| MENY |
| | | | | | | | | | | | Dagens bilde |  | | | Søk | |
| | REDAKSJON (DA): | | | | Linkar | | |
|
|
Friheim – ungdomshuset i Husnes |  | | Husnes Mannskor fotografert framfor scena i Friheim. |
| | | | Husnes Ungdomslag vart skipa i 1896. Dei fleste medlemmene kom frå skulekrinsane Sunde og Undarheim, og dei første åra vart skulehusa i desse bygdene nytta skiftevis til møte og ulike samkome i laget. | | |  | | Leikarring i aksjon utanfor Friheim. (Foto: Henning Haga) | Det var vanleg at dei frilynte ungdomslaga frå starten av enten heldt møta rundt på gardane eller brukte skulehusa. Lærarane gjekk ofte i brodden både under oppstart av ungdomslaga og i leiinga av lagsarbeidet dei første åra, og dette gjorde det kanskje litt lettare å få løyve til å bruka skulehusa som møtelokale. I oktober 1901 er det for første gang protokollført framlegg om at laget burde tenkja på å byggja eige hus. Tanken fekk støtte med det same, men sjølve saka vart først diskutert på møte 11. november. Losje Hegn, som vart skipa eit par år seinare enn ungdomslaget, hadde sagt seg interesserte i å samarbeida om bygging av hus. Men dei hadde sett som vilkår at huset ikkje måtte byggjast lenger oppe i bygda enn Grøndal.
For langt unna
Medlemmene i øvrebygda syntest dette vart for langt unna for dei, og avgjerda vart utsett. Nytt møte vart halde alt den 24. november 1901. Då hadde losje Hegn trekt seg, og ungdomslaget vedtok å gå vidare med planane på eiga hand. Det vart gjort vedtak om at huset skulle byggjast ved enden av Kaldestadåsen, og der hadde ungdomslaget fått lovnad på tomt til ei årleg leige på fire (4) kroner. Det vart ikkje teke stode til korkje tomt eller leigesum i dette møtet, men det vart vedteke å starta innsamling av pengar til byggjefond. Ei veke seinare vart det synt fram spelstykke i nedrebygda, og dei 19 kronene dei hadde i overskot på framsyninga, vart til det første innskotet i byggjefondet.
I 1905 kjøpte så Husnes Ungdomslag tomt. Ifølgje panteregisteret er tomta Friheim utskilt frå gardsnummer 149 Grønstøl. Seljar var Ingeborg Sørensdatter (som var enkje etter Thor Knudsen), og kjøpesummen var 70 kroner.
| | |  | | Ragnvald Vaage var ofte nytta til talar i ulike samanhangar. | Huskomité
Møtebøkene til Husnes Ungdomslag fortel ikkje meir om byggjesaka før i april 1906 då det vart diskutert om laget burde velja ein huskomité og Haktor Valvatne, Peder Bjelland, Lars Vaage og Peder Eriksen vart valde. På eit møte i mars 1907 vart det gjort vedtak om å gå i gang med å byggja hus. Helje Valvatne vart vald til leiar i byggenemnda. I desember var planane komne så langt at dei kunne fastsetja byggjestarten til februar 1908, men først skulle det vera eit rådleggingsmøte med medlemmene for å diskutera skap og storleik på huset. Rådleggingsmøtet vart halde 19. januar 1908 og dei gjorde dette vedtaket:
Huset skal vera 18 alner langt og 10 alner breidt med ein tilbygnad i søre enden – 8 alner breid og 5 alner lang. Denne skal og hava mønetak. Under denne tilbygnaden vert mura ein høveleg stor kjellar, som skal brukast til kjøken. På den øvre sida av huset vert det burtimot nordre enden sett ein tilbygnad som skal brukast til gong. Denne vert 3 alner og 18 tummar breid og 6 alner og 12 tummar lang. Or gangen gjeng trappi upp på galleriet som vert sett tvert yver salen i nordre enden, umlag 5 alner breidt.
