på tur. |
16. juli: – Den eine fór i havørna, seier faren fortvila. Men dei har seks att. Mora freser ved alle tenkjelege tilnærmingar. | | |  | | Båtane ligg lenge i hamn mellom kvar gong dei er utpå. |
15. juli: Opsangervågen ligg roleg med store og små idyllar. Ved kaiar og bryggjer ligg treskøytene til brørne Hammarø og duppar. Snart kjem det ein robåt inn på sida av ei stolt fiskeskøyte, så er det gjerne litt maling eller lakk som skal på plass. Den som skaffar seg trebåt får noko å gjera på. Men andre har meir praktiske skal mellom seg og sjøen. Vel er det så at båtane ligg lenge i hamn mellom kvar gong dei er utpå, men når dei ein vakker dag glir ut, kan dei ta både til høgre og venstre i sundet, eller beint fram. Der ute rår den store fridommen. | | |  | | Ein liten husmannsplass låg vakkert til. |
14. juli: Når du går frå Reset og ned mot Opsangervågen, kjem du over elva som går frå vatnet og ned til sjøen. Der går elva i byks og fossefall og det er bygd laksetrapper. Eit ærverdig skipsbyggjeri låg lenge inst i vågen, bygd på protestantisk etikk. Ein liten husmannsplass låg vakkert til og tente seinare som hytte nokre år. Enno rår idyllen over nokre av grasbakkane i Sundebygda, der båtbyggjarkunsten skal ærast med eit eige senter. Lokalpolitikarane vil ha meir ansvar og bestemma utforminga av strandsona, med sin karakteristiske og velutvikla estetiske sans. | | |  | | Det er ikkje lenger til månen enn til Halsnøy. |
13. juli: Vener som bed deg koma og sitja ved stokkelden deira ei sommarnatt kan visa deg ein flik av universet. Du veit det er langt til månen, men det er ikkje lenger enn til Halsnøy. Og det er heilt gratis å sjå på månen, enno. Ingen har til no funne på å leggja avgift på bålet som slikkar stokkane og held kroppen varm når himmelen er klar og temperaturen fell. Å sitja der ved bålet er ein rikdom som fyller oss menneske med anna enn det vi har i skap og skuffer og som det ikkje er sikkert vi rekk å ta fram igjen ein gong til. Vi har kanskje ein tikronesmynt frå gamle dagar, pakka ned i gullsmedvatt. Den kan vi ta fram ein gong i ny og ne og han blenkjer som månen som kjem fram når han vil. Denne natta ville månen det meste. | | |  | | – Du er ikkje deprimert, du er distrahert! seier Facundo Cabral. |
12. juli: Den folkekjære argentiske trubaduren Facundo Cabral vart skoten på veg til flyplassen i Guatemala By laurdag morgon, i eit godt planlagt attentat. Mykje tyder på at det var impresarioen hans dei kriminelle var ute etter. Presidenten erklærte tre dagars landesorg. Den gamle vismannen, nær blind, var så glad i alle gledene livet byr på. Når gråfargane og dei svarte skuggane snik seg innpå, kunne han seia: – Du er ikkje deprimert, du er distrahert! Det blir fortalt at han som ni år gammal gategut greidde å møta Evita Perón, som han ba om arbeid til mor si. – Endeleg ein som bed om arbeid og ikkje allmisser! sa ho. Og det blir fortalt at då han no nett kom til Sankt Peters port med songen sin, Eg er ikkje herifrå, heller ikkje derifrå, så svara Sankt Peter: – Jau, du høyrer til her! | | |  | | Sommarblomster i spiral på John Colletts plass. |
11. juli: Løkka på John Colletts plass minner bybuarane om at det er jorda vi lever av, sjølv i byane. Det har parselldyrkarane i Ullevål Hageby alltid visst. Lenge trudde vi òg at var vi på ein framand plass, fann vi alltid ein telefonkiosk vi kunne ringja frå. No kan vi alltids få tak i pizzaombodet, same kor vi er. Men dei som liker installasjonen på snora og vil støtta den, kan leggja pengar i den kvite postkassen, og vips, så kjem det ein sommarblomst planta i spiralmønster, der på John Colletts plass. | | |  | | Innbyggjarane ved Ullevål hageby seier frå. |