Lån
Møtet vedtok òg å finansiera bygget ved låneopptak på 3000 kroner. Helje Valvatne sa seg viljug til å stå som låntakar medan Haktor Valvatne, Ingemar Tråvik, Arnfinn Valvatne, Lars A. Vaage, Hallvard Kleiberg, Samson Rørvik, Lars Rørvik d.y., Anders Bjelland, Michael Røssland og Johannes J. Bjelland sa seg viljuge til å kausjonera for lånet. Det vart òg lagt ut liste for friviljuge ytingar. 23 medlemmer teikna seg for i alt 122 kroner. | | |  | | Plakaten som vart laga til 17. maifesten i 1914 då minnestøtta vart avduka. |
I møtebøkene til Husnes Ungdomslag står det ikkje noko meir om huset og byggjeprosessen. Men huset vart bygt og det var klart til vigsling i november 1908. Eit førebels rekneskap viste byggjekostnader på 5400 kroner for huset med full innreidnad. I tillegg til sjølve ungdomshuset Friheim, stod det eit vedhus og eit utedo på eigedomen. Storslagen fest
Vigslingsfesten vart halden den 15. november 1908. Ifølgje møtereferatet møtte det fram 300 – 400 menneske. Det må ha vore ein storslagen fest. Vigslingshøgtida starta klokka fire om ettermiddagen og varte til tre om natta.
Formannen i byggenemnda, Helje Valvatne, overgav huset til formannen i laget, Ingemar Tråvik, som òg heldt innviingstalen. Sokneprest Andersen og ordførar A. Lea heldt òg talar. Vidare var det stevleik, skodespel og opplesing. Musikklaget spela til marsj og dans. Det går ikkje fram av referatet om dei hadde noko matøkt på festen, men dei kan ikkje ha halde ut så lenge utan mat. Kanskje har det vore eit opphald mellom ettermiddagsprogrammet og kveldsprogrammet? Den gongen hadde mange av medlemmene også fjøsstell på gardane å ta hand om.
Framlegg til ”Reglar for Friheim” vart diskuterte på møte den 29.11.1908. Av desse reglane går det mellom anna fram at ”...det er forbod mot rusdrykk i huset” og at ”...det skal ikkje vera dans etter musikk på vanlege møte, men at det er lov på festar”.
Vidare er det i reglane fastsett leigesatsar. For utleige til oppbyggingsmøte skal det til dømes ikkje krevjast leige, men det må betalast to kroner for vask. For utleige til andre møte er leiga fem kroner, men til kommersielt bruk 10 kroner. | | |  | | Husnes Mannskor syng ved Friheim på 17. mai. Ved mikrofonen står Eirik Tøsse. (Foto: Henning Haga) | Bruken av huset Det første vanlege møtet laget hadde i eige hus, vart halde 22. november 1908. Møtebøkene hadde heilt frå ungdomslaget vart starta, vitna om stor møteaktivitet. Vanlege møte heldt dei som regel kvar 14. dag, og så vart det etter kvart også faste festar gjennom året. Mange av medlemmene reiste på sildefiske, og det måtte det takast omsyn til når det skulle skipast til festar. Dei passa då på å leggja festane til helgar då fiskarane var heime. Om sommaren var det få vanlege møte, men det vart som oftast skipa til jonsokfestar og olsokfestar. Dessutan var sommaren tida for turar og stemne. | | | | Friheim var den tids kulturhus i bygda vår. I tillegg til den aktiviteten som ungdomslaget stod for sjølve, vart huset nytta av andre lag som kom til etter kvart. Losje Hegn gjorde til dømes avtale med ungdomslaget alt i november 1908 om bruk av huset til sine møte. For det skulle dei betala 25 kroner i årleg leige. Då skulle dei sjølve halda seg med ved til oppvarming og olje til lampane. | | | Profesjonelle og amatørar
Ungdomslaget tok òg mot mange tilreisande artistar, både profesjonelle og amatørar. Noregs Ungdomslag og folkeakademia tilsette ferdatalarar, som reiste rundt i laga og heldt føredrag om ulike emne. Mellom desse var bygda sin eigen diktar, Ragnvald Vaage. Han tala ofte både på festar og stemne. | | | Det var elles kinodrift i huset i mange år. I april 1938 søkte ungdomslaget om løyve til kinodrift, og dei ville syna 15 filmar i året. Heradstyret valde å setja ned ei nemnd for å få utgreidd spørsmålet. Løyvet til kinodrift må ha vorte gjeve til Johan Johnsen frå Skånevik, for han var komen i gong med filmframsyningar i 1940.
2. påskedag dette året synte han filmen ”Vi som går landsvegen” der 25 prosent av inntektene gjekk til finnlandshjelpa. Seinare tok Norsk Bygdekino over kinodrifta i Friheim fram til det kom kino i Husnes Samfunnshus.
Ordskifte Faste innslag i møta den første tida var ordskifte, og emnevalet femna vidt. Det var oftast medlemmene sjølve som innleia til ordskifte, men av og til hadde dei innleiarar utanfrå. Alt i 1897 vart det diskutert ”om vaksne menn tok skade av å bruka tobakk”. Og i 1934, lenge før røykjelova vart innført i Noreg, vart det vedteke at det skulle vera forbod mot røykjing i Friheim. | | | Jordbruk, plantekultur og ”bonden sine livsvilkår” vart òg diskutert. I 1914 engasjerte dette siste temaet så sterkt at dei måtte halda fram diskusjonen på neste møte. Skogsaka var framme fleire gonger, og dei hadde til og med tankar om å kjøpa seg eit eige plantefelt. Andre tema kunne vera klemotar og skikk og bruk på ymse område.
På møta var det òg oftast opplesing frå blad og bøker, for det var det ikkje vanleg å finna i alle heimar. Ungdomslaget kjøpte òg inn nokre bøker til utlån mellom medlemmene. | | | Bladet Våren Tidleg på 1900-talet var det stor utvandring til Amerika, og ungdomslaget heldt ofte avskilsfest når nokre av medlemmene reiste. Nokre av dei som reiste, kom heim att etter ei tid. Då vart det halde velkomstfest, og dei heimvende fortalde frå reisa og opphaldet. Men medlemmene hadde òg høve til å fremja sine eigne tankar og meiningar gjennom det handskrivne bladet Våren. Der er det mykje av både skjemt og alvor, og det er bra kvalitet over mykje av det som er skrive der.
Friheim vart fast arena for mange festar, som etter kvart vart årvisse. Det kan nemnast 17. mai-festar, haustfestar, julefestar, 13. dagsfestar, pakkefestar, skotårsfestar og i periodar jonsok- og olsokfestar.
På festane var det føredrag, framsyning av spelstykke, som laget hadde øvd inn, matøkt og leik og dans. Det var òg ofte basarar, for inntekter hadde dei bruk for – særleg etter at dei fekk sitt eige hus.
Også stemne er skipa til med basis i Friheim, men då helst på stemneplassen i utmarka utanfor. | | |
Bautastein
Til 17. mai-høgtidinga i 1914 var den bautasteinen som står framføre Friheim, ferdig. Den er reist til minne om hærmenn frå Husnes som var med i krigen mot svenskane i åra 1807 – 1814, og støtta vart avduka 17. mai 1914. Kåre Eldøy har skrive meir utførleg om dette i Kvinnhersminne, Årbok VI, som kom ut i 1992. | | | | Så følgjer ein periode der møtebøkene er borte. Det gjeld perioden frå og med 17. mai 1947 til januar 1957. Det er likevel ikkje tvil om at det var aktivitet også i desse åra. Årsmeldinga for året 1949 fortel til dømes at det vart halde 15 lagsmøte og tre festar dette året. Sjølv kan eg minnast både lagsmøte, leikøvingar og dansefestar frå 1950-åra. | | | |
Det vart etter kvart vanskelegare å halda oppe interessa og møteaktiviteten i laget, og det kom ein periode med liten aktivitet frå midten på 1960-talet og fram til 1971 då Hordaland Ungdomslag tok initiativ til å få i gang att aktivitetar i laget. | | | Tidarskifte
Tidene hadde no skifta, og på 1970-talet kom det mange heilt unge medlemmer med i laget. Med dei kom det nye aktivitetar inn i Friheim. Det vart starta diskotek, som etter kvart utvikla seg til å verta ein ungdomsklubb – organisert som særlag i ungdomslaget.