10. juli: – Drep meg, Herre Konge, men ikkje med graut! var det visst ein som sa. Innbyggjarane ved Ullevål Hageby seier om lag det same om alle matkjedebutikkane som dukkar opp i nærområdet deira. Dei er så leie av mat at dei kan ikkje få sagt det. Eller, det gjer dei visst likevel. Dei seier frå med ein artig installasjon på John Colletts plass i Oslo. Der heng det flak på flak med argument på snor, for kvifor ein heller bør ta vare på bokhandelen og ein liten kafé. Meir om plassen i morgon. | | |  | | Denne mopeden i Bergen har gode hjul. |
9. juli: Denne mopeden i Bergen har gode hjul. Det er noko av det beste vi no kan seia om køyredoningen, der han står ved ein kontainar. Gode hjul er viktige i så vel oppover- som nedoverbakkar. Vel har mopeden sine manglar, det er så. Men gode hjul har han og gode hjul er gode å ha, sjølv om ein står ved ein kontainar, ikkje så langt frå bybanen. – Gode skinner, gode skinner, seier bybanen, der han glir fram. Med hjul som ikkje punkterer, dei er sikrare. Mopeden ved kontainaren er nok utsett. Ein ruskete av desse sommarkveldane kan det nok henda at nokon kjem luskande med kniv for å skjera i dei fine hjula denne mopeden så stolt viser fram. Då er det nok over. | | |  | | Bak ein blomstrande hyllebusk står det gamle naustet. |
8. juli: Bak ein blomstrande hyllebusk står det gamle naustet, med taket tungt lesst av kvinnhersk byggjeskikk. Dei som har lagt hellene visste kor dei ville leia ofsedropane. Men tida går og av og til må stolpar og vegger gi tapt. Ikkje så med dette naustet, nei! Her er det i tillegg oppmurt gråstein som kan liggja på sin plass i mange hundre år. Synd om det berre er for å ta vare på eit plastspann og ei gummimadrass. | | |  | | Vaktbikkjer og ventebikkjer med namn. |
7. juli: Vaktbikkjer og ventebikkjer, hundane varslar om nokon kjem. Dei har følgt oss frå buplass til buplass, dei har funne seg til rette. I byte mot den store fridommen på steppene har dei fått rosa og lyseblått halsband og namn dei lyder når dei blir kalla på. Dei er forlengjing av sansane vi eingong hadde, dei ventar alltid på at noko skal henda. Det skal ikkje meir enn ei kongle til, så har dei det kjekt. Ein solstråle, så strekkjer den vesle ut sine lemmer fornøgd, eller ein regnskur, så spring dei heim som piska skinn. | | |  | | Det hender at eit blad snur i vinden. |
6. juli: Det hender at eit blad snur i vinden og det kjem fram ein uventa farge. Ein indianar i Amazonas som heitte Maitá vart ein gong skulda for tjuveri. Stammehøvdingen dømde han til å tømma ein liten innsjø med ei bøtte av fletta siv. Det gjekk ikkje lenge før Maitá måtte innsjå at han måtte streva med jobben resten av sitt liv. Men ein fe i skogen visste at Maitá var uskuldig og viste han gummitreet. Med eit tynt lag av det vasstette materialet snudde lykka seg for Maitá og ein stor fest vart halden i glede over at løyndommen til gummitreet var oppdaga. | | |  | | Nedbøren har sett sitt preg på revebjellene. |
5. juli: Ein sommar med rikeleg med nedbør set sitt preg på revebjellene. Skogen har lagt sine store rotsystem ut som drenering og syg opp vatnet. Her blir det emne for ein snikkar, eller ved til vinteren. I sumpen mellom oldergreinene trivst flåtten og andre trugsmål mot vår levemåte. Men eiketømmeret har i si tid ført oss over havet, balsaflåtar har frakta oss over oseana, papyrusen har gitt oss noko å skriva på. Vi var komne ned frå trea i god tid før den store idrettskonkurransen på steppene og kvinnene våre hadde lært seg å spinna lin. | | |  | | Dei som bygde landet budde lenge i telt. |