Det vart òg starta ei visegruppe, som underheldt på medlemsmøte og andre tilskipingar, mellom anna under landsstemna til Noregs Ungdomslag i 1973. | | | |
Det at landsstemna til N.U. for første gong vart skipa til i våre bygder, som eit samarbeid mellom ungdomslaga i Rosendal, Omvikdalen, Uskedalen og Husnes, vart til stor inspirasjon for ungdomslaget. For å kunna delta på dei aktivitetane desse stemnene baud på, var det viktig å førebu seg godt. Det vart mellom anna øvd intenst på leik og folkedans. | | | Barnelag
Ungdomslaget vedtok i 1975 å skipa barnelag – også det organisert som eit særlag under ungdomslaget. Barnelaget heldt til i Friheim, og dreiv mellom anna med teaterarbeid og folkeviseleik og dans. Noregs Ungdomslag er også ein studieorganisasjon, og det er halde mange kurs i Friheim, mellom dei mange ulike hobbykurs. Men mest har det vel vore halde kurs innanfor dei opphavelege kjerneaktivitetane til ungdomslaga – folkeviseleik, folkedans og amatørteater. | | | | Friheim er ikkje lenger så fylt av aktivitetar som det var i stordomstida, men enno vert huset brukt både av ungdomslaget sjølv og til bortleige. Mange har òg feira åremålsdagar og andre familiehendingar i Friheim.
| | | Forvalting av huset Det gjekk mange år utan at huset trong til nemnande vedlikehald, og det kom nok vel med. Årsmeldingane dei første åra etter at huset var ferdig, fortel om at det meste av inntektene gjekk med til å betala renter og avdrag på låna. Men litt endringar er det blitt opp gjennom åra, både tilbygg og ombygging/oppgradering.
Vedlikehaldsarbeidet har for det meste vore utført på dugnad. I 1925 vart det gjort vedtak om storvask. Dei som skulka, måtte betala ei krone i mulkt. Nokre medlemmer har nok skulka dugnaden, for laget fekk inn så mykje pengar i mulkt at dei hadde nok til å kjøpa såpe for. Det har ikkje alltid vore like lett å få folk med på dugnad. | | | | Frå midten av 1920-talet ser det ut til at behovet for meir omfattande vedlikehald har meldt seg, og i åra som følgjer er det ofte diskusjonar både om vanleg vedlikehald og om utviding eller bygging av nytt hus. I 1926 har murmeister Pedersen frå Leirvik fått arbeidet med å ordna murar for 300 kroner. Vedlikehaldsarbeid elles er utført på dugnad både ute og inne, men ikkje alt kunne gjerast på dugnad. I 1933 må det ha stått ekstra dårleg til med dørane i huset, for då vart det vedteke å få laga kostnadsoverslag for nye dørar. | | | Reparasjonar
I 1936 vart reparasjonar diskutert, og då galdt det reparasjon av uthusa, portiere for scena og oppgradering av kjøkenet. Seinare same året vart husbygging på nytt diskutert. Det vart då diskutert om ungdomslaget skulle byggja åleine eller saman med andre. Eit fleirtal var for at laget skulle byggja åleine. | | | |
I 1940 ”må noko gjerast med huset”. Ei nemnd vert nedsett for å arbeida med dette. Årsmeldinga for 1940 fortel elles at Friheim no er skuldfritt. Så kom 9. april 1940. Då skrinla laget førebels dei planane dei hadde om nybygg og for ordning av kjøken og matsal. | | |
I 1941 ønskjer dei meir grunn til å byggja nytt vedhus og utedo. Men dei finn tomteprisen for høg, og dei vedtek å byggja nye hus på same grunnen. Også dette sette 9. april 1940 ein stoppar for, fordi det då var vanskeleg å få kjøpt materialar.
Etter krigen
Krigen tok slutt, og ungdomslaget kom nokså snart i gang med arbeidet att. Utover hausten kom dei etter kvart i gang med diskusjonen om kva som måtte gjerast med Friheim, og Torgeir Døssland presenterte planar med kostnadsoverslag for utviding av huset.
Under behandlinga av denne saka hadde andre lag vore inviterte til å vera med, men det vart nok ein gong konkludert med at ungdomslaget skulle byggja åleine. I 1946 vart kjøkenet fornya og forbetra. | | |
I 1938 hadde ungdomslaget freista å skaffa seg ny tomt. Husnes soknestyre hadde då kjøpt, eller hadde planar om å kjøpa ei tomt for å byggja fattighus. Denne tomta er nabotomta til Friheim i nord, og Husnes Ungdomslag kontakta Husnes soknestyre for å få overta tomta. Soknestyret kunne ikkje ta stilling til sal av tomta då.
Det vart difor ikkje kjøp i 1938, men tomta vart skøytt til Husnes Ungdomslag den 25.05.1948 for 800 kroner. Det vart arbeidd seriøst med planar om nybygg då, og tomta vart utskoten og drenert.
Noko hus kom det likevel ikkje opp.
Reparasjon og påbygg
I 1963 har det så vore utført ein større reparasjon. Då har styret fått fullmakt til å gjennomføra reparasjon og påbygg. Det vart skifta golv og utført noko maling inne i huset. Utanfor huset vart det grøfta og oppført tilbygg for toalett. Sanitæranlegget vart gjort ferdig. Vatn fekk dei først frå ein brunn ovanfor huset.
| | | Det kom så ein periode med liten aktivitet i laget, men kinodrifta heldt fram. Kinodrift hadde det vore sidan før 1940. Det var ført opp eit tilbygg i nordenden av Friheim for dette føremålet. Dette tilbygget er i dag ombygt til kjøken.
Då ungdomslaget kom i gong att i 1971, vart det òg arbeidd med å setja Friheim i stand. Dette året vart laget aksjeeigar i L/L Husnes Samfunnshus, men kom til at det likevel var trong for Friheim til eigne aktivitetar. Den andre tomta derimot, var laget interesserte i å selja, men mellom anna på grunn av vanskar med å få godkjent avkøyrsle, er den enno i Husnes Ungdomslag si eige. | | |
Ansgar Bjelland Kvinnhersminne – Årbok XIV | | | KJELDER: Styre- og møteprotokollane til Husnes Ungdomslag
Kåre Eldøy: Friheim, bautasteinen og steinhoggaren Kvinnhersminne, Årbok VI, 1992.
| | |  | | Frå ein av dei mange festane i huset (frå venstre): Olav Bjelland, Sigma Kaldestad, Bernt Kaldestad, Sylvin Grønstøl og Brita Bjelland |
| | | | | | |
| |
|
| | 
– Viktig å aldri gløyma krigen – Det er viktig å minnast fredsdagen 8. mai 1945 så lenge vi lever, elles kan hendingane under krigen lett bli gløymde. Det seier son til motstandsmannen Andreas Larsen Aanderaa, Sigvald (74), som var med på minnemarkeringa i Høylandsbygd i dag. Også Johannes G. Eide er oppteken av å føra krigshistoria vidare til nye generasjonar. Radiohola i Høylandsbygd er ein del av denne formidlingsoppgåva, seier Eide i dette intervjuet med HusnesNett. Intervju/redigering/foto: Kristian Hus
Publisert 13.05.12. | 
– Fred og fridom må vernast om kvar dag Øyvind Røyrvik frå Sunde er snart 92 år gammal, men hugsar likevel godt fredsdagen 8. mai 1945 som om det skulle vore i går. Dei hadde ikkje flaggstong der han budde, men eit bjørketre vart kvista frå rot til topp, og dermed kunne det norske flagget igjen brukast fritt etter fem års okkupasjon. I dag var Røyrvik til stades på minnemarkeringa ved Husnes kyrkje saman med kona Marta og systera hennar, Inga. Dei to kvinnene har tidlegare fortalt om sterke opplevingar under krigen då far deira, Knut Grønstøl, vart arrestert av tyskarane. Namnet hans står på minnesteinen ved kyrkja der det i dag vart lagt ned blomekrans. – Fred og fridom kjem ikkje av seg sjølv, det må vernast om nesten dagleg, seier Øyvind Røyrvik, som er redd mange er i ferd med å bli likesæle i høve til det som skjedde under krigen. Intervju/redigering/foto: Kristian Hus
Publisert 08.05.12. | 
Ønskjer større satsing på Husnes – Veksten i Kvinnherad kjem på aksen mellom husnesområdet og rosendalsområdet. Det trur kommunepolitikar Arve Opsanger (Ap). Etter eit arbeidsmøte på Husnes i dag, der utviklinga av kommunen stod i fokus, seier han at Kvinnherad treng Husnes – og omvendt. Difor er det heilt avgjerande at politikarane satsar meir på å byggja opp eit sterkt senter her. – Viss vi vil at folketalet i kommunen skal auka, må det satsast meir. Det finst ikkje noko anna farbar veg enn sterkare satsing på Husnes. Å slå seg saman med Hardanger, tykkjer Opsanger er ein dårleg ide. Då vil det berre gå nedover med oss, seier han. Leif Sverre Enes (Høgre) vil òg ha sentrumsutvikling, men det må ikkje gå ut over dei små bygdene i kommunen. Han meiner dessutan at det er viktig å samla Kvinnherad til eitt rike, og få alle som bur her til å føla seg som kvinnheringar. Det må bli ei hovudoppgåve framover, seier Enes. I gruppa han sat i under arbeidsmøtet på Husnes i dag, vart elles eit nytt slagord lansert; «Husnes og dei andre». Enes meiner også at det er nødvendig med ein dialog blant alle kvinnheringar om korleis vi skal greia å samla Kvinnherad til ein kommune. Intervju/redigering/foto: Kristian Hus
Publisert 27.03.12. | 