4. juli: Dei som bygde landet budde lenge i telt. Det gamle Televerket hadde gråkvite telt som stod i fleire tiår over grøftene. Det var alt anna enn breiband der nede. Men kom det ein telefon, kom naboen, presten, hoppande som ein hare over fotballøkka. – Det er telefon! sa han. Var det rikstelefon, sette faderen opp farten. Det vart for alvor fart over pyramidebyggjinga i Egypt då farao Tutankamon skulle ha seg eit passeleg gravkammer i 18-årsalderen, og jammen vart det fart over teleutbyggjinga òg, berre Baksaasen fekk seg eit høveleg påslag. | | |  | | Veg i vellinga for gutane i Skånevik. |
3. juli: Desse gutane i Skånevik veit å verdsetja flaskepanten, her får han føter å gå på. Med bossekkane fulle av flasker og boksar langar dei opp striten. Var det nokon som sa at dei unge ikkje har næringsvit? Det gjeld ikkje for gutane i den tidlegare brislingbygda, med eige Motormuseum. | | |  | | Hytter og hus, men ingen borge. |
2. juli: Hytter og hus, men ingen borge, seier diktaren om korleis vi er vane med å ha det her i landet. Nede i Sundevågen står eit lite hus med dropeskifer på taket, eit slikt tak vi alltid teikna når vi skulle teikna hus på skulen. Men då vi skulle teikna huset der Jesus lækte den lamme mannen, teikna vi flatt tak fordi vi fekk opplyst at det var slik det var der, i Kapernaum. Det er òg meir praktisk med eit flatt tak om du skal fira ein lam mann ned. Men det er ikkje så ofte dette trengst her på Vestlandet. Og mønetaket eignar seg betre i vestlandsvêr. | | |  | | Samfunnshuset har bore våre verdiar i kledeleg kommunegrønt og grått. |
1.juli: Samfunnshuset har bore våre verdiar i kledeleg kommunegrønt og grått. Vi inntek nære på perspektivet til periskopet og kjenner oss litt som ein austtysk spion som ligg og lurer bak ei krukke. No skal det bli sving på Kulturhuset! Det grå skal gå over i det blå. Men det blir fortalt, utan at vi har sjekka om det er sant, at det inne på Varaldsøy budde ein gammal og skral mann som ein gong hadde besøk av ordførar Synnøve ved sjukesenga si. – Du må for all del syta for at det ikkje blir noko av dette kulturhuset! var mellom dei siste orda han sa her på jorda. Det er så mang ein strid vi fører her i verda før nokon grev opp for oss. | | |  | | Årgangsleica: Retromodell i storleik 1:3 av den legendariske M3, fotografert med Sony Ericsson K750i. |
| | | | | | |
| |
|
| | 
Kulturfestival for nær 1500 Kvinnherad Kulturfestival er vel i hamn – for 9. året på rad. Nærpå 1500 publikummarar med stort og smått deltok i ulike arrangement frå torsdag til søndag. Festivalen har følgt den same malen så å seia i alle år, og no er kanskje tida inne til å tenkja nytt, og endåtil gjera det til ein regional festival. – Ja, vi tenkjer litt i dei banar, seier kultursjef Kristian Bringedal i dette intervjuet med HusnesNett. Han karakteriserer festivalen som ein breiddefestival med tilbod til barn, unge og eldre, og utan fokus på dei store overskota. Tilbakemeldingane frå publikum etter årets arrangement er gode. Intervju/redigering/foto: Kristian Hus
Song og musikk: Åsne Kvamme, Tore Kloster og Ingunn Ådland.
Publisert 19.02.12. | 
Høyr kvedaren Kari Folkemusikkveka i Kvinnherad ladar opp med kvedarkurs: I tre helgar; mars, april og september, vil barn og vaksne få høve til å læra seg kvedarkunsten saman med songaren Kari Malmanger frå Rosendal og fylkeskvedar og songpedagog Reidun Horvei. Her kan du høyra ein liten smakebit frå Malmanger sitt repertoar, nemleg ''Å kjeringjo sudla på rokken sin'' etter bestefar til Kari, Olav Ljostveit frå Ølve. – Det er ikkje han som har laga songen, men han lærte meg den, seier Malmanger til HusnesNett. Det finst mange variantar av denne songen med ulike tekstar og melodiar, men dette kan vi altså seia er ein variant frå Kvinnherad. Song: Kari Malmanger Gitar: Vidar Berge Fele: Olav Mjelva Foto: Magne Fitjar Publisert 05.02.12.