Ny samlingsplass til fire millionar på Valen Ein ny og sentral samlingsplass for folk i alle aldrar er under realisering på Valen. Prosjektet skal gå over tre år, der ein ballbinge utgjer første byggjesteg. Arbeidet med denne føregår no for fullt. Seinare kjem ein park og aktivitetsdel, medan den planlagte sjuar-banen kjem i 2014. To av dei som står sentralt i prosjektet, Steinar Haugan og Rune Høydal, fortel til HusnesNett at dugnadsinnsatsen og gjevargleda er stor i heile Valebygda, men at dette òg er nødvendig for å få det til. – Vi treng eit slikt sosialt samlingspunkt, seier dei to. Valeparken betyr òg ei fornying av sentrum i bygda, og vil gjera det meir attraktivt å busetja seg her. Intervju/redigering/foto: Kristian Hus
Publisert 17.03.12. | 
Høyr kvedaren Kari Folkemusikkveka i Kvinnherad ladar opp med kvedarkurs: I tre helgar; mars, april og september, vil barn og vaksne få høve til å læra seg kvedarkunsten saman med songaren Kari Malmanger frå Rosendal og fylkeskvedar og songpedagog Reidun Horvei. Her kan du høyra ein liten smakebit frå Malmanger sitt repertoar, nemleg ''Å kjeringjo sudla på rokken sin'' etter bestefar til Kari, Olav Ljostveit frå Ølve. – Det er ikkje han som har laga songen, men han lærte meg den, seier Malmanger til HusnesNett. Det finst mange variantar av denne songen med ulike tekstar og melodiar, men dette kan vi altså seia er ein variant frå Kvinnherad. Song: Kari Malmanger Gitar: Vidar Berge Fele: Olav Mjelva Foto: Magne Fitjar Publisert 05.02.12.
| 
Kulturfestival for nær 1500 Kvinnherad Kulturfestival er vel i hamn – for 9. året på rad. Nærpå 1500 publikummarar med stort og smått deltok i ulike arrangement frå torsdag til søndag. Festivalen har følgt den same malen så å seia i alle år, og no er kanskje tida inne til å tenkja nytt, og endåtil gjera det til ein regional festival. – Ja, vi tenkjer litt i dei banar, seier kultursjef Kristian Bringedal i dette intervjuet med HusnesNett. Han karakteriserer festivalen som ein breiddefestival med tilbod til barn, unge og eldre, og utan fokus på dei store overskota. Tilbakemeldingane frå publikum etter årets arrangement er gode. Intervju/redigering/foto: Kristian Hus
Song og musikk: Åsne Kvamme, Tore Kloster og Ingunn Ådland.
Publisert 19.02.12. | 
Kvinnherad satsar på morgondagens talent Direktør i Mosvold-gruppen, Sten Falkum, opna den niande kulturfestivalen på Husnes torsdag kveld, i Undarheim Gard. I talen sin trekte han spesielt fram kommunen sin vilje til å satsa på morgondagens kunstnarar. Det nye kulturskulesenteret på Husnes er eit bevis på dette, sa sørlendingen blant anna. – Kulturskulesenteret er ei kjempesatsing, som vil koma nye talent i framtida til gode, sa han, og minna samtidig om at samfunnet treng kunsten meir enn kunsten treng samfunnet. Utan kunsten ville det meste ha fortona seg som grått, likegyldig og kjedeleg. Difor er ein slik kulturfestival som no føregår på Husnes veldig viktig, sa Sten Falkum. Opptak og redigering: Kristian Hus Foto: Magne Fitjar
Publisering: 17.02.12. | | 18.05.2012 | Åshild Ulstrup om døden i GalleriE | I morgon, laurdag 19. mai kan du møta Åshild Ulstrup (bildet) i det nye GalleriE på Valen. Der skal ho fortelja frå den nye boka si; «Eg ser ei sol. Døden – tankar og undring». Valebu, forfattar og mangeårig kjend og kjær radiorøyst er i galleriet frå klokka 12.00, melder Elin Stene. | | 17.05.2012 | 17. mai 2012 | Så er vi i gang att med 17. mai-feiring i bygdene våre. Biletet over er teken frå toget som starta klokka 11 frå kyrkja på Husnes, i lett regnvêr og med ni grader i lufta. Sjå fleire bilete på linken under: http://husnesnett.no/no/gallery/34/(Publisert kl 12.15) | | 17.05.2012 | Salutten er gått! | Klokka sju, ganske nøyaktig, vart Nasjonaldagen innleidd på Fenafjell, tradisjonen tru. Ein liten augneblink var det eld laus på berget, og så small det. Seinare vart ein lys blå anorakk observert, då to mannsskapningar skulle inspisera resultatet av fenghettene. Vi lurer på om mannen i lyseblå anorakk kan vera Ole Bjarte. Sundesida var først ute med salutten her på desse kantar. Like etterpå høyrde vi dumpe drønn frå andre sida av Kaldestadåsen. God 17. mai!
| | 17.05.2012 | Gratulerar med dagen, Kvinnherad! | Så er vi i gang att. 17. mai og nasjonaldag. Festdag for store og små i heile Noreg, og ikkje minst i Kvinnherad frå fjord til fjell. Den dagen i året der indre og ytre ikkje betyr noko som helst, der ungar og vaksne gler seg over nasjonaldagen og ikkje minst over feiringa i bygdene i Kvinnherad. Det er dagen der vi kan gle oss over det flotte landet vårt, kommunen vår og kvinnheringane. Store og små, indre og ytre, svart eller kvit under det flagget vårt... Vi kjem tilbake med bilete frå 17. mai feiringa seinare i dag! Sjå tidlegare publisert video på HusnesNett frå Kvinnherad :http://husnesnett.no/no/video/330/ | | 16.05.2012 | Folkemøte i Mauranger: – Det er berre snakk om Husnes for tida! | Kvinnherad kommune snur ryggen til samarbeid med Hardangerregionen og manglar vilje til å kjøpa tenester i Odda. Det hevdar styret i Ænes og Mauranger Bygdalag, som har invitert innbyggjarane til møte for å diskutera problemstillingane. Eit utgangspunkt for folkemøtet komande søndag er spørsmålet om innbyggjarane er tente med å sokna til Kvinnherad kommune. | | 16.05.2012 | Oda Hveem til musikkfestivalen | Leiinga i Rosendal Musikkfestival er svært glade for at Oda Hveem frå Halsnøy, no busett i Oslo, skal spela Pink Floyd saman med gruppa Made in Japan under årets festival. I fjor gjorde bandet Lucky Pigs stor suksess i Rosendal. Ei tid etter konserten her, stod dei på scena i heimkommunen Austevoll, og då hadde dei fått med seg Oda Hveem på scena. Oda er kjent som ein særs dyktig saksofonist, og det er difor svært kjekt at ho kjem tilbake til Rosendal. No er det bandet Made in Japan ho skal dela scena med. Ei avis kåra denne gruppa til «norgesmeister i Pink Floyd», så alt bør liggja til rette for ei musikkoppleving utanom det vanlege, skriv festivalleiinga i ei pressemelding. Made in Japan skal spela på festivalkroa fredag 25. mai. Publikum får då to konsertar for prisen av èin, for tidlegare Vamp-vokalist Jan Toft står også på programmet. Sjå meir info på nettsidene til musikkfestivalen her | | 15.05.2012 | Godt nytt for SØRAL – får billegare straum | Regjeringa stadfestar no at dei vil innføra ei kompensasjonsordning mot karbonlekkasje, noko som får mykje å seia for aluminiumverket på Husnes. Det melder Haugesunds Avis si nettavis seint tysdag kveld. Ifølgje avisa vil EU innføra ei snarleg støtteordning for kraftkrevande industri som står i fare for å bli utkonkurrert av industri i land kor det er billegare å sleppa ut karbondioksid. SØRAL har kraftkontraktar berre ut 2012 og kan vera heilt avhengig av ei slik ordning for å sikra vidare drift, skriv h-avis.no. I revidert nasjonalbudsjett stadfestar regjeringa at dei vil innføra ei kompensasjonsordning også her i landet. Dei positive signala blir mottekne med glede i Hydro-leiinga, som eig halvparten av aluminiumverket på Husnes. | | | | |