| 
Kvinnherad satsar på morgondagens talent Direktør i Mosvold-gruppen, Sten Falkum, opna den niande kulturfestivalen på Husnes torsdag kveld, i Undarheim Gard. I talen sin trekte han spesielt fram kommunen sin vilje til å satsa på morgondagens kunstnarar. Det nye kulturskulesenteret på Husnes er eit bevis på dette, sa sørlendingen blant anna. – Kulturskulesenteret er ei kjempesatsing, som vil koma nye talent i framtida til gode, sa han, og minna samtidig om at samfunnet treng kunsten meir enn kunsten treng samfunnet. Utan kunsten ville det meste ha fortona seg som grått, likegyldig og kjedeleg. Difor er ein slik kulturfestival som no føregår på Husnes veldig viktig, sa Sten Falkum. Opptak og redigering: Kristian Hus Foto: Magne Fitjar
Publisering: 17.02.12. | 
Utolmodige ordførarar vil snakka med fylkeskommunen – Både Kvinnherad og Stord er svært opptekne av å korta ned ferjesambandet mellom kommunane, seier ordførar Synnøve Solbakken etter samferdslemøtet på Husnes i dag. Vi er utolmodige etter å få gjort noko snarast mogleg, for Kvinnherad kan ikkje slå seg til ro med Skjersholmane. Det er gjort nok planarbeid, no må prosjektet koma over til handling, seier ho. Ordførar Liv Kari Eskeland på Stord er skuffa over det som kom fram på møtet, blant anna at det ser ut til at Djupavika-alternativet får eit skot for baugen i høve til finansieringa. Ho trur dessutan at det må bli ein ny debatt på Stord om dei ulike alternativa. Begge ordførarane meiner at det mest realistiske tidsperspektivet er at det først i 2019 kjem nytt ferjestø på Stord. Intervju/redigering/foto: Kristian Hus
Publisert 07.02.12. | 
Vil ikkje spekulera om Rosendalstunet – Nesten ingen snakkar om økonomi i denne saka, og vil helst feia problemet under teppet. Det sa Knut Prestnes (Uavh.) i debatten om pleie og omsorg i kommunestyret i dag. Slik han ser det etter tala som vart lagt frå administrasjonen, er det ingen annan utveg enn å byggja ut Rosendalstunet i fleire etappar. – Ingen har fortalt oss eksakt kva det vil kosta å byggja 60 nye plassar eller kva driftsutgiftene vil bli, seier Prestnes i dette intervjuet. Han vil ikkje spekulera i kor mange plassar kommunen vil få råd til å byggja i Rosendal i første omgang, etter som dette vil koma betre fram når kommunestyret skal diskutera økonomiplanen fram til 2016. Prestnes ser for seg at strukturen i heile kommunen no må vurderast. Intervju/redigering/foto: Kristian Hus
Publisert 02.02.12. | 
Engasjert debatt med høg temperatur Mandatet til prosjektgruppa for utbygging av Rosendalstunet, forslaget til funksjonsdeling mellom sonene og vurdering av ny sonestruktur stod på saklista til kommunestyret i dag. Men den over to timar lange debatten kom aller mest til å dreia seg om forslaget frå rådmannen om reduksjonar i Ølve og Hatlestrand. Det vart òg mykje snakk om tvil og tru om tala adminstrasjonen har lagt fram for politikarane, og fleire brukte endåtil ordet ''løgn'' i debatten. Arne Presthus (H) frå Ølve tykkjer administrasjonen har lagt føringar og premissar for utgreiingsarbeidet. Han har dessutan ei kjensle av at utbygginga andre stader i kommunen, skal gå på bekostning av institusjonane i utkantane. Dermed blir bygdene sett opp mot kvarandre, og det er ikkje bra, seier høgremannen frå Ølve i dette lyd-intervjuet med HusnesNett.
Intervju/redigering/foto: Kristian Hus
Publisert 02.02.12. | 
Viktig med mange kreative innspel – Det er viktig med mange kreative innspel i ei så fastlåst sak som ferjesambandet mellom Kvinnherad og Stord. Det meiner tidlegare kommunepolitikar og ferjeaktivist, Arne Gjerde. Han reagerer på at fire formannskapsmedlemmer gjennom ei pressemelding har gått i rette med Komite for næring og samferdsel, som vil satsa på hurtigare ferjer mellom Ranavik og Skjersholmane i staden for å byggja nye ferjestø til mange hundre millionar kroner. Gjerde meiner dessutan at det er nærast bortkasta tid når formannskapa på Stord og i Kvinnherad i neste veke skal ha møte om nytt ferjestø i Djupavika når Kvinnherad vil ha eit heilt anna alternativ (Kverneneset).
Telefonintervju/redigering/foto: Kristian Hus
Publisert 30.01.12. | | 22.02.2012 | Formannskapet ber om utgreiing i Dill-saka: Vil vurdera avtale og kostnader i høve til andre | Gerhard Eide i selskapet Dill AS har i to oppslag på HusnesNett dei siste vekene utfordra kommuneleiinga om å gje svar på konkrete spørsmål. Styreleiaren har blant anna bede om svar på om han har rett i påstanden om at kommunen har rekna feil når det gjeld kostnadene med matlevering frå det private selskapet på Halsnøy. No kjem ordførar Synnøve Solbakken med svar, men det er neppe avklarande i høve til dei konkrete spørsmåla Eide har stilt. Det lyt han venta til den 8. mars med, når saka kjem opp i formannskapet. | | 22.02.2012 | Årsmøte på Feitetysdag | – Du må ha overskrifta Årsmøte på feitetysdag! seier leiaren av Venskap – Kvinnherad San Lucas Tolimán. | | 21.02.2012 | Tjerand Lunde æresmedlem i Trio | Tjerand Lunde vart på årsmøtet i Trio i kveld utnemnd til laget sin første æresmedlem. Etter ein mannsalder både som aktiv idrettsutøvar og administrator sa han samtidig takk for seg som leiar i hovudlaget. Den snart 78 år gamle Lunde er nærast som ei bauta å rekna i Trio-samanhang, og det står stor respekt av arbeidet han har lagt ned. I kveld blei han æresmedlem til ståande applaus frå årsmøtedeltakarane, som slik takka han for 36 års leiarskap. Agnar Melkersen blir ny leiar. | | 21.02.2012 | Ny pris-rekord – igjen! | Tysdag for ei veke sidan kunne HusnesNett melda om pris-rekord for bensin og diesel i Kvinnherad, med høvesvis kr 15,18 og 14,45 per liter på Statoilstasjonen i Dimmelsvik. Men det skulle ikkje vara lenge, for i går kveld måtte bilistane betala 15,28 per liter bensin og 14,50 for diesel. Vi får trøysta oss med at det er endå verre i Tromsø, for der låg prisen på 16 kroner per liter i går, blant anna på grunn av transporttillegget. Og så klagar austlendingane over ein pris på kr 15,04! | | 21.02.2012 | «Tre i Trio» 2012: Dugnadsfamilien Larsen, Larsen og Larsen | Medlemsbladet Kontakt er ikkje meir, men «Tre i Trio»-serien held likevel fram – på nett. Og i år er det Harald Larsen og to av døtrene hans, Hanne og Rita, laget vil trekkja fram før årsmøtet, i kveld tysdag. Til saman representerer dei tre familiemedlemmene ein vesentleg del av det store dugnadsarbeidet som år om anna blir lagt ned i Kvinnherads største idrettslag. Les heile saka på Trio si nettside her | | 20.02.2012 | Joar – første husnesing i HUBB | Sist helg hadde Hordaland Ungdoms Brass Band (HUBB) samling på Tertnes. Trombonisten Joar Kyo Berg (16) var då på si første samling, og han vart dermed den første representanten frå Husnes skulekorps i dette kretskorpset. | | 20.02.2012 | Nye nettsider med turstiar i Kvinnherad | Denne veka er dei nye sidene som gjev oss ein god oversikt over turstiane i Kvinnherad lagt ut på nettet. Her finn vi turstiane, som har vore med i prosjektet Turstiar i Kvinnherad, som var ferdig for eitt år sidan. | | | | |